Lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap.

DatoLOV-1999-07-16-68
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
Sist endretLOV-2003-09-05-91 fra 01.03.2004
PublisertAvd I 1999 Nr. 16
Ikrafttredelse01.11.1999
Endrer
Kunngjort
KorttittelLov om Kommunalbanken AS - Kombl.

Jf. tidligere lov 15 juli 1949 nr. 1 om Norges Kommunalbank.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne lova er å regulere forholdet til aksjelovgivinga og visse overgangsspørsmål i samband med omdanning av forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank til aksjeselskap.

§ 2.Forholdet til aksjelovgivinga

Når denne lova trer i kraft, blir Noregs Kommunalbank omdanna til aksjeselskap.

§ 3.Om retten til å bruke ordet «bank» i namn (foretaksnavn)

Aksjeselskapet Kommunalbanken kan utan hinder av lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbanker § 21 bruke ordet «bank», med eller utan tillegg, i sitt namn (foretaksnavn) og ved omtale av si verksemd.

0Endra med lov 5 sep 2003 nr. 91 (ikr. 1 mars 2004, etter res. 5 sep 2003 nr. 1118).
1Opphevet, sjå no lov 10 apr 2015 nr. 17 § 2-19.
§ 4.Overføring av offentlege rettar m.v.

Ved omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap blir eigedelar, rettar, under det offentlege løyve osv., og skyldnader overførte til aksjeselskapet.

Omregistrering i grunnbok og andre offentlege register i samband med omdanninga skjer ved namneendring.

§ 5.Overføring av skyldnader

Overføring til aksjeselskapet av skyldnader knytt til forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank har frigjerande verknad for staten.

Kravshavarar og andre rettshavarar kan ikkje setje seg imot overføringa eller gjere gjeldande at den er ein bortfallsgrunn for rettsforholdet.

§ 6.Førerett til anna statsstilling og venteløn

Lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tenestemenn m.m. § 13 nr. 2 til 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal framleis gjelde for tidlegare arbeidstakarar i forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank som blir sagde opp av grunn som nemnd i tenestemannslova § 13 nr. 1 bokstavene a, b og c, og som var omfatta av desse reglane før omdanninga. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphøyrer 3 år etter at lova her tek til å gjelde. Føresegna her gjer inga innskrenking i arbeidstakars rettar etter lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidarvern og arbeidsmiljø m.v.1 §§ 60 nr. 2 og 67.

1Lova er opphevd. Sjå no lov 17 juni 2005 nr. 62.
§ 7.Overgangsreglar

Kongen kan gi overgangsreglar.

§ 8.Iverksetting

Lova her tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

§ 9.Endring av andre lover

Frå den tid lova tek til å gjelde, skal desse føresegnene i andre lover endrast slik: - - -