Lov om tomtefeste.

DatoLOV-1996-12-20-106
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Sist endretLOV-2015-06-19-63 fra 01.07.2015
PublisertAvd I 1996 Nr. 25
Ikrafttredelse01.01.2002
EndrerLOV-1975-05-30-20
Kunngjort
KorttittelTomtefestelova - tfl.

Kapitteloversikt:

Jf. tidlegare lov 30 mai 1975 nr. 20 om tomtefeste. Sjå òg forskr. 15 okt 2004 nr. 1338 om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2 juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20 des 1996 nr. 106 om tomtefeste mv., og forskr. 30 juni 2006 nr. 729 om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 30 juni 2006 nr. 52 om endringar i lov 20 des 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Kva lova gjeld

Lova her gjeld feste (leige) av grunn til hus som festaren (leigaren) har eller får på tomta.

Inn under lova går òg bruksrett til grunn som skal nyttast til veg, bilplass, hage eller liknande i samband med hus på festetomta. Dette gjeld òg særlege bruksrettar som bortfestaren har over framand eigedom og overlet til festaren, så langt det er tale om rettshøvet mellom festaren og bortfestaren.

Om høvet til grunneigaren der bortfestaren er leigar av grunnen, gjeld føresegnene i § 42.

Lova gjeld ikkje grunnleige der hovudføremålet er anna enn hus og bruk i samband med hus.

§ 2.Særleg om tilhøvet til nye og eldre festeavtaler

Lova gjeld for festeavtaler anten dei er inngått før eller etter at lova her tek til å gjelde, om ikkje noko anna er sagt i lova eller går fram av samanhengen. Festeavtaler som er inngått etter at lova her tek til å gjelde, er kalla nye festeavtaler.

Der det er sagt i lova eller går fram av samanhengen at føresegnene berre gjeld for nye festeavtaler eller for festeavtaler inngått etter 1975, gjeld føresegnene òg for eldre festeavtaler som vert lenga med ei avtale etter desse tidspunkta.

§ 3.Utvida geografisk område

Lova gjeld for Svalbard, Jan Mayen, Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Mauds Land berre i den mon det er fastsett av Kongen ved forskrift.

§ 4.Tilhøvet mellom lova og avtaler

Ingen kan avtale eller gjere gjeldande vilkår i strid med føresegnene i lova, utan når dette er sagt i lova eller går fram av samanhengen.

§ 5.Festeavtale

Avtale om tomtefeste skal gjerast skriftleg. For nye festeavtaler skal det seiast i avtala om festet gjeld tomt til bustadhus, tomt til fritidshus eller tomt til anna føremål, og tomteverdien skal opplysast.

Partane vert likevel rekna å ha bunde seg i høve til kvarandre når det er ytt og motteke vederlag for festet, eller når festaren i samsvar med ei munnleg avtale har teke over festet utan motsegn frå bortfestaren ved å ta til med arbeid på tomta eller på annan måte. Kvar av partane har i så fall krav på å få avtala sett opp skriftleg.

Så snart partane har gjort avtale, skal bortfestaren gjera det som trengst for å setje fram krav om turvande matrikkelføring. Om kostnadane med dette og med gjennomføring av avtala elles, gjeld avhendingslova § 2-6 tilsvarande, så langt ikkje noko anna fylgjer av det som er avtalt.

Paragrafen her gjeld berre avtaler inngått etter 1975.

0Endra med lov 17 juni 2005 nr. 101 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 5 juni 2009 nr. 600).
§ 5 a.Forbod mot festehøve på utbygde eigartomter

Det kan ikkje skipast feste på utbygde eigartomter når bygningane på tomta i hovudsak skal nyttast til bustad. Dette gjeld likevel berre om avhending av tomta kan sameinast med eigarens rettsgrunnlag etter lov eller avtale.

Retten kan under omsyn til tilhøvet mellom partane, fordelinga av skuld og tilhøva elles lempe plikta festaren har til å betale festeavgift når det er skipa feste i strid med føresegnene i fyrste ledd. Partane kan avtale at slik avgjerd skal høyre under skjønn.

0Føyd til med lov 3 sep 2010 nr. 54 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 3 sep 2010 nr. 1238).
§ 6.Avtale om lån og tilskott

Avtale om lån som vilkår for festeretten er ikkje bindande for festaren. Er lånet heilt eller delvis ytt, kan festaren krevje det attende.

