Lov om hevd [hevdslova].

DatoLOV-1966-12-09-1
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Sist endretLOV-2001-04-06-12 fra 01.03.2002
PublisertISBN 82-504-1188-9
Ikrafttredelse01.01.1967
Endrer
Kunngjort
KorttittelHevdslova - hevdsl.

Kapitteloversikt:

Jf. lover 17 juli 1925 nr. 11 (Svalbard) § 22, 27 feb 1930 nr. 2 (Jan Mayen) § 3 og 27 feb 1930 nr. 3 (Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land) § 3. - Jf. tidlegare NL 3-12-2, 5-3-28 og 4 og 5-7-13 og lov 28 mai 1874 §§ 1-2.

Kva lova gjeld.

§ 1.Etter denne lova kan det vinnast hevd på eigedomsrett eller bruksrett til ting.

Med ting er meint fast eigedom, lausøyre og rettsgilde verdepapir. Med verdepapir er meint omsetningsgjeldsbrev og dermed likestilte dokument og omsetningspapir som representerer retten til ein part i eit selskap.

Likt med bruksrett er rekna handpantrett.

Det kan ikkje vinnast hevd til lausøyre som har arkeologisk, forhistorisk, historisk, litterær, kunstnarisk eller vitskapleg verde, og som er teke frå nokon

a)ved tjuveri, brukstjuveri, ran eller anna vald eller trugsmål om vald, eller
b)ved at lausøyret er ulovleg utgrave, eller halde attende ulovleg i samband med ei lovleg utgraving.

Det kan heller ikkje vinnast hevd til lausøyre som vert omfatta av lov om godtroerverv av løsøre 2. juni 1978 nr. 37 § 2 nr. 2.

I avtale med framand stat kan det gjerast unntak frå føresegnene i lova her.

0Endra med lover 2 juni 1978 nr. 37, 13 juni 1997 nr. 44 (ikr. 1 jan 1999 iflg. res. 17 juli 1998 nr. 615), 26 juni 1998 nr. 46, 6 apr 2001 nr. 12 (ikr. 1 mars 2002).

Eigedomshevd.

§ 2.Den som har ein ting som sin eigen 20 år i samanheng, hevdar eigedomsrett.

For lausøyre og verdepapir er hevdstida 10 år.

§ 3.Har to eller fleire ein ting etter kvarandre i samanheng og overgangen mellom dei er lovleg, er hevd fullført når hevdstida etter § 2 er ute.
§ 4.Den som veit at han ikkje eig tingen, hevdar ikkje. Det same gjeld den som ikkje veit det avdi han ikkje har vore så aktsam som han burde etter tilhøva.

Heller ikkje kan nokon hevda når verja eller ein annan som styrer med tingen for han, har kunnskap som nemnt eller ikkje er aktsam nok.

§ 5.Den som har tingen til forvaring, leige, lån eller pant, kan ikkje hevda eigedomsrett. Det same gjeld den som har ein annan rett til å sitja med tingen.
§ 6.Hevdinga stoggar når det vert reist søksmål mot hevdaren om retten til tingen, såframt det endar med at saksøkjaren får medhald.

Det same gjeld når hevdaren misser tingen og ikkje får han att innan 2 år, eller ikkje innan same frist reiser søksmål om tingen eller krev tingen att frå den som sit med han i samsvar med lova om hittegods.

Kjem tingen til rette eigar, stoggar hevdinga i alle tilfelle.

Brukshevd.

§ 7.Den som brukar eller har tingen som om han var bruksrettshavar, hevdar bruksrett. Dette gjeld og for særlege bruksrettar som vegrett og anna.

Føresegnene i §§ 2-6 gjeld tilsvarande.

§ 8.For rett over framand eigedom til bruk som ikkje viser seg av ei fast tilstelling, er hevdstida 50 år. Dette gjeld ikkje rett til naudsynt veg eller opplagsplass.

Likeins er hevdstida 50 år for rett til bruk for folket i ei bygd eller grend, eller i ein by eller annan vid krins.

Mothevd og frihevd.

§ 9. I den mon tingen er bruka i strid med ein særleg rett, fell den retten bort (mothevd).

Dette gjeld og rettar som andre enn mothevdaren har heft på tingen etter at hevdinga tok til.

§ 10. Bruksrettar som rettshavaren let liggja unytta i full hevdstid, fell bort med eigedomshevd eller når eigaren har site med tingen i hevdstid, endå om tingen ikkje er bruka i strid med retten (frihevd). Det same gjeld rett til utreisler og andre grunntyngsler.

Retten fell ikkje bort når det er ei rettsleg hindring som er skuld i at han har vore unytta.

§ 10 a. Utinglyst underpanterett for krav som ikkje bind hevdaren og som andre enn hevdaren har heft på tingen, fell bort med eigedomshevd, såframt retten ikkje vert tinglyst før hevdstida er ute. Tilsvarande gjeld når eigaren har site med tingen i hevdstid.

Tinglyst underpanterett for krav som ikkje bind hevdaren og som andre enn hevdaren har heft på tingen, fell bort når hevdaren har site med tingen i full hevdstid etter at panteretten vart påheft. Tilsvarande gjeld når eigaren har site med tingen i full hevdstid etter at panteretten vart påheft.

Likt med tinglysing reknast registrering i særskilt rettighetsregister for tingen.

0Føyd til med lov 8 feb 1980 nr. 2.
§ 10 b. Når eigedomsretten til eit stykke av ein fast eigedom går over til granne med hevd (grensehevd), får hevdaren stykket fritt frå tinglyst eller utinglyst underpanterett som hefter på den eigedomen det vart hevda frå.
0Føyd til med lov 8 feb 1980 nr. 2.
§ 11.Føresegnene i §§ 2 til 6 gjeld tilsvarande ved mothevd eller frihevd etter §§ 9 til 10 b.
0Endra med lov 8 feb 1980 nr. 2.

Ikraftsetjing.

§ 12.Denne lova tek til å gjelda den 1 januar 1967.

Frå same tid held etternemnde føresegner opp å gjelda: - - -.

Hevd etter føresegnene i lova her er ikkje i noko tilfelle fullførd før 1 januar 1972 utan hevda hadde vore fullførd før den tid etter reglane som galdt til dess lova her tok til å gjelda.