Lov om tilskott til livssynssamfunn.

DatoLOV-1981-06-12-64
DepartementKulturdepartementet
Sist endretLOV-2015-12-18-128 fra 01.01.2016
PublisertISBN 82-504-1312-1
Ikrafttredelse14.05.1982
Endrer
Kunngjort
KorttittelLov om tilskott til livssynssamfunn.

Jf. lov 13 juni 1969 nr. 25.

§ 1.Livssynssamfunn som ikkje krenkjer rett og sømd, kan krevje årleg tilskot frå rikskassen.

Tilskota skal nyttast til føremål som går inn under verksemda som livssynssamfunn.

§ 2.Tilskotet skal vere så stort at det etter måten svarar om lag til det som staten har budsjettert til Den norske kyrkja og skal reknast ut etter kor mange som høyrer til samfunnet.

Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane i Den norske kyrkja har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget etter første leddet.

0Endra med lov 18 des 2015 nr. 128 (ikr. 1 jan 2016).
§ 3.Alle livssynssamfunn som får rikstilskot, kan kvart år krevje tilsvarande tilskot frå kommunar der det bur nokon som høyrer til livssynssamfunnet. Dette tilskotet vert rekna ut med grunnlag i dei budsjetterte utlegga kommunen har til Den norske kyrkja.

Kommunal avgjerd om tilskot kan livssynssamfunnet klaga over til departementet.

§ 4.Offentlege utlegg som gjeld alle, skal ikkje takast med når tilskotet vert utrekna etter §§ 2 og 3.

Departementet kan gje nærare føresegner om utrekning og oppgjer.

For mottekne tilskot skal det sendast inn rekneskap.

§ 5.Tilskot kan berre krevjast for medlemmer som er norske riksborgarar eller som har bustad i riket, og som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja, eller eit anna samfunn som får tilskot etter lova her eller etter lov av 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna.

Departementet kan gje føresegner om kor mange medlemmer eit samfunn må ha for å få tilskot, om føring av lister over medlemskap, og om attest frå advokat/revisor.

Departementet kan gjeva føresegner om plikt til å opplysa om fødselsnummer for kvar einskild medlem og organisasjonsnummer for livssynssamfunnet til bruk i saker om tilskot etter første ledd. Desse opplysningane kan jamførast med opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, andre trudoms- og livssynssamfunn og medlemsregisteret til Den norske kyrkja så langt dette er teneleg for å kontrollera at vilkåra for tilskot er oppfylde.

Lov 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2 gjeld ikkje for opplysningar som er gjevne etter føresegner med heimel i tredje leddet.

0Endra med lov 19 mars 2004 nr. 14 (ikr. 19 mars 2004, etter res. 19 mars 2004 nr. 545).
§ 6.Kongen avgjer om eit samfunn fyller vilkåra for tilskot.
§ 7.Lova tar til å gjelde frå den tid Kongen fastset.1
1Frå 14 mai 1982 med verknad frå og med kalenderåret 1982, etter res. 14 mai 1982 nr. 794.
§ 8.Frå den tid lova tek til å gjelde, vert gjort slik brigde i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna: - - -.