Det same gjeld om tilskott (innfestingssum) som vilkår for festeretten. Det kan likevel avtalast at festaren skal yte tilskott svarande til påkostnaden, dersom bortfestaren etter avtala skal opparbeide veg, leggje vatn- eller kloakkleidning eller gjere andre tiltak til nytte for festetomta, eller bortfestaren skal koste slike tiltak som er eller vert gjort av kommunen eller andre. Dette gjeld òg for tiltak som bortfestaren har gjort eller kosta i tida før avtala. Skal bortfestaren sjølv utføre arbeidet eller delar av dette, eller bortfestaren sjølv har utført det i tida før avtala, kan bortfestaren rekne inn eit rimeleg vederlag for arbeidet i tilskottet. Kongen kan i forskrift gje føresegner om fordelinga av påkostnaden der opparbeidinga eller gjennomføringa av tiltaket skjer under eitt for eit større område med fleire festetomter.

Paragrafen her gjeld berre avtaler inngått etter 1975.

§ 6 a.Bruk av elektronisk kommunikasjon

Krav i eller i medhald av lova her om at melding, oppseiing, krav eller liknande skal gjerast skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon mellom partane om dei er samde om det.

Krav i eller i medhald av lova her om at ei avtale skal settast opp skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon dersom partane er samde om det.

0Tilføyd ved lov 21 des 2001 nr. 117 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 21 des 2001 nr. 1475).

Kapittel II. Festetid, oppseiing, lenging

§ 7.Festetid ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus

For nye festeavtaler og avtaler som er lenga etter § 33 gjeld feste av tomt til bustadhus og fritidshus til festet vert sagt opp av festaren eller tomta vert innløyst.

For festeavtaler inngått etter 1975, men før lova her tek til å gjelde, er festetida 80 år, dersom det ikkje er avtalt lengre tid eller feste utan tidsavgrensing, eller avtalt at festet fell bort ved innløysing eller oppseiing frå festaren.

For festeavtaler inngått før 1976 gjeld det som er fastsett i avtala om festetid.

0Endra med lov 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare).
§ 8.Festetid for feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus

Så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt, gjeld feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus utan tidsavgrensing og på oppseiing med like rett for partane.

For festeavtaler inngått etter 1975 gjeld feste av tomt til fabrikk- eller forretningsbygg for 80 år, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

§ 9.Oppseiing

Ved feste på oppseiing er oppseiingsfristen to år, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Kortare oppseiingsfrist enn seks månader er ikkje bindande for festaren. Ved feste av tomt til bustadhus eller fritidshus er kortare oppseiingsfrist enn to år ikkje bindande for festaren.

Oppseiinga skal vere skriftleg.

§ 10.Lenging av åremålsfeste til anna enn bustadhus og fritidshus

Eit åremålsfeste (feste som er skipa for eit visst åretal eller som går ut til ei fastsett tid) til anna enn bustadhus eller fritidshus som ikkje er sagt opp skriftleg seinast to år før festetida er ute, vert lengd på oppseiing med lik oppseiingsrett for partane og elles på same vilkår som før, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt eller må reknast å fylgje av festeføremålet. Dette gjeld òg festeavtaler der det er avtalt rett til fornying, om ikkje festaren til tid som nemnt har sagt frå skriftleg at festaren ikkje vil fornye festet eller bortfestaren skriftleg krev festevilkåra endra.

Så lenge partar i eit festehøve som nemnt i fyrste ledd tingar om nye festevilkår, gjeld dei tidlegare festevilkåra jamvel etter at festetida er ute, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

0Endra med lov 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015), sjå dens II.

Kapittel III. Festeavgift

§ 11.Forbod mot urimeleg høg festeavgift

Det kan ikkje avtalast eller krevjast ei festeavgift som er urimeleg høg i høve til det som vanlegvis vert betalt på staden ved nye feste av liknande tomter på liknande avtalevilkår.

§ 12.Forskotsbetaling av festeavgift

Er ikkje anna avtalt, kan bortfestaren krevje at festeavgifta skal betalast på forskot for eitt år om gongen.

§ 13.Fråskiljing av krav på festeavgift

Retten til bortfeste eller til å krevje festeavgift kan ikkje skiljast frå eigedomsretten til festetomta, utan når det gjeld krav på forfalne terminar og når det gjeld framfeste.

