Lov om mellomfolkeleg-privatrettslege reglar for lausøyrekjøp [kjøpslovvalgsloven].

DatoLOV-1964-04-03-1
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Sist endret
PublisertISBN 82-504-1164-1
Ikrafttredelse01.09.1964
Endrer
Kunngjort
KorttittelKjøpslovvalgsloven - intprkjl.

Jf. lover 13 mai 1988 nr. 27, 21 juni 2002 nr. 34 § 3.

§ 1.Denne lova gjeld dei lausøyrekjøp som har slik tilknyting til meir enn eit land, at dei vert haldne for mellomfolkelege kjøp.

Lova gjeld likevel ikkje kjøp av registrert skip, båt eller luftfarkost eller av verdepapir og heller ikkje sal i tvangsfullføring eller i rettsåtgjerd av anna slag.

Avtale om å overlata ting som fyrst skal tilverkast, vert rekna for kjøpeavtale når overlataren skal halda dei råemne som trengst.

§ 2.Lova gjeld ikkje
a)spursmål om den rettslege handle-evna,
b)spursmål om eller kor langt ei fullmakt gjev evne til å gjera bindande kjøp eller sal og om tilsvarande evne til å vera målsmann elles i bindande kjøp eller sal,
c)spursmål om avtaleforma,
d)spursmål om kva verknad kjøpet har for andre enn partane (kjøpar og seljar).
§ 3. Kjøpet står under rettsreglane i det landet som kjøpar og seljar har avtala med reine ord eller som på annan måte går klårt fram av avtalen.

Spursmål om det er gjort bindande semje om at kjøpet skal stå under rettsreglane i eit serskilt land, vert avgjort etter rettsreglane i det landet det er tale om.

§ 4. Er det ikkje gjort avtale som nemnt i § 3, står kjøpet under rettsreglane i det landet der seljaren hadde bustad då han tok mot tinginga frå kjøparen. Vart tinginga motteken på ein forretningsstad som seljaren hadde, står kjøpet under rettsreglane i det landet der forretningsstaden er.

Tok seljaren eller målsmannen hans mot tinginga i det landet der kjøparen hadde bustad eller den forretningsstaden som tinginga kom frå, står kjøpet under rettsreglane i det landet.

Kjøp på børs eller auksjon står under rettsreglane i det landet der børsen er eller auksjonen vert halden.

§ 5.Framgangsmåten og frestane for etterrøkjing av kjøpetingen står under rettsreglane i det landet der etterrøkjingane skal gjerast, når inkje anna er avtala med reine ord. Rettsreglane i det landet gjeld og for melding om etterrøkjingar og om kva steg det skal takast når kjøpetingen vert avvist.
§ 6. Ein framand rettsregel som ikkje er samhøveleg med ålmennskipnaden (l'ordre public) her i riket, kan ikkje nyttast etter denne lova.
§ 7.Kongen avgjer kva tid denne lova skal taka til å gjelda.1
1Frå 1 sep 1964, etter res. 3 apr 1964.