Lov om vegar (veglova).

DatoLOV-1963-06-21-23
DepartementSamferdselsdepartementet
Sist endretLOV-2013-06-21-100 fra 01.01.2016, LOV-2015-06-19-65 fra 01.10.2015
PublisertISBN 82-504-1160-9
Ikrafttredelse01.01.1964
Endrer
Kunngjort
KorttittelVeglova - vegl.

Kapitteloversikt:

Tittelen endra med lov 22 juni 2012 nr. 59. - Sjå lov 18 juni 1965 nr. 4 og plan- og bygningslov 27 juni 2008 nr. 71 bl.a. §§ 3-7, 11-7, 12-5, 18-1, 27-4. 28-4. - Sjå tidlegare serleg lov om veivesenet 21 juni 1912 nr. 1.

Kap. I. Inndeling og nedlegging av vegar.

§ 1.Offentlig veg er veg eller gate som er open for allmenn ferdsel og som blir halden ved like av stat, fylkeskommune eller kommune etter reglane i kap. IV. Alle andre vegar eller gater blir i denne lova å rekne for private.

Til veg blir òg rekna opplagsplass, parkeringsplass, haldeplass, bru, ferjekai eller anna kai som står i beinveges samband med veg eller gate.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003, etter res. 20 juni 2003 nr. 712).
§ 1 a.Formålet med denne lova er å tryggje planlegging, bygging, vedlikehald og drift av offentlege og private vegar, slik at trafikken på dei kan gå på eit vis som trafikantane og samfunnet til ei kvar tid kan vere tente med. Det er ei overordna målsetting for vegstyremaktene å skape størst mogleg trygg og god avvikling av trafikken og ta omsyn til grannane, eit godt miljø og andre samfunnsinteresser elles.
0Føyd til med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
§ 2.Offentlige vegar er riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar.

- - -

Departementet kan gi nærare føresegner om gruppering og klassifisering av offentlige vegar.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010).
§ 3.Alle vegar som var riksvegar etter den tidligare veglova, er riksvegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.

Etter at fylkeskommunen - i Oslo kommunen - har uttala seg, kan departementet ta opp fylkesveg, kommunal veg eller privat veg som riksveg.

0Endra med lover 5 juni 1970 nr. 36, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
§ 4.Alle vegar som var fylkesvegar eller bygdevegar etter den tidligare veglova, er fylkesvegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.

Etter at kommunen har uttala seg, kan fylkeskommunen ta opp kommunal veg eller privat veg som fylkesveg.

0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996).
§ 5.Alle vegar som utan å vere tatt opp som bygdevegar etter den tidligare veglova, var haldne ved like av ein kommune, er kommunale vegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.

Kommunen kan gjere vedtak om å ta opp privat veg som kommunal veg. Jamvel om slikt vedtak ikkje er gjort, er ein veg å rekne for kommunal veg når kommunen har tatt over vedlikehaldet etter reglar i plan- og bygningslova.

0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
§ 6.Vedtak om bygging av offentlig veg gjer Stortinget for riksveg, vedkomande fylkeskommune for fylkesveg og vedkomande kommune for kommunal veg.
0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003, etter res. 20 juni 2003 nr. 712).
§ 7.Etter at fylkeskommunen - i Oslo kommunen - har uttala seg, kan departementet gjere vedtak om at riksveg skal leggjast ned eller gjerast om til fylkesveg eller til kommunal veg.

Etter at kommunen har uttala seg, kan fylkeskommunen gjere vedtak om at fylkesveg skal leggast ned eller gjerast om til kommunal veg.

Kommunen kan gjere vedtak om at kommunal veg skal leggast ned.

Vedtak etter første og andre ledd kan likevel ikkje settast i verk utan at vegen oppfyller tekniske krav etter nærare retningsliner gitt av departementet.

0Endra med lover 5 juni 1970 nr. 36, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 15 apr 1997).
§ 8.Blir offentlig veg nedlagt, kan vedkomande styremakt gjere vedtak om at veggrunnen heilt ut eller delvis skal nyttast til anna offentlig vegføremål eller til føremon for ferdsla eller dei vegfarande. Som føremon for ferdsla eller dei vegfarande vert òg rekna at bruer, murar, vegstykke eller andre delar av vegen etter vegstyremakta sitt skjønn er verneverdig slik at den bør haldast ved like for komande slekter.

Nedlagd offentleg veg som ikkje blir nytta til anna føremål etter første ledd, kan vedkommande styremakt legge ut til bruk som privat veg etter denne lova.

Blir offentlig veg nedlagt, og veggrunnen ikkje blir nytta til anna føremål etter første ledd, og vegen heller ikkje blir utlagt til privat veg, har eigar av eigedom som støyter til vegen rett til å krevje veggrunnen lagt til eigedomen sin mot vederlag etter skjønn, eller dersom ny veg skal byggast over eigedomen hans, mot frådrag etter skjønn i vederlaget for eigedomsinngrep til slik veg. Støyter fleire eigedomar til vegen, skal moglig tvist om fordelinga avgjerast ved skjønn.

0Endra med lover 30 juni 1978 nr. 71, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).

Kap. II. Vegstyremaktene.

§ 9.Sentralstyremakt for riksvegar er eit vegdirektorat under leiing av ein vegdirektør. Kongen gir nærare føresegner om korleis Vegdirektoratet skal vere organisert, og kva styringsområde det skal ha, og gir instruks for vegdirektøren. Vegdirektoratet kan etter nærare føresegner fastsett av departementet delegere styremakt til fylkeskommunen, regionvegkontor og kommunen. Regionvegkontoret kan etter nærare føresegner gitt av Vegdirektoratet delegere til kommunen styremakt som regionvegkontoret har etter denne lova når det gjeld riksvegar.

Vegstyremakt for fylkesvegar er fylkeskommunen. Fylkeskommunen kan delegere styremakt til regionvegkontoret og kommunen. Dette gjeld òg delegert styremakt etter første ledd. Regionvegkontoret kan etter nærare føresegner gitt av fylkeskommunen delegere til kommunen styremakt som det har etter denne lova når det gjeld fylkesvegar.

