Lov om gjennomføring av Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei.

DatoLOV-1994-05-06-10
DepartementUtenriksdepartementet
Sist endretLOV-2015-06-19-65 fra 01.10.2015
PublisertAvd I 1994 Nr. 7
Ikrafttredelse29.04.1997 - Konvensjonens ikrafttredelse
Endrer
Kunngjort
KorttittelLov om konvensjon om kjemiske våpen

§ 1.Det er forbode å utvikle, produsere, skaffe, lagre, overføre m.m. kjemiske våpen i strid med Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei av 13. januar 1993.

Kongen får fullmakt til å gje nærmare reglar for å oppfylle Noregs plikter etter konvensjonen, medrekna føresegner om øydelegging av kjemiske våpen og produksjonsmiddel m.m.

§ 2. Dei personane som etter Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei skal ha immunitet og privilegium, får utan hinder av norsk lov immunitet og privilegium i samsvar med føresegnene i denne konvensjonen.

Kongen kan gje nærmare reglar for korleis føresegnene om immunitet og privilegium skal gjennomførast.

§ 3. Det kan setjast i verk inspeksjonar av område, installasjonar og andre innreiingar som staten ikkje sjølv eig eller har råderett over, i samsvar med føresegnene i Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei.

Kongen eller den han gjev fullmakt til det, kan leggje på grunneigaren eller andre rettshavarar slike plikter som trengst for at ein inspeksjon skal kunne gjennomførast.

§ 4.Denne lova gjeld også for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.
§ 5.Den som bryt denne lova eller føresegner som er gjevne med heimel i lova, vert straffa med bot eller fengsel i opptil fem år dersom handlinga ikkje vert ramma av strengare strafføresegner som til dømes straffelova §§ 107 og 142. Aktlause handlingar vert straffa med bøter eller fengsel i opptil to år.
0Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
§ 6.Lova trer i kraft på det tidspunktet som Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei1 trer i kraft.
1Ikr. 29 apr 1997.