Lov om stadnamn (stadnamnlova)

DatoLOV-1990-05-18-11
DepartementKulturdepartementet
Sist endretLOV-2015-06-19-74 fra 01.07.2015
PublisertISBN 82-504-1503-5
Ikrafttredelse01.07.1991
Endrer
Kunngjort
KorttittelStadnamnlova - stadnl.

Lovas tittel endra med lov 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 19 juni 2015 nr. 726).

§ 1.Formål og verkeområde

Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta. Lova gjeld også bruk av stadnamn i selskap som det offentlege eig fullt ut og i læremiddel som skal brukast i skolen. Departementet kan i særskilte tilfelle gi forskrift om at lova skal gjelde når selskap som det offentlege ikkje eig fullt ut, skal bruke stadnamn.

Lova gjeld ikkje for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone.

0Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 19 juni 2015 nr. 726).
§ 2.Definisjonar

I denne lova tyder:

a)stadnamn: namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, institusjonar og adresser
b)gardsnamn: namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til
c)bruksnamn: namn på gardsbruk eller annan eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer
d)nedervd stadnamn: stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar
e)nedervd lokal uttale: uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk
f)rettskrivingsprinsipp: allmenne reglar for korleis lydar og lydkombinasjonar skal givast att i skrift
0Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 19 juni 2015 nr. 726).
§ 3.Namnevern

Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast av andre grunnar.

Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.

0Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 19 juni 2015 nr. 726).
§ 4.Reglar om skrivemåten

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. For kvenske stadnamn skal skrivemåten følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.

Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta. Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som er fastsett av grunneigaren. To eller fleire skriftformer av same namn på det same namneobjektet kan fastsetjast som sidestilte dersom eitt eller fleire av desse vilkåra er oppfylte:

a)det finst fleire uttalevariantar av namnet fordi lokaliteten har stor geografisk utbreiing, eller ligg i eit dialektalt eller administrativt grenseområde
b)to eller fleire skriftformer av namnet er vel innarbeidde
c)det er sterk lokal interesse for to eller fleire av formene
0Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 19 juni 2015 nr. 726).
§ 5.Fastsetjing av skrivemåten

Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av

a)eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
b)eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
c)ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn
d)stadnamnkonsulentane når det gjeld stadnamn i deira område

Kommunen vedtek skrivemåten av offisiell adresse og av namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l. Fylkeskommunen vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.

Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift. Det kan gjerast samlevedtak for skriftforma av eit namneledd innanfor det same administrative området.

Er det tvil om kven som etter desse reglane skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn, kan spørsmålet leggjast fram for departementet til avgjerd.

0Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 19 juni 2015 nr. 726).
§ 6.Nærmare om saksbehandlinga

Når ei namnesak er teken opp med vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg. Eigaren eller festaren har rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Eigaren eller festaren har òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Kommunane har rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen sjølv. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til. Før det blir gjort vedtak om skrivemåten, skal namnekonsulentane gi tilråding. Grunneigaren kan be om å få tilråding frå namnekonsulentane i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom.

I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Skrivemåten av bruksnamnet kan i desse tilfella vedtakast utan høyring etter første ledd. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal i alle andre tilfelle vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet.

Namnesak må reisast samtidig for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk.

Med mindre anna er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter lova her.

0Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 19 juni 2015 nr. 726).
§ 7.Gjenopning

Ei sak kan bli gjenopna av dei som er nemnde i § 5 bokstav a til d, dersom det kjem til nye opplysningar. Nytt vedtak skal gjerast etter reglane i denne lova.

0Endra med lov 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 8.Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglane i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 6.

Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet.

Eigaren eller festaren kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd namn.

0Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 19 juni 2015 nr. 726).
§ 9.Bruk av stadnamn

Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i § 1 tredje ledd.

Samiske og kvenske stadnamn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal til vanleg brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register saman med eventuelt norsk namn.

Offentlege organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd, skal halde fram med å bruke dei skriftformene som er i bruk av det offentlege når lova blir sett i verk, til det eventuelt blir gjort endringsvedtak.

0Endra med lov 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533).
§ 10.Klage

Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter § 5 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov, dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her. Offentleg organ har berre klagerett i saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Klageretten gjeld også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Klage skal grunngivast. Vedtak gjorde av Kongen og Stortinget kan ikkje påklagast. Feilbruk eller manglande bruk av stadnamn etter § 9 kan påklagast til overordna departement. Klage over manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda.

Klager på andre vedtak enn dei som er gjorde av eit departement, skal behandlast av ei klagenemnd oppnemnd av Kongen. I klagesaker av prinsipiell karakter kan klagenemnda gi Språkrådet, Sametinget og departementet høve til å uttale seg.

Departement som gjer vedtak om skrivemåte, har plikt til å ta saka opp til ny avgjerd etter klage. Departementet skal i slike saker innhente tilråding frå klagenemnda.

For førebuinga av ei klagesak gjeld saksbehandlingsreglane i § 6 tilsvarande. Elles gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel VI.

0Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 19 juni 2015 nr. 726).
§ 11.Stadnamnkonsulentar

Departementet oppnemner stadnamnkonsulentar for norske og kvenske stadnamn. Sametinget oppnemner stadnamnkonsulentar for samiske stadnamn.

Namnekonsulentane skal gi rettleiing og råd om skrivemåten av stadnamn.

0Endra med lov 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533).
§ 12.Stadnamnregister

Det skal førast eit sentralt stadnamnregister.

Alle skriftformer som er endeleg fastsette, skal meldast til stadnamnregisteret av det organet som har gjort vedtaket.

Opplysningane i registeret er offentlege.

0Endra med lov 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533).
§ 13.Forskrift og unntak

Departementet kan gi forskrift til utfylling og gjennomføring av lova.

Når særlege grunner talar for det, kan departementet i enkelttilfelle gjere unntak frå reglane i lova og forskrifta.

0Endra med lov 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533).
§ 14.Iverksetjing

Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset.1

Frå same tid blir det gjort følgjande endring i lov av 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven): - - -

0Endra med lov 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006, etter res. 10 juni 2005 nr. 533), endra paragrafnummer frå § 13.
1Frå 1 juli 1991 iflg. res. 18 mai 1990 nr. 361.