§ 14.Panterett for og innsøkjing av festeavgift

Bortfestaren har panterett i festeretten og i byggverk på tomta for skuldig festeavgift dei tre siste åra. Er det sagt i festeavtala at bortfestaren skal ha slik panterett, gjeld tinglysingslova § 21 tredje ledd tilsvarande, slik at panteretten går føre alle rettsstiftingar i tomta som skriv seg frå festaren. Pantelova § 1-4 gjeld ikkje for slik panterett.

Krav på festeavgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 15.Regulering av festeavgift

Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus kan kvar av partane krevje at festeavgifta blir regulert i samsvar med endringa i pengeverdien sidan festeavtala vart inngått. Har festeavgifta vorte regulert, er det den avgifta som lovleg vart innkrevd etter forrige regulering, som kan bli regulert i samsvar med endringa i pengeverdien sidan det tidspunktet. Har partane tvillaust avtalt at festeavgifta skal stå uendra, eller har dei avtalt ei lågare regulering enn det som fylgjer av endringa i pengeverdien, gjeld denne avtala istaden.

For andre festehøve enn tomt til bustadhus og fritidshus kan kvar av partane krevje den avtalte festeavgifta regulert i samsvar med endringa i pengeverdien i tida sidan festeavtala vart inngått, om dei ikkje tvillaust har avtalt at festeavgifta skal stå uendra eller dei har avtalt regulering på anna måte.

Avgiftsregulering etter fyrste og andre ledd kan skje kvart tiande år, om ikkje anna er avtalt. Avtala kan likevel ikkje fastsetje at reguleringa skal skje oftare enn kvart år.

Ved lenging av feste etter § 33 kan bortfestaren krevje at den årlege festeavgifta blir regulert ein gong slik at ho svarer til 2 prosent av tomteverdet med frådrag for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det huset eller dei husa som er på tomta. Bortfestaren kan likevel ikkje krevje avgifta regulert meir enn til eit høgstebeløp om året for kvart dekar tomt eller til det beløpet som regulering i samsvar med pengeverdien ville gje. Høgstebeløpet er 9 000 kroner justert ved kvart årsskifte etter 1. januar 2002 i samsvar med endringa i pengeverdien. Dette høgstebeløpet gjeld òg der tomta er mindre enn eitt dekar. Bortfestaren må setje fram kravet innan tre år etter at festetida er ute. Retten til å regulere festeavgifta etter leddet her gjeld ikkje om det er avtalt ein rett for festaren til lenging, og det fylgjer av avtala at bortfestaren ikkje har rett til regulering av festeavgifta utover det som fylgjer av endringa i pengeverdien.

Partane kan krevje ny regulering av festeavgifta etter fjerde ledd når det er gått 30 år frå førre regulering etter denne føresegna.

Vert partane ikkje samde om ny festeavgift, og dei ikkje har avtalt eller vert samde om annan avgjerdsmåte, høyrer avgjerda under skjønn.

Når avgiftsregulering er avhengig av at ein av partane krev det, kan kravet berre gjelde framtidige terminar.

Når ei festeavgift - eller høgstebeløpet - etter lov eller avtale skal bli regulert i samsvar med endringa i pengeverdien, skal reguleringa skje i samsvar med utviklinga i (den berekna) konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Ved regulering sidan festeavtala vart inngått i festehøve frå før 1865, skal ein regulere festeavgifta ut frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865.

Ved regulering etter fjerde ledd kan festeavgifta setjast høgare enn høgstebeløpet i fjerde ledd tredje til femte punktum i den grad det er naudsynt av omsyn til vernet bortfestaren har etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen fyrste tilleggsprotokoll artikkel 1. Det same gjeld ved regulering etter femte ledd.

0Endra med lover 7 juli 2000 nr. 70 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 8 juni 2001 nr. 571), 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336), 17 juni 2005 nr. 89 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 628), 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 30 juni 2006 nr. 727), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015), sjå dens II.

Kapittel IV. Råderett

§ 16.Fysisk råderett

Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus har festaren same fysiske råderett over festetomta til bruk innanfor festeføremålet som ein eigar har, så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Er det avtalt at festaren ikkje kan hogge ned tre på tomta, kan festaren likevel krevje at bortfestaren i rimeleg mon tek bort tre som hindrar utsikt eller på annan måte er til ulempe, og setje seg imot hogst av tre som bør verte ståande for trivnaden si skuld. Er det ikkje sagt noko i avtala om storleiken på tomta (punktfeste), gjeld føresegnene i andre punktum for eit areal på eitt dekar (daa), medrekna der huset eller husa står og høveleg avrunda etter tilhøva på staden.