Vegstyremakt for kommunale vegar er kommunen.

0Endra med lover 5 juni 1964 nr. 1, 28 jan 1977 nr. 3, 30 juni 1978 nr. 71, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 10.Landet skal vere inndelt i regionar. I kvar region skal det vere eit regionvegkontor under leiing av ein regionvegsjef.

Regionvegsjefen hører under Vegdirektoratet i saker som gjeld riksvegar, og under fylkeskommunen i saker som gjeld fylkesvegar.

Når det gjeld arbeid med saker som gjeld fylkesvegar, er det fylkeskommunen som har ansvaret som arbeidsgjevar etter reglane i skadeserstatningslova § 2-1 for dei tilsette ved regionvegkontoret.

Kongen gir nærare føresegner om korleis regionvegkontoret skal vere organisert, og om kva styringsområde det skal ha, og kan då fastsette kor mange veganlegg eit regionvegkontor skal planlegge og gjennomføre. Kongen gir instruks for regionvegsjefane.

0Endra med lover 5 juni 1970 nr. 36, 31 aug 1990 nr. 55, 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576), 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010).
§ 11.For forvaltningsavgjerder etter denne lova gjeld reglane i forvaltningslova.

Fylkesmannen er klageinstans i avkjørslesaker for riksvegar.

0Endra med lover 19 juni 1969 nr. 54, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 mai 2000, etter res. 7 apr 2000 nr. 317), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000, etter res. 7 apr 2000 nr. 318).

Kap. III. Planlegging, anlegg og vedlikehold av veg.

§ 12.Planlegging av riksveg, fylkesveg og kommunal veg skal skje etter reglane om planlegging i plan- og bygningslova.
0Endra med lover 14 juni 1985 nr. 77, 21 apr 1989 nr. 17, 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000, etter res. 7 apr 2000 nr. 318).
§ 13.Departementet gir føresegner om anlegg av offentlig veg (vegnormalar).
§ 14.Når Stortinget har gjort vedtak om bygging eller utbetring av riksvegar, kan Vegdirektoratet fastsette at vedkomande kommune skal syte for eigedomsinngrep etter §§ 49 og 50, jfr. § 60, og for å få gjort arbeidet på riksvegstrekningar som ligg i kommunen. Arbeidet skal gjerast i samsvar med godkjent plan.
0Endra med lov 30 juni 1978 nr. 71.
§ 15.Når fylkeskommunen har gjort vedtak om bygging eller utbetring av fylkesveg kan fylkeskommunen fastsette at vedkomande kommune skal syte for eigedomsinngrep etter §§ 49 og 50, jfr. § 60, og for å få gjort arbeidet på fylkesvegstrekningar som ligg i kommunen. Arbeidet skal gjerast i samsvar med godkjent plan.
0Endra med lover 30 juni 1978 nr. 71, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996).
§ 16.Departementet gir nærare føresegner om drift og vedlikehald av offentlig veg. Departementet avgjer i tvilstilfelle med endelig verknad kva som skal reknast som vedlikehald.
0Endra med lov 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010).
§ 17.Vegdirektoratet kan fastsette at riksvegstrekningar i ein kommune skal haldast ved like av kommunen.
§ 18.Fylkeskommunen kan fastsette at fylkesvegstrekningar i ein kommune skal haldast ved like av kommunen.
0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996).

Kap. IV. Vegutgifter.

§ 19.Staten ber utgiftene til den sams vegadministrasjonen i fylka.
§ 20.Staten ber utgiftene til planlegging, bygging, utbetring, vedlikehald og drift av riksvegar, her òg utgiftene til eigedomsinngrep. Fylkeskommunen ber desse utgiftene for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar.

Det som er fastsett i første ledd er ikkje til hinder for at vegstyremaktene i særlege høve blir samde om ei nærare fastsett fordeling når det gjeld utgifter til planlegging, bygging og utbetring av veg.

Syter ein kommune for utgifter etter denne paragrafen, gitt med pålegg frå stat eller fylke med heimel i §§ 14, 15, 17 eller 18, skal dei utgiftene kommunen har, refunderast etter retningsliner som departementet fastset.

0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
§ 21.Paragrafen her gjeld avtalar mellom vedkomande vegstyremakt og det selskapet som skal finansiere og stå for utbygging av ein offentleg veg, og stå for drift og vedlikehald av vegen i minst ti år etter at han er opna for trafikk.

Paragrafen gjeld berre dersom det følgjer av avtalen at minst halvparten av selskapet sitt vederlag skal betalast etter at vegen er opna for trafikk, og at dette vederlaget skal betalast i samsvar med avtalen fram til selskapet si plikt til å drifte og vedlikehalde vegen tek slutt.

Om det vert opna konkurs i selskapet sitt bu, har konkursbuet ikkje rett til å tre inn i ein avtale som nemnt i paragrafen her.

Departementet kan gje føresegner om utfylling og gjennomføring av paragrafen her.

0Endra med lover 5 juni 1970 nr. 36, 20 des 1974 nr. 75, 30 juni 1978 nr. 71, 31 mai 1985 nr. 41, oppheva med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996, etter res. 1 mars 1996 nr. 226), føyd til igjen med lov 15 des 2006 nr. 92 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 15 des 2006 nr. 1421).
§ 22.(Oppheva med lov 1 mars 1996 nr. 11.)
§ 23.(Oppheva med lov 1 mars 1996 nr. 11.)
§ 24.(Oppheva med lov 1 mars 1996 nr. 11.)
§ 25.(Oppheva med lov 1 mars 1996 nr. 11.)
§ 26.Har minst 2/3 av dei interesserte eigarar eller brukarar av matrikulert jord eller annen fast eigedom gitt tilsegn om å yte tilskott til bygging eller utbetring av fylkesveg eller kommunal veg med arbeid eller pengar eller på annen måte, og har dei gjort vedtak om å dekke minst halvparten av det tilskottet som kommunen eller fylkeskommunen har rekna med frå dei interesserte, har alle interesserte plikt til å skyte til ein tilmålt part til tiltaket, slik at også resten blir dekt. Det skal avgjerast ved skjønn korleis det tilskottet som vantar frå dei interesserte skal delast mellom dei.

