Lov om vederlag ved oreigning av fast eigedom [ekspropriasjonserstatningslova].

DatoLOV-1984-04-06-17
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Sist endretLOV-1997-06-19-81
PublisertISBN 82-504-1415-2
Ikrafttredelse01.07.1984
Endrer
Kunngjort
KorttittelEkspropriasjonserstatningslova - orvl.

Sjå tidlegare lov 26 jan. 1973 nr. 4. - Jf. Grl. § 105 og lov 23 okt. 1959 nr. 3.

§ 1.Området for lova.

Lova gjeld vederlag ved oreigning av fast eigedom.

Føresegnene gjeld så langt anna ikkje er fastsett i lov.

§ 2.Definisjonar.

I lova tyder:

a)Oreigning: tvangsavståing av eigedomsrett til eller annan rett i eller over særskilde faste eigedomar,
b)oreigningstiltak: verksemd, innretning eller føremål som det vert oreigna til føremon for,
c)eigedom: fast eigedom eller rett i eller over slik eigedom,
d)eigar: den som eigedom vert oreigna ifrå,
e)oreignar: den som med heimel i lov eller etter løyve med heimel i lov krev oreigning.
§ 3.Kva vederlaget skal dekke.

Eigaren skal ha vederlag for avståing av eigedom og for skade eller ulempe på attverande eigedom, alt i samsvar med føresegnene nedanfor.

Det skal ikkje gjevast vederlag for skattekrav som er venta utløyst av det oreigningsvederlaget som vert tilkjent.

§ 4.Salsverdi, bruksverdi eller utgifter til attkjøp.

Verdsetjinga skal gjerast på grunnlag av salsverdien, jf. § 5, eller bruksverdien, jf. § 6. Har eigedomen ein høgare bruksverdi for eigaren enn salsverdien, skal bruksverdien leggjast til grunn, dersom ikkje det tapet som går over salsverdien kan bøtast med å kjøpe att annan eigedom til tilsvarande bruk.

Vil utgiftene til attkjøp av eigedom til tilsvarande bruk vere høgre enn sals- eller bruksverdien, skal vederlaget fastsetjast på grunnlag av desse utgiftene når vilkåra etter § 7 er oppfylte.

§ 5.Vederlag etter salsverdien.

Vederlag etter salsverdi skal fastsetjast på grunnlag av det som må reknast med at vanlege kjøparar ville gje for eigedomen ved friviljug sal.

Ved fastsetjinga skal det leggjast vekt på kva slag eigedom det gjeld, kvar eigedomen ligg og den påreknelege utnytting som det røynleg er grunnlag for etter tilhøva på staden. Det skal dessutan leggjast vekt på dei prisane som er oppnådd ved omsetnad av andre eigedomar som det er naturleg å samanlikna med, og likeins på andre tilhøve som er avgjerande for salsverdien av eigedomen.

Det skal ikkje takast omsyn til verdiendringar som kjem av oreigningstiltaket, eller av gjennomførde eller planlagde investeringar eller verksemd som har direkte samanheng med oreigningstiltaket.

Det skal ikkje takast omsyn til verdiendringar som kjem av andre investeringar som oreignaren har gjennomført i dei siste 10 åra før hovudførehavinga i underskjønet tok til. Det skal heller ikkje takast omsyn til verdiendringar som kjem av planar som oreignaren har om framtidige investeringar. Når eit offentleg organ er oreignar, skal det sjåast bort frå verdiendringar som kjem av offentlege investeringar som nemnt, anten dei er statlege, fylkeskommunale eller kommunale.

§ 6.Vederlag etter bruksverdi.

Vederlag etter bruksverdi skal fastsetjast på grunnlag av avkastinga av eigedomen ved slik pårekneleg utnytting som det røynleg er grunnlag for etter tilhøva på staden. Det skal samstundes gjevast vederlag etter dagens pris for dei ressursane på eigedomen som vert oreigna og som har salsverde som standskog, jord, sand- og grusforekomster m.v. når dette er pårekneleg etter første punktum.

Føresegnene i § 5 tredje og fjerde stykke gjeld tilsvarande.

0Endra med lov 19 juni 1997 nr. 81.
§ 7.Vederlag etter utgifter til attkjøp.

Ved oreigning av eigedom som eigaren nyttar til bustad, fritidshus eller eiga verksemd, skal vederlag for bygning eller anlegg med turvande tomt fastsetjast på grunnlag av utgiftene til attkjøp av annan eigedom til tilsvarande bruk, så framt attkjøp må reknast som naudsynt for at eigaren skal haldast skadelaus.

Vederlag etter attkjøpsverdien kan ikkje krevjast for bygning eller anlegg som på grunn av elde eller etter tilstanden elles ikkje kan reknast for tenleg til framtidig bruk.

Ved fastsetjinga av vederlaget skal det gjerast frådrag for føremoner som attkjøp av annan eigedom i tilfelle ville føre med seg, ved meir moderne utstyr, lengre levetid, meir rasjonell drift, lågare vedlikehaldskostnad eller på annan måte.

§ 8.Ulemper på attverande eigedom.

Eigaren skal ha vederlag for skade og ulempe på attverande eigedom, så langt dette ikkje vert dekt av vederlaget for den eigedomen som vert avstått. Det skal likevel ikkje gjevast vederlag for ulemper av allmenn karakter for eigedomar i distriktet, dersom ulempene ikkje overstig det ein eigar eller rettshavar må finna seg i utan skadebot eller vederlag etter grannelova eller forurensingslova.

0Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.
§ 9.Føremoner for attverande eigedom.

Føremoner som oreigningstiltaket fører med seg for attverande eigedom, skal gå til frådrag i vederlaget så langt føremonen ikkje er av allmenn karakter for eigedomar i distriktet.

§ 10.Kva tidspunkt som skal leggjast til grunn.

Til grunn for fastsetjinga av vederlaget skal leggjast det tidspunktet då skjønet vert avheimla. Er oreigning sett i verk før den tid, skal verdien på overtakingstidspunktet leggjast til grunn. Ved fastsetjinga av vederlaget skal det takast omsyn til tap som følgjer av at utbetalinga av vederlaget heilt eller i nokon mon skjer på eit seinare tidspunkt enn overtakinga.

§ 11.Ikraftsetjing og overgangsføresegner.

Lova tar til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

- - -

0Lova gjeld frå 1 juli 1984, etter res. 6 apr 1984 nr. 832.
§ 12.Endringar i andre lover.

Frå den tid lova her tar til å gjelde, vert det gjort følgjande endringar i andre lover: - - -