Ved feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus har festaren rett til å bruke tomta i samsvar med føremålet med festet, slik tida og tilhøva krev. Festaren må ikkje nytte rådveldet sitt slik at det vert uturvande til skade eller ulempe for bruken av tomta etter at festet er avvikla. Er tomta festa bort på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren, gjeld fyrste ledd fyrste punktum tilsvarande.

0Endra med lov 28 apr 2000 nr. 34 (ikr. 1 juli 2000, etter res. 28 apr 2000 nr. 366).
§ 17.Overføring av festerett

Festaren har rett til å føre festeretten over til ein annan så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt eller festeføremålet.

Har bortfestaren teke atterhald om forkjøpsrett ved overføring av festerett og bygning, gjeld lov av 9. desember 1994 nr. 64 om løysingsrettar §§ 8 og 9.

Andre ledd gjeld tilsvarande dersom bortfestaren har teke atterhald om godkjenning ved overføring av festerett til tomt til bustadhus og fritidshus. Godkjenning til overføring av festerett kan elles berre nektast når det er sakleg grunn til det. Nektinga skal grunngjevast. Har festaren ikkje motteke skriftleg grunngjeve avslag innan to månader etter at det vart søkt om godkjenning, vert samtykke rekna som gjeve.

Er det ikkje naudsynt med bortfestarens godkjenning for overføring av festeretten etter tredje ledd fyrste punktum, jf. andre ledd, skal festaren likevel varsle bortfestaren om kven festeretten er overført til. Inntil slikt varsel er gjeve, kan bortfestaren krevje den forrige festaren for festeavgift sjølv om festeavgifta gjeld for tida etter overføringa.

Føresegnene i denne paragrafen gjeld tilsvarande ved tvangssal. Tingretten set frist for bortfestaren til å kome med fråsegn, og avgjer om den nye festaren skal godkjennast.

0Endra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 30 aug 2002 nr. 938).
§ 18.Pantsetjing av festerett

Festaren har rett til å pantsetje festeretten og dei byggverk festaren har eller får på tomta, så langt ikkje anna fylgjer av lovbod eller avtale om avgrensing i retten til overføring. Pantsetjinga må gjelde både festeretten og noverande og framtidige byggverk.

Avtale om avgrensing i retten til overføring av festeretten så lenge tomta står ubygd hindrar ikkje pantsetjing for byggelån eller tvangssal for slikt pant.

Vert festaren eigar av tomta, går tinglyst panterett i festet over til å gjelde panterett i tomta (grunnen) frå den tid då festaren får tinglyst eigarheimel, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

§ 19.Stifting og omskiping av råderettar

Festaren kan stifte slike særlege råderettar for andre over tomta som med omsyn til bruksmåte, omfang og tidsavgrensing ligg innanfor den råderetten festaren sjølv har, så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Festaren og bortfestaren kan krevje omskiping av særlege råderettar som bortfestaren eller andre har i festetomta etter føresegnene i lov av 29. november 1968 om særlege råderettar over framand eigedom §§ 5 og 6, jf § 8. Festaren kan krevje avskiping av slike rettar etter føresegnene i same lova § 7, jf § 8. For avgjerda om omskiping eller avskiping gjeld §§ 18 og 19 i same lova tilsvarande.

Kapittel V. Mishald og mishaldsverknader

§ 20.Betaling av festeavgift ved forseinka oppfylling frå bortfestaren

Får ikkje festaren råderett over tomta til avtalt tid, og dette ikkje skuldast tilhøve som festaren svarar for, pliktar ikkje festaren å betale festeavgift før frå det tidspunktet festaren får den råderetten han eller ho skal ha etter lov og avtale. Gjeld forseinkinga berre ein del av tomta, har festaren krav på høvesvis avslag i festeavgifta for den tida forseinkinga varer. Festaren pliktar likevel ikkje å betale festeavgift dersom festaren ikkje kan utnytte den delen festaren har fått råderett over til festeføremålet.

§ 21.Hevingsrett for festaren ved forseinka oppfylling frå bortfestaren

Ved vesentleg forseinka oppfylling frå bortfestaren kan festaren heve festeavtala.

