Lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar.

DatoLOV-1994-06-16-20
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
Sist endretLOV-1997-05-02-25
PublisertAvd I 1994 Nr. 10
Ikrafttredelse16.06.1994
Endrer
Kunngjort
KorttittelLov om tekniske kontrollorgan

Lovens tittel endra med lov 2 mai 1997 nr. 25.

§ 1.Denne lova gjeld utpeiking av og verksemda til tekniske kontrollorgan som driv samsvarsvurderingar etter reglar som er gitt til gjennomføring av EØS-avtalen, og reglar gitt av land Noreg har inngått avtale med om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar.

Med samsvarsvurdering meiner ein avgjerd av om eit produkt oppfyller dei tekniske krava o.a. som er stilt i regelverket som nemnt i fyrste leddet.

Med tekniske kontrollorgan meiner ein føretak, offentlege organ o.a. som gjennom utpeiking som nemnt i § 2 har rett til å drive samsvarsvurdering av produkt som andre har utvikla.

0Endra med lov 2 mai 1997 nr. 25.
§ 2.Departementet kan etter søknad peike ut eit organ som teknisk kontrollorgan dersom organet kan dokumentere at det oppfyller dei krava som er stilt på det aktuelle området i regelverket som nemnt i § 1.

Departementet kan setje vilkår for utpeikinga.

§ 3.Departementet kan påleggje tekniske kontrollorgan å utarbeide rapportar om arbeidet sitt til departementet, og få fram annan dokumentasjon som departementet finn naudsynt for å kontrollere verksemda.
§ 4.Dersom eit teknisk kontrollorgan ikkje lenger oppfyller krava som er nemnde i § 2, eller på annan måte opptrer i strid med regelverket, kan departementet gje pålegg om retting innan ein nærmare fastsett frist eller trekkje tilbake utpeikinga.
§ 5.Forvaltningslova kapittel II til VI gjeld for samsvarsvurderingar som tekniske kontrollorgan gjer. Organa kan likevel ta vanleg betaling for samsvarsvurderingane.
§ 6.Ei samsvarsvurdering som er gitt av eit teknisk kontrollorgan som er peika ut av ein annan EØS-stat, eller som er utpeika i samsvar med ein avtale om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar, har same rettsverknad som ei samsvarsvurdering frå eit teknisk kontrollorgan her i landet.
0Endra med lov 2 mai 1997 nr. 25.
§ 7.Departementet kan ved forskrift gi nærmare reglar til gjennomføring og utfylling av denne lova.
§ 8.Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelda.1
1Frå 16 juni 1994, etter res. 16 juni 1994 nr. 481.