Lov om kristendomsundervisning ved vidaregåande skole, høgskole og universitet.

DatoLOV-1971-12-17-106
DepartementKunnskapsdepartementet
Sist endretLOV-1986-07-11-53
Publisert
Ikrafttredelse01.01.1972
Endrer
Kunngjort
KorttittelKristendomslærelov for vidaregåande skoler m.v.

§ 1.Den som underviser i kristendomskunnskap ved statleg, fylkeskommunal eller kommunal vidaregåande skole, høgskole eller universitet, skal undervise i samsvar med den evangelisk-lutherske lære.
§ 2.Kongen kan fastsetja at føresegna i § 1 også skal gjelde for privat skole og privat høgskole som har eksamensrett eller får tilskott av stat eller kommune.
0Endra med lov 11 juli 1986 nr. 53.
§ 3.Den som ikkje har hovudstilling som lærar i kristendomskunnskap og som ikkje høyrer til Den norske kyrkja eller Den evangelisk-lutherske frikyrkja, pliktar ikkje å undervise i faget jamvel om han har kompetanse. Tvilsmål om kva som er hovudstilling blir avgjort av Kongen.
§ 4.Denne lova tek til å gjelde 1 januar 1972.