§ 22.Skadebot ved forseinka oppfylling frå bortfestaren

Festaren kan krevje skadebot for tap som fylgje av forseinking, med mindre bortfestaren godtgjer at forseinkinga ikkje skuldast feil eller forsøming frå bortfestaren eller nokon bortfestaren svarar for.

§ 23.Manglar ved tomta

Det ligg føre mangel ved tomta dersom tomta ikkje har dei eigenskapane som festaren har grunn til å rekne med ut frå festeavtala, opplysningar gjevne av bortfestaren eller nokon bortfestaren svarar for og tilhøva elles. Festaren kan likevel ikkje gjere gjeldande som mangel noko festaren burde ha oppdaga ved ei vanleg undersøkjing.

At tomta er mindre enn festaren rekna med, er ikkje nokon mangel utan når arealet er vesentleg mindre enn opplyst av bortfestaren eller bortfestaren har bore seg særs klanderverdig åt.

§ 24.Krav på retting av manglar

Festaren kan krevje at bortfestaren rettar manglar ved tomta innan rimeleg tid etter at krav om retting er sett fram, dersom mangelen kan rettast utan urimeleg kostnad eller ulempe for bortfestaren. Bortfestaren kan på si side krevje å få rette manglar som festaren har gjort gjeldande, når retting ikkje vil vere til vesentleg ulempe for festaren og vert utførd innan rimeleg tid.

Når det ligg føre rettingsplikt etter fyrste punktum i fyrste ledd utan at bortfestaren oppfyller plikta, kan festaren krevje skadebot for kostnader han eller ho har hatt med å få mangelen retta.

§ 25.Avslag i festeavgifta ved manglar

Festaren kan krevje eit høvesvis avslag i festeavgifta tilsvarande verdiminken som mangelen fører til for festaren.

§ 26.Heving ved manglar

Ved vesentleg mangel kan festaren heve festeavtala. Er tomta blitt forringa etter at festaren fekk råderetten, er det eit vilkår for heving at forringinga anten skuldast tilhøve som festaren ikkje har vågnaden for eller at festaren yter vederlag for verdiminken.

Festaren tapar retten til å heve dersom festaren ikkje gjev bortfestaren melding om heving innan rimeleg tid etter at festaren vart kjent med eller burde vorte kjent med mangelen.

§ 27.Skadebot ved manglar

Festaren kan krevje skadebot for tap festaren får på grunn av manglar ved tomta, med mindre bortfestaren godtgjer at mangelen ikkje skuldast feil eller forsøming frå bortfestaren eller nokon bortfestaren svarar for.

§ 28.Rettsmangel

Dersom festaren på grunn av rettsmanglar hjå bortfestaren ikkje får den råderetten over tomta som festaren etter lov og avtala skal ha, gjeld føresegnene i §§ 20, 24, 25, 26 og 27 tilsvarande.

Festaren kan alltid krevje skadebot for tap som skuldast rettsmanglar som var der på avtaletida og som festaren ikkje kjende til eller burde ha kjent til.

§ 29.Anna mishald frå bortfestaren

Ved anna mishald frå bortfestaren, gjeld føresegnene om manglar tilsvarande, så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

§ 30.Mishald frå festaren

Ved vesentleg mishald frå festaren kan bortfestaren heve festeavtala, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Det kan ikkje avtalast at bortfestaren skal kunne heve utan at mishaldet er vesentleg.

Etter at festaren har bygd hus på tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, kan bortfestaren ikkje heve på grunn av at festaren forsømer å betale festeavgifta i rett tid. Det same gjeld i andre festehøve når tomta er festa bort for 99 år eller meir eller på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren.

Tap og kostnader som skuldast mishald frå festaren kan bortfestaren berre krevje skadebot for når festaren har vore aktlaus.

§ 31.Reklamasjonsfrist

Når nokon av partane i ei festeavtale vil setje fram krav etter føresegnene i dette kapitlet, må det gjerast innan rimeleg tid etter at parten fekk grunn til å gjere mishaldet gjeldande. Det kan likevel ikkje gjerast gjeldande at det er reklamert for seint dersom den som har mishalde avtala har vore grovt aktlaus, uærleg eller for øvrig handla i strid med god tru.