Ingen kan påleggast eit større tilskott enn det som svarar til den nytten som skjønnet finn at han vil ha av vegen, i tilfelle med frådrag for det frivillige tilskottet hans. Når det nemnde omsynet er tatt, kan det ved fastsetting av det tvungne tilskottet også takast omsyn til den økonomiske evna åt den tilskottspliktige. Spørsmålet om kven som skal reknast å vere interessert i vegen, skal avgjerast ved skjønn.

Kommunen ber utgiftene til underskjønn etter denne paragrafen.

0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996).
§ 27.Med samtykke frå Stortinget kan departementet fastsette at det skal krevjast bompengar på offentleg veg, fastsette storleiken på avgiftene, og sette vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane. Bompengane kan nyttast til alle tiltak som denne lova gir heimel for. Dessutan kan dei nyttast til investeringar i faste anlegg og installasjonar for kollektivtrafikk på jernbane, inkludert sporveg og tunnelbane. Som del av ein plan om eit heilskapleg og samordna transportsystem i eit byområde, kan bompengar nyttast til tiltak for drift av kollektivtrafikk.

Departementet kan i forskrift fastsettje mellombelse tidsdifferensierte bompengetakstar til bruk i avgrensa periodar innanfor bompengesystem i byområde når det er fare for og ved overskriding av grenseverdiane for konsentrasjon av forureining i luft utandørs fastsett i forskrift med heimel i forurensningsloven § 9. Bruken av takstane føreset vedtak av kommunen og fylkeskommunen.

Med samtykke frå departementet kan rett til å krevje inn bompengar pantsetjast. Ei slik pantsetjing omfattar den rett pantsetjaren har til den eller dei eigedomane der det ligg eller skal liggja bomstasjon eller til eigedom som har samanheng med drifta av bompengeinnkrevinga. Panterett i rett til å krevje inn bompengar får rettvern ved å tinglysast i grunnboka på den eller dei eigedomane som er nemnde i førre punktum. Andre fordringshavarar enn panthavaren har ikkje rett til dekking i retten til å krevje inn bompengar.

Departementet kan gje reglar om tilleggsavgift ved unnlatt betaling av bompengar.

0Endra med lover 10 juni 1988 nr. 47, 17 des 1993 nr. 129, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 4 apr 2008 nr. 8 (ikr. 4 apr 2008, etter res. 4 apr 2008 nr. 318), 22 juni 2012 nr. 59.
§ 27 A.Under spesielle geografiske tilhøve og når dei lokale tilhøva elles ligg til rette for det, kan departementet med samtykke frå Stortinget fastsette at det skal krevjast inn finansieringstilskot på omsetting av drivstoff til motorvogn og fastsette storleiken på tilskotet. Tilskotsmidlane kan berre nyttast til finansiering av bygging av offentleg veg.

Departementet gjev nærare føresegner om gjennomføringa av denne paragrafen.

0Føyd til med lov 18 mai 1990 nr. 13.
§ 28.Dersom andre enn stat, fylkeskommune eller kommune har ei særskilt plikt til å yte tilskott til anlegg eller vedlikehald av offentleg veg, skal føresegnene i denne lova ikkje gjere noko endring i dette. Føresegnene i § 20 gjer inga endring i den plikt som etter eldre lokale reglar i einskilde kommunar måtte kvile på eigarane av tilstøytande grunn til å syte for snørydding o.l. på fortau.
0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).

Kap. V. Byggverk m.m., avkjørsle, gjerde og grind.

§ 29.Langs offentleg veg skal det vere byggegrenser fastsette med heimel i denne lova, dersom ikkje anna følgjer av arealdel av kommuneplan eller reguleringsplan etter plan- og bygningsloven. Byggegrensene skal ta vare på dei krava som ein må ha til vegsystemet og til trafikken og til miljøet på eigedom som grenser opp til vegen og medverke til å ta vare på miljøomsyn og andre samfunnsomsyn.

Byggegrensene skal gå i ein avstand på 50 meter frå riksveg og fylkesveg og 15 meter frå kommunal veg. For gang- og sykkelveg er avstanden 15 meter (anten vegen er riksveg, fylkesveg eller kommunal veg). Føresegnene i dette leddet gjeld dersom ikkje anna følgjer av føresegnene i tredje, fjerde og femte ledd. Avstanden skal reknast frå midtlina i høvevis kjørebana, eller gang- og sykkelvegen. Har vegen åtskilde kjørebaner, eller er det tvil om kva som bør reknast for midtline, avgjer vegstyremakta kva line avstanden skal reknast frå.

Departementet kan for særskilt fastsette riksvegstrekningar sette større eller mindre avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 100 meter. For fylkesveg kan fylkeskommunen for særskilt fastsette strekningar sette ein større avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 50 meter.

For fylkesveg kan fylkeskommunen for særskilt fastsett strekning sette byggegrensa til ein mindre avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje mindre enn 15 meter.

Ved kryss i plan mellom

1)offentlege vegar,
2)offentlege vegar og andre vegar som er opne for allmen ferdsle,
3)offentlege vegar og jarnveg eller sporveg,

skal byggegrensa følgje den rette lina mellom punkt på midtlina åt vegane (jernbana, sporvegen) 60 meter frå skjeringspunktet åt midtlinene ved kryss med riksveg og fylkesveg og 40 meter frå skjeringspunktet ved andre kryss. I særskilde høve kan vegstyremakta fastsette ei anna byggegrense for det einskilde krysset. Høyrer dei kryssande vegane ikkje under same vegstyremakt, tar den høgste av desse styremaktene avgjerd i saka.

Før det blir tatt avgjerd etter tredje, fjerde eller femte ledd, skal vedkomande kommune få høve til å seie si meining. Eigarane av dei eigedomar som vedtaket får verknad for, skal gis skriftlig melding om avgjerda.

Dei avstandane som er oppgitt i denne paragrafen, skal målast vassrett og i rett line.

