Lov om Opplysningsvesenets fond.

DatoLOV-1996-06-07-33
DepartementKulturdepartementet
Sist endretLOV-2011-08-26-40 fra 01.01.2012
PublisertAvd I 1996 Nr. 9
Ikrafttredelse01.01.1997
Endrer
Kunngjort
KorttittelLov om Opplysningsvesenets fond

Jf. tidlegare lover 1 aug 1821 nr. 2 angaaende de Nordlandske Kirkers Salg, 20 aug 1821 angaaende det beneficerede Gods, 19 juni 1882 om Salg af det Overflødige af Embetsgaarde, 23 feb 1923 om anvendelse av visse prestegårdsinntekter og 9 des 1955 nr. 11 om presteboliger og prestegårder.

§ 1.Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond er skipa ved lov 20. august 1821 og består av den delen som er att av «det Geistligheden beneficerede Gods» og seinare tileigna eller tillagde eigedommar og kapital.

§ 2.Formålet med lova

Lova skal sikre at fondet kjem Den norske kyrkja til gode og at verdiane blir bevarte og gir avkastning i samsvar med Grunnlova § 106.1

1No Grl. § 116.
§ 3.Partsstilling

Fondet har sjølv rettar og plikter, er part i avtalar med private og offentlege styresmakter og har partsstilling overfor domstol og andre styresmakter.

§ 4.Forvalting

Fondet blir forvalta av Kongen, som mellom anna fastset korleis fondet skal organiserast og tek avgjerder om rettslege disposisjonar av fondets eigedelar.

§ 5.Fondets eigedelar

Eigedommane og kapitalen til fondet kan ikkje gjevast bort eller brukast opp.

Ved avhending av eigedommar som fondet eig, skal vederlaget leggjast til kapitalen. Vinstar ved sal av verdipapir som fondet eig, er å rekne som avkasting.

0Endra med lover 15 juni 2001 nr. 68 (ikr. 1 juli 2001, etter res. 15 juni 2001 nr. 659), 13 des 2002 nr. 82 (ikr. 1 jan 2003, etter res. 13 des 2002 nr. 1602), 30 juni 2006 nr. 54 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 766), 28 nov 2008 nr. 81 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 28 nov 2008 nr. 1263), 26 aug 2011 nr. 40 (ikr. 1 jan 2012, etter res. 26 aug 2011 nr. 866).
§ 6.Bruk av avkastinga frå fondet

Avkastinga frå fondet skal først dekkje fondet sine utgifter. Ut over dette kan avkastinga leggjast til kapitalen eller til disposisjonsfond og givast til kyrkjelege formål etter nærare avgjerd av Kongen.

0Endra med lover 13 des 2002 nr. 82 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 13 des 2002 nr. 1602), 30 juni 2006 nr. 54 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 766).
§ 7.Særlege heimelsforhold

Ein prestegard eller ein prestebustad som hører til eller ligg til vedkommande presteembete etter særleg rettsgrunnlag eller heimelsbrev, skal forvaltast på same måten som eigedommane til fondet.

Driftsinntekter og vederlag ved avhending av eigedom som nemnt i første ledd går inn i fondet, men kan berre disponerast til fordel for vedkommande embete.

Reglane i første og andre ledd gjeld ikkje så framt anna følgjer av vedkommande eigedom sitt heimelsdokument.

§ 8.Avgrensing av verkeområdet for lova

Lova gjeld ikkje for Svalbard.

§ 9.Iverksetjing og oppheving av andre lover m.v.

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Frå den tid lova tek til å gjelde, blir følgjande lover oppheva: - - -

0Lova gjeld frå 1 jan 1997, etter res. 7 juni 1996 nr. 530.