Kapittel VI. Innløysing og lenging

§ 32.Rett til innløysing av festetomt til bustadhus og fritidshus

Festaren kan krevje å få innløyse ei festetomt til bustadhus eller fritidshus når det er gått 30 år av festetida - om ikkje kortare tid er avtalt - eller når festetida er ute. Etter at det er gått 30 år av festetida, kan festaren også krevje å få innløyse ei festetomt til bustadhus kvar gong det er gått to nye år, og ei festetomt til fritidshus kvar gong det er gått ti nye år.

Når festetida er ute for ei slik tomt som er festa bort for festaren si livstid, kan desse krevje innløysing:

a)festarens ektemake,
b)livsarving til festaren,
c)fosterbarn som står i same stilling som livsarving,
d)nokon som dei siste to åra har høyrt til same husstand som festaren.

Til innløysing av festetomter med hus som skjer etter paragrafen her eller med heimel i festeavtala, trengst det ikkje samtykke frå offentleg styresmakt dersom samtykke til bortfeste vart gjeve på bortfestingstida, eller ikkje trongst etter reglane på den tida.

0Endra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 30 juni 2006 nr. 727).
§ 33.Lenging av festetomt til bustadhus og fritidshus

Når festetida er ute for festetomt til bustadhus eller fritidshus, og tomta ikkje blir innløyst etter § 32, lauper festet vidare på same vilkår som før, likevel slik at bortfestaren kan krevje regulering etter § 15 fjerde ledd. For feste som er lenga etter fyrste punktum, gjeld § 7 fyrste ledd om festetid.

0Endra med lover 28 apr 2000 nr. 34 (ikr. 1 juli 2000, etter res. 28 apr 2000 nr. 366), 1 juni 2001 nr. 28 (ikr. 1 juli 2001, etter res. 1 juni 2001 nr. 560), 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015), sjå dens II.
§ 34.Unntak frå festarens rett til innløysing

Retten til innløysing gjeld berre så langt denne kan sameinast med bortfestarens rettsgrunnlag etter lov eller avtale. Ein tredjeperson med rett til bortfestareigedomen kan ikkje setje seg i mot at tomta seinare vert innløyst, dersom han eller ho må reknast å ha gjeve samtykke til bortfestinga utan atterhald mot innløysing.

Ved krav om innløysing av ei festetomt til bustadhus eller fritidshus som høyrer til ein bygdeallmenning, kan bortfestaren i staden tilby festaren lenging etter § 33. Det same gjeld ved krav om innløysing av ei festetomt til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning eller til Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark.

Kongen kan fastsetje i forskrift at det same som i andre leddet skal gjelde så lenge tomt festa bort til fritidshus høyrer til ein landbrukseigedom og inntekta frå festearealet som høyrer til bruket, tilseier at innløysing ikkje finn stad.

Unntaka i paragrafen her gjeld berre så langt innløysingsretten følgjer av § 32.

0Endra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 30 juni 2006 nr. 727), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015).
§ 35.Avgrensing i festarens plikt til innløysing

Avtale om at bortfestaren kan krevje at festaren innløyser tomt som er festa bort til bustadhus og fritidshus før festetida er ute, er ikkje bindande for festaren. Ei slik føresegn i ei avtale inngått før 1976 gjeld likevel dersom det etter tilhøva ville vere urimeleg andsynes bortfestaren ikkje å kunne krevje innløysing.

§ 36.Framsetjing av krav om innløysing

Krav på innløysing etter § 32 må festaren setje fram skriftleg seinast eitt år før innløysingstida er inne. I dei høve som er nemnde i § 32 andre ledd, er fristen eitt år etter at festaren døydde.

Er kravet sett fram seinare, kan Kongen gje oppfrisking om oversitjinga er orsakande. Når innløysingsvilkåra vert fastsett ved skjønn etter § 37 andre ledd, høyrer også spørsmål om oppfrisking under skjønnet.

Retten til innløysing når festetida er ute, fell ikkje bort utan når bortfestaren seinast to år før festetida er ute, har sendt skriftleg oppseiing til festaren med varsel om kva tidspunkt festetida går ut, om retten til innløysing og om fristen for å krevje det. Dette gjeld ikkje når festetida går ut for tomt festa bort for festaren si livstid.