0Endra med lover 14 juni 1985 nr. 77, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000, etter res. 7 apr 2000 nr. 318), 27 juni 2008 nr. 71 (ikr. 1 juli 2009, etter res. 12 juni 2009 nr. 638), 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010).
§ 30.Byggverk, her òg laus kiosk, opplag eller anna større innretning må ikkje utan særskilt løyve plasserast innafor byggegrenser som er fastsette i eller med heimel i § 29.

Føresegnene i første ledd skal gjelde tilsvarande for vareramper, murar og liknande innretningar, for utsprengde og utgravne rom og for nettstasjonar og andre byggverk m.v. i tilknyting til leidningar som nemnde i § 32. Det same gjeld for gjerde som kan hindre fri sikt, dersom ikkje anna følgjer av §§ 44 flg.

Løyve etter første ledd gir regionvegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar.

Etter nærare føresegner som vegstyremaktene fastsett, kan skogsvirke plasserast ved offentlig veg.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hhv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 30 a.Erstatning på grunn av byggegrenser fastsette i eller i medhald av § 29, jfr. § 30, kan bortsett frå i ekspropriasjonssak berre krevjast av den som har søkt om løyve etter § 30 og som, etter at han har fått avslag, har klaga saka inn for høgre styremakt og har fått klageavgjerda mot seg. Kravet vert forelda eit år etter at vedkommande har fått melding om avgjerda eller er blitt kjent med eller burde ha gjort seg kjent med henne.

Første leden gjeld tilsvarande for krav om erstatning for forbod fastsette i eller i medhald av føresegnene i §§ 32-35.

0Føyd til med lov 21 mai 1967 nr. 4.
§ 31.Tre, busker og annen plantevekst innafor byggegrenser som er fastsette i eller med heimel i § 29, kan påbydast borttatt eller skorne ned i den mon det blir funne naudsynt av omsyn til ferdsla eller vegvedlikehaldet.

Eigar eller rettshavar har krav på vederlag etter skjønn for skade og ulempe som er ei følgje av påbodet, og for utgifter med borttaking eller nedskjering.

Vil eigaren eller rettshavaren ikkje etterkome påbodet i første ledd innan den fristen som er fastsett i påbodet eller seinare, kan vegstyremakta syte for at arbeidet blir gjort. I så fall skal eigaren eller rettshavaren ha vederlag etter skjønn for skade og ulempe.

Er det i tide gitt skriftlig melding om at det ikkje er tillate å plante slike vekstar, har eigaren eller rettshavaren ikkje krav på vederlag.

Påbod etter første ledd gir regionvegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000, etter res. 7 apr 2000 nr. 318), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 32. Elektrisk eller annen kraftleidning, telegraf- eller telefonleidning, vass-, kloakk- eller annen leidning eller renne av alle slag, løypestreng, taubane eller privat skinnegang eller feste for leidning m.m. som nemnt, må ikkje utan særskilt løyve leggast over, under, langs eller nærare offentlig veg enn 3 meter frå vegkant, målt vassrett. Dersom omsynet til trygg ferdsel, vegvedlikehaldet eller moglig seinare utbetring av vegen tilseier det, kan vegstyremakta for særskilt fastsatte strekningar sette ein større avstand, men ikkje større enn til byggegrensa for vedkomande veg. Desse reglane gjeld også dersom det i anna lov er gitt høve til å føre leidning eller renne over, under eller langs eigedomsområdet for offentlig veg.

Løyve etter første ledd gir regionvegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar.

Departementet gir nærare føresegner om utgiftsdeling og sakshandsaming i samband med løyve etter denne paragrafen og § 30.

0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hhv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996).
§ 33. Reklameskilt eller liknande innretning må ikkje utan løyve plasserast ved offentleg veg eller plasserast slik at dei er retta mot vegtrafikken eller er synleg for dei vegfarande. Reklameskilt eller liknande innretning som syner namnet åt ei verksemd eller kva verksemd det er, eller som på annan måte reklamerer for verksemda, kan likevel plasserast på bygningane åt verksemda utan løyve. Finn vegstyremakta at eit slikt reklameskilt eller liknande innretning er trafikkfarleg, kan ho gi påbod om å fjerne dette etter regelen i fjerde ledd.

Løyve kan gjevast inntil vidare eller for ei avgrensa tid dersom vegstyremakta finn at reklameskiltet eller innretninga ikkje vil vere trafikkfarleg. Som trafikkfarleg reklame reknar ein innretning som kan takast for trafikksignal, vegskilt eller vegmerking, eller hindre den frie sikta langs vegen, eller som kan trekkje dei vegfarande si merksemd vekk frå vegen eller trafikken.

Med sikte på å unngå fare for dei vegfarande, kan departementet sette forbod mot visse slag reklameskilt og liknande innretningar og mot å sette slike skilt og innretningar på visse stader eller ved visse vegstrekningar.

Blir reklameskilt eller liknande innretning plassert i strid med det som er fastsett i eller med heimel i denne lova, eller blir reklameskiltet eller innretninga endra slik at desse blir i strid med lova, kan vegstyremakta straks syte for at dei blir tekne bort, flytta eller endra. Den ansvarlege lyt då bere kostnaden, dersom han ikkje sjølv syter for å ta bort, flytte eller endre reklameskiltet eller innretninga innan ein fastsett frist. Dersom vegstyremakta finn det naudsynt av omsyn til trafikktryggleiken, kan førehandsvarsel etter forvaltningslova unnlatast. Varsel som gjeld mange einskilde partar kan kunngjerast i eit blad som blir vanleg lese på staden.

Avgjerd etter første, andre og fjerde ledd blir teken av regionvegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og av kommunen for kommunale vegar.

0Endra med lover 17 des 1993 nr. 129, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 34. Når byggverk eller anna innretning som nemnt i §§ 30 eller 32 heilt eller delvis ligg eller er plassert i strid med denne lova eller med føresegner gitt med heimel i lova, må byggverket eller innretninga ikkje utan særskilt løyve på nokon måte endrast slik at byggverket eller innretninga vert meir i strid med lova. Byggverket eller innretninga må heller ikkje utan slikt løyve takast i bruk til vesentlig anna føremål enn før.

