Lov om målbruk i offentleg teneste [mållova].

DatoLOV-1980-04-11-5
DepartementKulturdepartementet
Sist endretLOV-1988-03-11-12
PublisertISBN 82-504-1293-1
Ikrafttredelse01.01.1981
Endrer
Kunngjort
Rettet08.09.2016 (§ 1 annet ledd og § 2 første ledd bokstav a)
KorttittelMållova - måll.

Jf. tidlegare lov 6 juni 1930 nr. 22.

§ 1.Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Når privat rettssubjekt gjer vedtak eller gjev føresegn på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune, skal det i denne samanhengen reknast for slikt organ.
§ 2.For statstenesta gjeld dei nærmare reglane i §§ 3 til 11 om plikt til å nytte bokmål og nynorsk. Desse reglane gjeld likevel ikkje
a)Stortinget, Riksrevisjonen, Stortingets ombodsmann for forvaltninga og andre organ for Stortinget,
b)internt saksarbeid og munnleg målbruk.

I Den norske kyrkja, i undervisningsverksemd og i rettsstellet gjeld lova berre den administrative delen av verksemda.

§ 3.Der særlege grunnar talar for det, kan Kongen gjere unnatak heilt eller delvis for visse organ eller verksemder som fell inn under reglane i lova.

Kongen kan i tvilstilfelle avgjere om eit organ eller privat rettssubjekt går inn under reglane i lova.

§ 4.Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta.

Kongen kan i særlege tilfelle gjere unnatak frå reglane i denne paragrafen.

§ 5.Eit kommunestyre kan gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til kommunen, eller gjere vedtak om at kommunen er språkleg nøytral. Tilsvarande vedtak kan fylkestinget gjere for fylkeskommunen.

Så lenge ein kommune eller ein fylkeskommune ikkje har gjort vedtak som nemnt i denne paragrafen, skal han reknast for å vere språkleg nøytral.

Kommunar og fylkeskommunar skal melde vedtak etter denne paragrafen til departementet, som syter for at vedtaka blir gjorde kjende i statstenesta.

§ 6.Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Dersom ein ikkje kjenner språkønsket til vedkommande, står statsorganet fritt i val av målform. Frå statsorgan kan private rettssubjekt krevje ei viss målform i alle løyve, faste formularar o.l. som direkte gjeld dei sjølve.

Statsorgan skal nytte den vedtekne målforma i skriv til kommunar og fylkeskommunar som har gjort vedtak om målform etter § 5.

I skriv til språkleg nøytrale kommunar og fylkeskommunar står statsorgana fritt i val av målform. Kongen kan likevel gje føresegner om målform i slike tilfelle.

§ 7.Dersom statsorgan vender seg under eitt til fleire kommunar i eit avgrensa område, skal fleirtalsmålforma for kommunane nyttast. Ligg det ikkje føre noka fleirtalsmålform, står organet fritt i val av målform.

Fleirtalsmålforma er den målform som flest kommunar har kravt. Det er ikkje noka fleirtalsmålform dersom over halvparten av kommunane er språkleg nøytrale. Det same gjeld dersom like mange kommunar har kravt bokmål som nynorsk.

§ 8.Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan slikt tilfang gjevast ut i begge målformer. Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, skal vere i fleirtalsmålforma for området.

Statsorgan som har eit geografisk avgrensa område som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, er i fleirtalsmålforma for området. I språkleg nøytrale område skal slikt tilfang veksle mellom målformene slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei.

Tilfang med særleg tilknyting til ein kommune, skal vere i den målforma kommunen har kravt etter § 5.

Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer.

Kongen kan i særlege tilfelle gjere unntak frå reglane i denne paragrafen. Kongen avgjer tvilstilfelle etter paragrafen.

0Endra med lov 11 mars 1988 nr. 12.
§ 9.Om nokon meiner at eit statsorgan ikkje følgjer lov eller føresegner om målbruk i saker som vedkjem dei sjølve, kan dei klage på dette til overordna organ. Språkorganisasjonar kan klage til overordna organ dersom dei meiner at statsorgan bryt lov eller føresegner om målbruk.

For slike klagesaker gjeld reglane i forvaltningslova kap. VI så langt dei høver.

0Endra med lov 11 mars 1988 nr. 12.
§ 10.Kongen skal minst kvart fjerde år leggje fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste.
0Endra med lov 11 mars 1988 nr. 12.
§ 11.Kongen gjev nærmare føresegner om skriftleg målbruk i statstenesta.
§ 12.Denne lova tek til å gjelde frå den tid1 Kongen fastset. Frå same tid blir lov av 6. juni 1930 nr. 22 om målbruk i statstenesta oppheva.
1Frå 1 jan 1981, etter res. 5 des 1980 nr. 4938 med seinare endringar.