0Endra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane i første og andre ledd skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Regelen i tredje ledd om bortfall av retten til innløysing eller lenging gjeld der festetida går ut 1 jan 2007 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra ved lov 26 jan 2007 nr. 3, 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015).
§ 37.Innløysingsvilkår

Ved innløysing av tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, skal innløysingssummen vere 25 gonger årleg festeavgift etter regulering på innløysingstida, om ikkje ein mindre innløysingssum er avtalt. Ved innløysing der innløysingstida er inne ti år eller kortare før avtala kunne ha vorte lengd etter § 33, kan bortfestaren krevje regulering av festeavgifta etter § 15 fjerde ledd på innløysingstida. Om ikkje anna er avtalt, kan bortfestaren likevel krevje at innløysingssummen for andre tomter enn dei som er festa bort på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren, skal vere 40 prosent av tomteverdet på innløysingstida med frådrag for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det eller dei husa som er på tomta.

Med mindre partane er samde om innløysingsvilkåra, eller har avtalt vilkåra fastsette på annan måte, høyrer krav om innløysing under skjønn, som avgjer retten til innløysing, fastset innløysingssummen, innløysingsvilkåra elles og avgjer spørsmål som gjeld gjennomføringa av innløysinga.

Kongen kan gje forskrift om kva som skal fylgje med ved innløysing og på kva måte innløysingsrett kan gjerast gjeldande

a)i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ein samla plan, og
b)ved punktfeste (§ 16 fyrste ledd tredje punktum).
0Føyd til med lov 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), endra med lover 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 30 juni 2006 nr. 727), 19 juni 2009 nr. 76 (ikr. 1 okt 2009, etter res. 4 sep 2009 nr. 1152), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015), sjå dens II.
§ 38.Gjennomføring av innløysing

Når innløysingssummen og innløysingsvilkåra elles er endeleg fastsette, kan festaren krevje at bortfestaren gjer det som trengst frå bortfestarens side for å få tomta skild ut frå bortfestareigedomen og heimelen overførd til festaren.

Festaren ber alle kostnader som frådeling og heimelsoverføring fører med seg, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Seinast fire veker etter at innløysingssummen er endeleg fastsett ved skjønn, voldgift eller rettsleg avgjerd, kan festaren seie frå seg kravet om innløysing. Festaren må då dekkje bortfestaren sine naudsynte kostnader som følgje av kravet, medrekna ilagte sakskostnader til festaren. Kvar av partane kan be avgjerdsinstansen ved orskurd å fastsetje beløpet som festaren skal betale. Skjønnets eller rettens leiar eller ein annan dommar kan seie orskurden åleine.

0Endra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336), endra paragrafnummer frå § 37, 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 30 juni 2006 nr. 727).

Kapittel VII. Avvikling

§ 39.Borttakingsrett og ryddingsplikt

Når eit tomtefeste skal avviklast, har festaren rett og plikt til å ta bort hus og andre faste tilskipingar som festaren har på tomta. Bortfestaren kan likevel krevje at det førebels vert ståande til trygd for krav som bortfestaren meiner å ha. I så fall må bortfestaren innan rimeleg tid ta steg til å få kravet rettsleg avgjort.

Festaren pliktar å ta bort lausøyre, rydde opp etter seg på tomta og å gjennomføre naudsynte tiltak for å sikre mot skade eller fåre for skade.

Det som festaren ikkje tek bort innan rimeleg tid etter at festaren har fått skriftleg oppmoding om det, tilfell bortfestaren utan vederlag.

Føresegnene i denne paragrafen gjeld berre så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

§ 40.Rett og plikt til overtaking av hus og faste tilskipingar

Dersom borttaking etter § 39 vil føre til at verdiar går til spille i utrengsmål, kan både festaren og bortfestaren få rett til å krevje at bortfestaren tek over hus og faste tilskipingar mot vederlag. Bortfestaren kan likevel ikkje påleggjast slik overtaking dersom festaren kan krevje tomta innløyst, eller dersom bortfestaren tilbyr festaren å løyse inn tomta mot vederlag fastsett etter føresegnene i § 37. Føresetnaden er at korkje rettsgrunnlaget til bortfestaren, avtala eller andre tilhøve er til hinder for innløysing.

Tvist om rett og plikt til overtaking etter fyrste ledd høyrer under skjønn, om partane ikkje har avtalt eller vert samde om ein annan avgjerdsmåte.

0Endra med lov 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336).
§ 41.Vederlaget ved overtaking

Når bortfestaren krev overtaking, skal vederlaget setjast til det det ville koste å føre opp tilsvarande hus og tilskipingar på tomta på overtakingstida, med frådrag for verdmink på grunn av alder og bruk i festetida.