Løyve etter første ledd gir regionvegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 35. Blir byggverk eller anna innretning som nemnt i §§ 30, 32 eller 33 rive ned eller øydelagt ved brann eller på annan måte, anten heilt ut eller i så stor mon at reparasjon vil bli ei vesentleg oppattnying, må oppattbygging berre gjennomførast i samsvar med føresegnene i §§ 29, 30, 32 og 33.
0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
§ 36.Blir byggverk eller anna innretning som nemnt i §§ 30 eller 32 plassert eller endra i strid med det som er fastsatt i eller med heimel i denne lova, kan innretninga takast bort, flyttast eller endrast. Den ansvarlege lyt då bere kostnaden, dersom han ikkje sjølv syte for å ta bort, flytte eller endre innretninga innan ein fastsett frist.

Regionvegkontoret tar avgjerd etter første ledd for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen tar slik avgjerd for kommunale vegar.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hhv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 37.Eldre byggverk eller anna innretning som nemnt i §§ 30, 32 eller 33 kan mot vederlag fastsett ved skjønn krevjast borttatt eller flytt til slik avstand frå veg eller vegkryss som følgjer av føresegnene i §§ 29, 32 eller 33. Innretning plassert i strid med dei føresegnene som gjeld før lova blir sett i kraft, er for så vidt underlagde reglane i § 36.

Regionvegkontoret tar avgjerd etter første ledd for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen tar slik avgjerd for kommunale vegar.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hhv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 38. Når arbeid med ein plan for offentleg veg er kome så langt at veglina kan visast i marka, kan vegstyremakta vedta at grunn som vil liggje innafor byggegrenser etter § 29, ikkje må byggast på eller nyttast på ein måte som vil kome i strid med lova her.

Når plan for offentleg veg er endeleg vedtatt, kan grunn som vil liggje innafor byggegrenser som er fastsette i eller med heimel i § 29, ikkje byggast på eller nyttast på ein måte som vil kome i strid med lova her.

Før det blir tatt avgjerd etter første ledd for riksveg eller fylkesveg, skal vedkomande kommune få høve til å uttale seg.

Er veglina ikkje endeleg vedtatt seinast 2 år - for stamveg seinast 10 år - etter at det er lagt ned forbod, fell forbodet bort. Vegstyremakta kan lenge fristen, men ikkje for meir enn 1 år om gongen.

0Endra med lover 29 mai 1981 nr. 39, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
§ 39.(Oppheva med lov 29 mai 1981 nr. 39.)
§ 40.Avkjørsle frå offentleg veg må berre byggast eller nyttast etter reguleringsplan eller arealdel av kommuneplan etter plan- og bygningsloven.

Ligg det ikkje føre nokon reguleringsplan som nemnd, eller planen ikkje omfattar avkjørsle må avkjørsle frå riksveg eller fylkesveg ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå regionvegkontoret og avkjørsle frå kommunal veg ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå kommunen.

Regionvegkontoret kan krevje at avkjørsle frå riksveg eller fylkesveg skal byggast etter ein plan det godkjenner. Kommunen kan krevje at avkjørsle frå kommunal veg skal byggast etter ein plan den godkjenner.

Er arbeidet med avkjørsla ikkje sett i gang innan 3 år etter at løyve er gitt, fell løyvet bort.

0Endra med lover 29 mai 1981 nr. 39, 14 juni 1985 nr. 77, 31 aug 1990 nr. 55, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hhv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000, etter res. 7 apr 2000 nr. 318), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576), 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003, etter res. 20 juni 2003 nr. 712), 27 juni 2008 nr. 71 (ikr. 1 juli 2009, etter res. 12 juni 2009 nr. 638), 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010).
§ 41.Regionvegkontoret kan påby avkjørsle frå riksveg eller fylkesveg flytt eller endra, eller avgrense bruken eller nekte bruken av slik avkjørsle.

Kommunen kan ta avgjerd etter første ledd for kommunale vegar.

Naudsynte utgifter til flytting eller endring av lovleg avkjørsle kan det krevjast vederlag for. Likeeins kan det, i samband med flytting av avkjørsle, krevjast vederlag for naudsynte utgifter til flytting, endring eller lengning av privat veg fram til avkjørsla. Det same gjeld utgifter til flytting, ombygging eller endring av byggverk eller anlegg som avkjørsla gjer naudsynt. Det skal takast omsyn til verdauke som den nye avkjørsla eller vegen tilfører eigedomen. Dette skjer ved frådrag i vederlaget eller refusjon frå eigaren dersom avkjørsla eller vegen alt er bygd.

0Endra med lover 29 mai 1981 nr. 39, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 19 juni 1997 nr. 81, 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 42.Blir avkjørsle bygd eller nytta i strid med det som er fastsatt i eller med heimel i denne lova, kan det gis påbod om at avkjørsla skal stengast, endrast eller flyttast på den ansvarlige sin kostnad.

Regionvegkontoret tar avgjerd etter første ledd for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen tar slik avgjerd for kommunale vegar.

0Endra med lover 14 juni 1985 nr. 77, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 43.Avkjørsle skal byggast og haldast ved like i samsvar med reglar som Vegdirektoratet fastsetter. Så langt det ikkje er fastsett noko anna, skal desse reglane gjelde i staden for vilkår som tidligare måtte vere sette for løyve til avkjørsla. I reglane kan det fastsettast at det skal gjelde særlege frisiktliner mellom avkjørsla og den offentlige vegen. Om vegstyremakta finn det naudsynt, kan slike frisiktliner òg gjerast gjeldande utanom byggegrensene. Vegstyremaktene kan òg sette som vilkår for løyve til avkjørsle i det einskilde tilfellet at eigaren eller brukaren av avkjørsla syter for å halde fri sikt etter slike liner som er fastsette av vegstyremakta.

Eigaren eller brukaren av eigedomen er ansvarlig for vedlikehald av avkjørsle til eigedomen. Er vedlikehaldet ikkje forsvarlig, kan det, så langt det blir funne naudsynlig, gjerast på den ansvarlige sin kostnad.

