Lov om å setja i verk avtala 18 mars 1965 om løysing av tvistar mellom ein stat og borgarar i andre statar om investeringar

DatoLOV-1967-06-08-3
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Sist endretLOV-2004-05-14-25 fra 01.01.2005
Publisert
Ikrafttredelse
Endrer
Kunngjort
KorttittelLov om internasjonale investeringstvistar

§ 1.Med «avtala» er i denne lov meint den avtala som vart gjord i Washington 18 mars 1965 etter opptak frå Den mellomfolkelege banken for atterreising og framvokster, og som gjeld løysing av tvistar mellom ein stat og borgarar i andre statar om investeringar.

Under «skilsdom» går her og avgjerder etter artiklane 50, 51 eller 52 i avtala om at ein skilsdom kan verta tolka, brigda eller gjord om inkje.

§ 2.Skilsdom som er gjord med heimel i avtala, er bindande her i riket.

Går ein skilsdom ut på at nokon skal reida ut pengar kan skilsdomen fullførast her i riket so framt fullføringa ikkje er utdrygd etter reglane i avtala. Krav om fullføring vert framsett for nåmsmannen. Tvangsfullbyrdelsesloven § 4-2 fjerde ledd gjeld ikkje for fullføring av skilsdom som er gjord med heimel i avtala.

Vert det opplyst at fullføring er utdrygd etter reglane i avtala, skal ei fullføringssak som går her i riket, likeins utsetjast. Elles kan fullføring her ikkje utdrygjast av di det er kravt at skilsdomen skal verta tolka, brigda eller gjord om inkje etter reglane i avtala.

0Endra med lov 14 mai 2004 nr. 25 (ikr. 1 jan 2005 iflg. res. 14 mai 2004 nr. 751).
§ 3.Det mellomfolkelege sentret for løysing av investeringstvistar, tenestemennene åt senteret og andre som er målsmenn for senteret, skal ha den immunitet og dei privileg som er fastsett i avtala. Det same gjeld om dei som møter i saker etter avtala og er partar, målsmenn, hjelpesmenn, advokatar, vitne eller sakkunnige.
§ 4.Kongen kan gjeva nærare føresegner til gjennomføring av lova.
§ 5.Kongen fastsett kva dag lova skal taka til å gjelda.
0Frå 15 sep 1967 iflg. res. 25 aug 1967.