Lov om avgrensing i retten til å sleppa hingstar, oksar, verar og geitebukkar på beite [hanndyrlova].

DatoLOV-1970-03-06-5
DepartementLandbruks- og matdepartementet
Sist endretLOV-2003-06-20-45 fra 01.07.2003
PublisertISBN 82-504-1210-9
Ikrafttredelse
Endrer
Kunngjort
KorttittelHanndyrloven

Jf. lov 16 juni 1961 nr. 12 kap. 2. - Jf. tidlegare lov 4 juli 1919 nr. 1.

§ 1. Det er forbode å sleppa verar og geitebukkar som er fødde før 15 april same året, på beite
a)i sambeiteområde i utmark eller innmark,
b)saman med sauer eller geiter som andre eig, i anna beiteområde eller
c)der tilhøva er slik at dei lett kan koma saman med sauer eller geiter som andre eig.

Vidare er det forbode å la verar og geitebukkar som er fødde seinare enn fastsett i første stykket eller i vedtekt etter § 4, gå på slikt beite lengre enn til 1 oktober.

Forboda gjeld ikkje beite på særskilt område der verar og bukkar blir haldne for seg, såframt området er forsvarleg inngjerda eller dyra er under forsvarleg tilsyn.

§ 2.Der er forbode å la hingst som er 2 år eller eldre, gå på sambeite der det går hopper som den ikkje kan brukast som alshingst til etter føresegnene i forskrift gitt i medhald av lov 4. desember 1992 nr. 130 om husdyravl § 5.
0Endra med lov 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).
§ 3. Det er forbode å la oksar som er eldre enn 6 månader gå på beite,
a)i sambeiteområde i utmark eller innmark,
b)saman med kyr som andre eig, i anna beiteområde eller
c)der tilhøva er slik at dei lett kan koma saman med kyr som andre eig.

Forboda gjeld ikkje beite på særskilt område der oksar blir haldne for seg, såframt området er forsvarleg inngjerda eller dyra er under forsvarleg tilsyn.

§ 4.Etter framlegg frå kommunen eller fylkesmannen kan departementet i vedtekt for kommunen eller ein del av den gjera unntak frå eller avgrensa forboda i §§ 1 og 3. På same måten kan det til utviding av forboda fastsetjast:
a)At forbodet i § 1, første stykket, og skal gjelda ver og geitebukk fødd i nærare fastsett tid rekna frå 14 april.
b)At forbodet i § 1, andre stykket, skal gjelda frå eit tidspunkt før 1 oktober.
c)At forbodet i § 3, og skal gjelda oksar yngre enn 6 månader.

Vedtekt som nemnd i første stykket kan gjevast sams for fleire kommunar eller fylke eller delar av desse. Gjeld det eit naturleg samanhengande område, kan slik vedtekt gjevast for heile området under eitt, jamvel om det ikkje ligg føre framlegg eller samtykke til det frå alle kommunane eller fylkesmennene i området.

Vedtekta kan gjerast gjeldande for eit visst tidsrom og kan gjerast om inkje eller endrast på same måte som ho er komen i stand.

0Endra med lover 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96.
§ 5.Vedtekter etter § 4 skal kunngjerast ved lysing i Norsk Lovtidend, lokale aviser og ved oppslag på høvelege stader.

Gjeld vedtekta område som ligg i fleire kommunar, skal ho kunngjerast i alle dei kommunar ho gjeld.

§ 6.Den som med vilje eller aktløyse bryt føresegner gitt i eller med heimel i lova her, blir straffa med bøter.
§ 7.Denne lova tek til å gjelda frå den tid Kongen fastset.1 Lov frå 4 juli 1919 om innskrenkning i adgangen til å slippe hingstar, graoksar, geitebukker og graværer på beite, held samstundes opp å gjelda. Det same gjeld vedtekter gitt med heimel i den lova.
1Frå 1 jan 1971, etter res. 6 mai 1970.