Er avkjørsle bygd og halden ved like i samsvar med fastsette reglar, syter vegstyremakta for at vasslaup under avkjørsla blir halde ope.

Regionvegkontoret tar avgjerd etter denne paragrafen for riksvegar og fylkesvegar og kommunen tar slik avgjerd for kommunale vegar.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hhv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 44. Om ikkje anna er fastsett etter vilkåra for oreigningsskjønn eller avtale, gjeld slike reglar om gjerdehald ved offentlig veg:

Dersom vegstyremakta finn at det bør vere gjerde mot offentlig veg av omsyn til vegen eller ferdsla på vegen, vert gjerdet sett opp og halde ved like av vegstyremakta.

Så langt gjerde må reknast naudsynt for å verne eigedomen mot husdyr, kan eigar eller brukar av grunn ved offentlig veg krevje at vegstyremakta gir vederlag etter skjønn for utgifter til å sette opp og halde ved like gjerde. Er eigar (brukar) og vegstyremakta usamde om det er naudsynt å ha gjerde, skal usemja avgjerast ved skjønn.

Eigar (brukar) som treng gjerde for å verne eigedomen mot husdyr, kan krevje at annan eigar (brukar) i staden set opp gjerde på eigedomen sin dersom det gir ei monalig lettare eller billigare løysing. Vegstyremakta kan òg fremje slikt krav. Den eigar (brukar) som må sette opp og halde ved like gjerde, kan krevje vederlag etter skjønn. Skjønnet kan avgjere om vilkåra for å krevje gjerde er til stades.

Dersom vegstyremakta finn at gjerde som ho ikkje sjølv har sett opp, bør flyttast eller endrast i samsvar med føresegnene i § 45, kan vegstyremakta krevje at eigar eller brukar av grunn ved vegen skal gjere dette mot vederlag etter skjønn.

0Endra med lov 5 juni 1964 nr. 1.
§ 45. Gjerde som nemnt i § 44 skal plasserast på veggrunnen ved eigedomsgrensa, dersom ikkje vegstyremakta av omsyn til terrengtilhøva eller av andre grunnar fastsetter ei anna plassering.

Vegdirektoratet gir nærare reglar om korleis gjerde skal innrettast, settast opp og haldast ved like.

§ 46.Føresegnene i §§ 44 og 45 gjeld berre så langt som ikkje anna er eller blir fastsett om gjerde etter plan- og bygningslova.
0Endra med lov 14 juni 1985 nr. 77.
§ 47.Er gjerde oppsett eller innretta i strid med det som er fastsett i eller med heimel i § 45, eller blir det ikkje halde forsvarlig ved like, kan vegstyremakta syte for at det blir flytt, rive, endra eller sett i stand.
§ 48.Grind eller ferist må ikkje utan løyve plasserast på offentlig veg der det ikkje før har vore slik innretning. Løyvet kan takast attende med to års varsel. Er det på det reine at grinda eller ferista ikkje er naudsynlig, kan det likevel krevjast at ho skal takast bort straks.

Vegdirektoratet gir reglar om korleis grinder og ferister skal vere, og om vedlikehaldet av dei.

Lovlig grind eller ferist på offentlig veg kan krevjast borttatt mot vederlag etter skjønn. Finn vegstyremakta det føremålstenlig, kan ho syte for at det i staden for grind blir lagt og halde ved like ferist eller anna liknande innretning.

Eigar av grind på offentlig veg kan etter at han har fått løyve til det, legge ferist eller anna liknande innretning for på den måten å oppfylle gjerdehaldsplikta si.

Det kan gis påbod om at ulovlig grind, ferist eller liknande innretning på offentlig veg skal fjernast eller endrast innan ein fastsett frist. Blir fristen ikkje halden, kan arbeidet gjerast på den ansvarlige sin kostnad.

Vedtak om løyve, påbod m.m. etter denne paragrafen gjer regionvegkontoret for riksveg og fylkesveg, og kommunen for kommunal veg.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).

Kap. VI. Eigedomsinngrep m.m.

§ 49. Eigedomsinngrep etter denne lova er det når eigedomsretten til fast eigedom eller bygning eller anna som har fast tilknytnad til slik eigedom, blir tatt med tvang, eller når bruksrett, servitutt eller annen rett til, i eller over eigedom som nemnt blir tatt, endra, overført eller avløyst med tvang.
§ 50.Mot vederlag etter skjønn til den det råkar, kan eigedomsinngrep settast i verk etter vedtak av vegstyremakta så langt ho finn at det trengs til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av riksveg, fylkesveg eller kommunal veg. Slikt eigedomsinngrep kan òg gjelde grunn og rettar til bate for tredjemann så langt det trengs for vegen eller ferdsla på vegen eller for å skaffe tredjemann tilgjenge til offentlig veg.

Til bate for ein som lyt tola eigedomsinngrep etter første leden, kan vegstyremakta gjere vedtak om at det skal gjerast eigedomsinngrep hjå ein annan eigar eller rettshavar, så framt skaden og ulempene då alt i alt vert monaleg mindre.

I vedtak om eigedomsinngrep kan vegstyremakta heilt eller delvis overlate til skjønnet å ta avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på eller kva omfang det skal ha. Skjønnet kan då òg gjere vedtak etter andre leden i paragrafen her. Skjønnet kan fastsette at det ved eigedomsinngrep etter denne paragrafen skal ytast grunn som vederlag for grunn og rettar som blir avstått.

Kongen kan gi føresegner om saksførehavinga etter paragrafen her.

0Endra med lov 29 mai 1981 nr. 39.
§ 51.Så langt vegbrot, fare for vegbrot eller liknande omstende gjer det naudsynlig, kan eigedomsinngrep settast i verk straks, før vederlag er fastsett, og utan at reglane i skjønnslova § 55 skal gjelde. Skjønn må i dette tilfelle krevjast snarast råd er, og seinast innan tre månader etter at inngrepet vart sett i verk.

