Lov om regulering av byggje- og anleggsverksemd.

DatoLOV-1996-03-22-16
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
Sist endretLOV-2015-06-19-65 fra 01.10.2015
PublisertAvd I 1996 Nr. 5
Ikrafttredelse22.03.1996
Endrer
Kunngjort
KorttittelLov om regulering av byggje- og anleggsverksemd

Jf. lover 28 nov 2003 nr. 98, 11 juni 1993 nr. 66, 27 juni 2008 nr. 71 og 16 des 2011 nr. 65.

§ 1.Er det fare for vekstkonsentrasjonar som trugar den økonomiske stabiliteten og som kan føre til alvorlege samfunnsproblem, kan Kongen ved forskrift gje nærmare føresegnar om regulering av byggje- og anleggsverksemda. Det kan mellom anna fastsetjast at det ikkje kan iverksetjast nybygg eller ombygging av byggverk, anlegg m.v. utan samtykke frå Kongen. Det kan setjast vilkår for samtykke.

I forskrifta kan det fastsetjast minstegrenser for kva som går inn under lova. Minstegrensene kan fastsetjast som eit minste areal, investert kapital eller tal på sysselsette under anleggsperioden eller som ein kombinasjon av desse.

§ 2.Det kan i forskrift fastsetjast at reguleringa berre skal gjelda i nærmare nemnde kommunar. Det kan fastsetjast strengare reglar i somme kommunar.
§ 3.Kongen kan i forskrift påleggje fylkeskommunane og kommunane oppgåver etter lova her.
§ 4.Den som bryt lova her eller forskrift med heimel i lova, vert straffa med bøter.
0Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
§ 5.Kongen fastset når lova skal ta til å gjelde.
0Lova gjeld frå 22 mars 1996 iflg. res. 22 mars 1996 nr. 288.