Når festaren krev overtaking, skal vederlaget setjast til det verdet husa og tilskipingane har for bortfestaren. Er årsaka til avviklinga mishald frå festaren eller ei oppseiing frå festaren som ikkje har samanheng med meir tyngjande festevilkår, kan vederlaget setjast lågare.

Festaren kan krevje ei rimeleg godtgjersle for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller med tilskott til tiltak som er gjort av bortfestaren eller andre.

Fastsetjing av vederlag etter denne paragrafen høyrer under skjønn, om partane ikkje har avtalt eller vert samde om ein annan avgjerdsmåte. Den parten som har kravd overtaking, kan gå frå kravet så framt han eller ho seier frå om det innan fire veker etter at vederlaget er endeleg fastsett.

Kapittel VIII. Framfeste

§ 42.Framfeste

Med framfeste er i lova her meint festehøve der bortfestaren berre har leigerett til tomta.

I nye festeavtaler må både grunneigaren og den som har leigerett til grunnen vere partar på bortfestarsida, dersom det skal festast bort tomt til bustadhus eller fritidshus. Tomter til andre føremål kan festast bort av den som har leigerett til grunnen, så langt det er i samsvar med rettsgrunnlaget til leigaren.

I festeavtaler inngått etter 1975, men før lova her tek til å gjelde, kan festaren ved framfeste gjere føresegnene om minste festetid gjeldande i høve til grunneigaren utan omsyn til om leigetida er ute etter leigeavtala mellom frambortfestaren og grunneigaren.

Ved feste av tomt til bustadhus eller fritidshus gjeld reglane om innløysing og lenging i kapittel VI også i høvet mellom festaren og grunneigaren.

Så langt ikkje anna fylgjer av avtale, gjeld føresegnene i §§ 40 og 41 tilsvarande mellom festaren og grunneigaren utan omsyn til når festeavtala er inngått, likevel slik at krav om at grunneigaren skal ta over hus og faste tilskipingar berre kan setjast fram når leigaren ikkje sjølv ynskjer å ta over hus og faste tilskipingar og heller ikkje har rimeleg grunn til å setje seg imot at grunneigaren får ta over.

0Endra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015).

Kapittel IX. Skjønn

§ 43.Skjønn

Skjønn etter lova her blir haldne som rettslege skjønn. Skjønnet kan styrast av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver dersom partane er samde om det.

Ved skjønn etter §§ 5 a, 15 og 37 skal talet på skjønnsmedlemer alltid vere to, både ved skjønn og overskjønn. Om dekking av sakskostnader gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 43.

Ved skjønn etter § 37 kan saka bli delt slik at det blir forhandla og fastsett særskilt om festaren har rett til innløysing eller om kva innløysingssummen er, slik at skjønnet elles blir utsett.

0Endra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004, etter res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane gjeld der krav om skjønn blir sett fram 1 nov 2004 eller seinare. Gjeld skjønnet krav om innløysing, skal endringane likevel berre gjelde der endringane i 37 gjeld for kravet etter § 1 eller § 3 i forskr. 15 okt 2004 nr. 1338 overgangsreglar ved ikraftsetjing av endringslova), 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 30 juni 2006 nr. 727), 3 sep 2010 nr. 54 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 3 sep 2010 nr. 1238).

Kapittel X. Ikraftsetjing m.m.

§ 44.Ikraftsetjing. Overgangsføresegner

Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.1

§ 10 fyrste ledd gjeld berre for åremålsfeste (feste som er skipa for eit visst åretal eller som går ut til ei fastsett tid) som går ut tidlegast tre år etter at lova her tek til å gjelde.

For festeavtaler inngått før 1976 gjeld føresegnene i kapittel VI der festetida går ut to år eller meir etter at lova har teke til å gjelde. For krav om innløysing i festehøve der festetida går ut tidlegare, gjeld lov av 30. mai 1975 nr. 20 om tomtefeste § 33 så framt søknad om innløysing er sett fram seinast to år etter at lova her har teke til å gjelde.

1Frå 1 jan 2002, etter res. 8 juni 2001 nr. 571.
§ 45.Oppheving av og endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, vert lov av 30. mai 1975 nr. 20 om tomtefeste oppheva, med dei unnatak som fylgjer av § 44 tredje ledd.

Frå same tida skal fylgjande føresegner i andre lover endrast slik: - - -