Vedtak om inngrep etter denne paragrafen gjer regionvegkontoret for riksveg og fylkesveg, og kommunen for kommunal veg.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002, etter res. 21 juni 2002 nr. 576).
§ 52.Når eigedomsrett eller annen rett er vunnen etter §§ 50 eller 51 eller etter avtale, skal det utferdast eit dokument som klårt seier kva rett det er, kor langt han går og kven som skal ha retten. Rett som knyter seg til riksveg, fylkesveg eller kommunal veg, skal i same rekkefylgd ligge hos staten, vedkomande fylkeskommune eller vedkomande kommune.

Omregistrering i grunnboka eller matrikkelen i samband med overføring av vegmyndighet skjer ved namneendring. Det skal ikkje betales dokumentavgift etter § 6 i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift eller rettsgebyr etter § 21 i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr ved overføringa.

0Endra med lov 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010).

Kap. VII. Private vegar.

§ 53.Jordskifteretten kan gjere vedtak om eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg, her òg gangstig, kløvveg og liknande, mot vederlag til den det råkar, dersom det må reknast for klårt at inngrepet vil vere meir til gagn enn skade. På same måte og vilkår kan jordskifteretten òg gi rett til å bruke veg som alt ligg der. Kvar av partane i slik sak kan krevje avgjort om vegretten alt er til, at han vert nærare fastlagt, eller å få bruken flytt.

Slikt eigedomsinngrep kan òg gjelde grunn og rettar til bate for ein som lyt tåle eigedomsinngrep etter første ledd eller for tredjemann, så framt skaden og ulempene då alt i alt vert monaleg mindre.

Jordskifteretten tar avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, kor langt det skal gå, og kva for vilkår som i tilfelle skal settast for inngrepet. Jordskifteretten kan fastsette at vederlag for bruksrett til veg som alt ligg der, skal omfatte ein forholdsmessig part av utgiftene til anlegg og vedlikehald av vegen. Sak for jordskifterett til fastsetting av slikt vederlag kan krevjast av båe partane.

I det mon eigedomsinngrepet gjeld bruksrett eller annan særleg rett, og det er fastsett årleg vederlag, kan partane etter fem år krevje ny behandling av vederlaget, korleis inngrepet skal vere og kor langt det skal gå og andre vilkår for jordskifteretten. Under dei same føresetnader kan eigar eller brukar av den tenande eigedomen også krevje at jordskifteretten avgjer om inngrepet i det heile skal stå ved lag.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736).
§ 54.Når privat veg blir brukt som sams tilkomst for fleire eigedomar, pliktar kvar eigar, brukar eller den som har bruksrett, kvar etter same høvetal som gjeld for den bruk han gjer av vegen, å halde vegen i forsvarlig og brukande stand. Det blir med dette ikkje gjort endring i rettar som måtte vere vunne, eller i føresegner som elles måtte vere gitt for vedlikehaldet av vegen. Plikta kan oppfyllast med yting av materiale eller arbeid eller med betaling av pengar.

Det som i første ledd er fastsatt om vedlikehaldet av vegen, skal på same vilkår gjelde også for utbetring av privat vei.

Blir dei interesserte ikkje samde om korleis plikta til vedlikehald eller utbetring skal fordelast, kan kvar av dei krevje at desse spørsmåla skal avgjerast av jordskifteretten.

Er slik avgjerd og avgjerd etter § 53 tredje ledd teke etter reglar i § 55, må krav om avgjerd vere sett fram innan tre månader etter at mottakaren fekk melding om avgjerda eller kunne ha gjort seg kjent med ho og om fristen.

Når fem år er gått sidan bindande avgjerd er tatt etter reglane i § 55 eller av jordskifteretten, kan dei interesserte eller veglaget krevje ny avgjerd av veglaget eller av jordskifteretten.

0Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736).
§ 55.Dei som har plikter etter § 54 første ledd, utgjer eit veglag. Veglaget skal møtast ein gong i året eller når det er turvande. Det tek fleirtalsavgjerd i alle spørsmål som gjeld vegfellesskapet og står for den daglege drifta.

Når det ikkje er grunn for anna, har einkvar i veglaget ei røyst. Dersom nokon i veglaget blir tillagt større plikt enn andre, skal røysteretten aukast tilsvarande. I mangel av semje om slik fordeling skal veglaget leggje si avgjerd i saka fram til endeleg avgjerd for jordskifteretten etter § 54 tredje ledd.

Veglaget kan for den daglege drifta velje eit styre med eit eller fleire medlemmer til å handsame saker for det, og kan òg vedta vedtekter for laget. På grunnlag av høvetalet etter § 54, fastset veglaget det årlege driftstilskotet frå den einskilde. Veglaget kan òg fastsette vederlaget for bruksrett til veg som alt ligg der. Veglaget har tilsynet med at pliktene blir stetta slik som fastsett av veglaget, jordskifteretten eller på anna vis.

Om nokon ikkje fyller sin part av plikter fastsette etter § 54 og denne paragrafen, kan veglaget gjere vedtak om at arbeidet skal gjerast på den ansvarlege sin kostnad.

Veglaget kan elles ta avgjerd om å

-setje av pengar til eit fond for tiltak til utbetringar,
-ta opp lån,
-fremje søknad om rett til å krevje bompengar,
-gi vilkårsbunden vegrett til nye brukarar og trekkje slik bruksrett tilbake,
-gjere avtale med eigarane til veggrunnen,
-fremje krav om oreigning,
-treffe avgjerd om fartshinder og annan trafikkregulering og om parkering,
-inngå kontrakt om bygging, utbetring og vedlikehald av vegen.

Det som er bestemt i paragrafen her om den einskilde sine rettar og plikter, gjeld òg om ansvaret for drifta av vegen ligg i eit sameige, eit samvirkeføretak, eller er skipa på annan måte.

0Endra med lover 15 des 1967 nr. 2, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000, etter res. 7 apr 2000 nr. 318), 29 juni 2007 nr. 81 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 23 nov 2007 nr. 1287), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736).
§ 56.Med samtykke frå kommunen kan det krevjast bompengar for ferdsel på privat veg. Kommunen skal òg fastsette storleiken på avgifta og kan sette vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane.

Kommunen kan òg fastsette at det kan krevjast tilleggsavgift av eigaren til køyretøyet ved unnlatt betaling av bompengar og fastsette storleiken på tilleggsavgifta.

0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).

Kap. VIII. Ymse føresegner.

§ 57. Det er forbode å skade offentlig veg eller å skade eller ta bort innretning som høyrer til offentlig veg.

På eigedomsområdet til offentlig veg er det forbode utan løyve frå vegstyremakta

1)å grave, sprenge, ta bort masser, hogge tre eller gjere anna inngrep,
2)å sette reklameinnretning eller anna innretning, å legge tømmer, ved, stein, torv, byggemateriale eller anna på annan stad enn der det er laga særskilt offentleg opplagsplass til slik bruk.
3)å kaste eller legge søppel, ugras e.l, eller å leide inn kloakkvatn eller drensvatn.

Heilt nær offentlig veg er det utan løyve av vegstyremakta forbode å legge søppel e.l. på ein slik måte at det kan verke skjemmande eller sjenerande for dei vegfarande eller for drifta av vegen.

Det er forbode å la dyr beite på inngjerda offentlig veg eller å tjore dyr slik at dei kan kome inn på eigedomsområdet til offentlig veg.

0Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
§ 58.På den ansvarlige eller eigaren sin kostnad kan skade som er gjort gjennom brot på føresegnene i § 57, første, andre eller tredje ledd utbetrast, og ting som er lagde eller kasta i strid med dei nemnde føresegnene, kan takast bort eller flyttast. Når tømmer eller anna er lagt på offentlig veg utanfor verksemd, bygg, forretning eller liknande, som endelig eller mellombels skal ta over det som er lagt der, er òg verksemda ansvarlig for betaling av dei utgiftene som er nemnde ovanfor.

Politiet kan ta seg av dyr som i strid med føresegnene i § 57, fjerde ledd, er komne inn på offentlig veg eller eigedomsområdet til offentlig veg. Kan dyret ikkje straks leverast attende til eigaren eller nokon på hans vegner, kan politiet sette det inn. Reglane i kap. II i lov av 16 juni 1961 om ymse beitespørsmål gjeld i så fall tilsvarande.

§ 59.Følgjande krav er tvangsgrunnlag for utlegg:
1)utgifter som kjem på av arbeid eller tiltak som vedkomande styremakt med heimel i denne lova har sett i verk på den ansvarlige sin kostnad,
2)tilskottssum som er fordelt mellom dei interesserte ved skjønn etter § 26,
3)finansieringstilskot etter § 27 A.
0Endra med lover 18 mai 1990 nr. 13, 26 juni 1992 nr. 86.
§ 60.Med unntak av skjønn som nemnt i andre ledd, skal skjønn etter denne lova haldast som rettslege skjønn etter skjønnslova.

Jordskifteretten tek avgjerder og held skjønn etter kapittel VII. Dette gjeld avgjerder og skjønn i samband med sak for jordskifterett og avgjerder og skjønn som eiga sak. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

0Endra med lover 5 juni 1964 nr. 1, 18 juni 1965 nr. 5, 21 des 1979 nr. 77, 18 des 1998 nr. 84 (ikr. 1 jan 1999, etter res. 18 des 1998 nr. 1199), 15 juni 2001 nr. 78 (ikr. 1 juli 2001, etter res. 15 juni 2001 nr. 714), 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 27 juni 2008 nr. 71 (ikr. 1 juli 2009, etter res. 12 juni 2009 nr. 638), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736).
§ 61.Den som med vilje eller aktlaust bryt det som er fastsett i eller med heimel i §§ 27 A, 30, 32, 33, 34, 35, 38, 40, 41, 43, 45, 48 eller 57, blir straffa med bot, dersom tilhøvet ikkje går inn under strengare straffeføresegner.
0Endra med lover 18 mai 1990 nr. 13, 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
§ 62.Kongen kan gi overgangsføresegner og føreskrifter elles til gjennomføring og utfylling av føresegnene i denne lova.

Kongen kan med godkjenning frå Stortinget ta opp eller legge ned riksvegar med verknad frå den tid lova tar til å gjelde utan at føresegnene i §§ 3 og 7 er følgt.

Samferdselsdepartementet kan med samtykke frå Stortinget ta opp veg som riksveg og gjere vedtak om at riksveg vert gjort om til fylkesveg eller kommunal veg i samband med gjennomføring av forvaltningsreforma utan at føresegnene i §§ 3 og 7 er følgt.

Departementet gjev nærare føresegner som pålegg fylkeskommunane, kommunane og private å innhente, kvalitetssikre, formidle og standardisere data som gjeld det offentlege vegnettet og trafikken på det, og å dekke utgifter i samband med dette.

0Endra med lov 19 juni 2009 nr. 109 (tredje ledd ikr. 19 juni 2009, fjerde ledd ikr. 1 jan 2010).
§ 63.Løyve, forbod, vilkår, reglar m.m. som er gitt eller fastsette med heimel i noko lov eller lovføresegn som blir oppheva av denne lova, held fram til dei blir endra eller oppheva med heimel i denne lova.
§ 64.Føresegna i § 52 andre punktum gjeld også eigedomsrett eller annen rett som er vunnen til vegføremål før denne lov tar til å gjelde.

I tilfelle tvist om slik rett, kor langt retten går, grenser m.m., eller om vederlag for retten, kan krav berre reisast mot den som hadde retten før denne lova tok til å gjelde.

§ 65.Blir ein veg tatt opp som riksveg eller fylkesveg etter §§ 3 eller 4, kan vegstyremakta i tilfelle tvist som nemnt i § 64 sette som vilkår at krav må reisast mot den som tidligare hadde retten.

Kap. IX. Sluttføresegner.

§ 66.Denne lova tar til å gjelde frå den dagen Kongen fastsetter det.

Det kan fastsettast at visse deler av lova skal ta til å gjelde frå eit tidligare eller seinare tidspunkt enn andre. Det kan òg fastsettast at lova skal ta til å gjelde for einskilde fylke frå eit seinare tidspunkt enn for andre.

§ 67.Den tid denne lova tar til å gjelde, held følgjande lover opp å gjelde, eller dei blir brigda slik: - - -