Lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova).

DatoLOV-1999-12-22-105
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
Sist endretLOV-2015-06-19-65 fra 01.10.2015
Publisert
Ikrafttredelse01.01.2000
Endrer
Kunngjort
KorttittelBrukthandellova - brhll.

Jf. tidlegare forordning 16 apr 1681, 7 aug 1742, 23 mars 1778, 20 aug 1778, plakat 16 okt 1782, 14 juni 1786, 5 sep 1787, plakat 30 okt 1898, 20 juli 1807, 22 des 1808, 1 mai 1810, lover 1 juli 1816, 8 juni 1818, 11 sep 1818, 1 aug 1821, 28 juli 1824, 13 sep 1830, 20 aug 1833, 2 juli 1836, 6 apr 1838, 9 aug 1838, 8 aug 1842, 19 aug 1845, 17 aug 1848, 3 sep 1851, 21 jan 1860, 22 juni 1863, 26 mai 1866, 4 juni 1866, 24 mai 1873, 3 juni 1874, 22 mars 1879, 15 juni 1882 nr. 4, 4 juli 1884 nr. 3, 29 juni 1894 nr. 3, 27 juli 1896 nr. 11, 13 mai 1899 nr. 2, 26 mai 1906, 16 juli 1907 (med tilleggslover 18 juni 1913 nr. 1, 17 aug 1915 nr. 1 og 4 mars 1926), 21 juni 1929 nr. 5 (med tilleggslover 31 jan 1930, 16 mai 1930 nr. 5 og 6 juli 1933 nr. 15), 8 mars 1935 (med tilleggslov 9 juni 1961 nr. 25) og 6 juni 1980 nr. 21.

§ 1.Verkeområde, formål m.v.

Denne lova gjeld handelsverksemd med brukte og kasserte ting.

Som handelsverksemd vert rekna handel med varer i næring for eiga eller framand rekning og i eige eller i framand namn. Opptak av bestilling av varer i næring for seinare levering vert òg rekna som handelsverksemd.

Handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk.

Formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar.

§ 2.Krav om løyve frå politiet

Handelsverksemd med og oppkjøp med sikte på sal av brukte og kasserte ting, medrekna brukte kunstgjenstandar og antikvitetar, krev løyve frå politiet. Ein må ha løyve alle stader der verksemda vert driven, både på innkjøpsstad og salsstad.

Løyve som nemnt i første ledd kan bli nekta og kan trekkjast attende dersom måten verksemda vert driven på, eller andre forhold, gir grunn til å frykte misbruk. Slike vedtak kan klagast inn for departementet etter reglane i forvaltningslova §§ 28-34.

§ 3.Unnatak frå politiløyve

Føresegnene i § 2 gjeld ikkje for auksjonsverksemd som vert driven av advokatar.

0Endra med lov 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 19 aug 2005 nr. 901).
§ 4.Forskriftsheimel

Departementet kan gi forskrifter om verksemd som nemnt i § 2, og verksemd som nemnt i § 3.

Departementet kan òg gi forskrifter om meldeplikt til politiet og om føring av protokoll osv., for foretak som skaffar seg brukte og kasserte ting til bruk i eiga bedrift.

§ 5.Straff

Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegner gitt i eller i medhald av denne lova, vert straffa med bøter eller under skjerpande forhold med fengsel i inntil tre månader.

0Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
§ 6.Ikraftsetjings- og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tidspunkt vert lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet oppheva.

Løyve frå politiet gitt med heimel i lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet gjeld òg etter ikraftsetjinga av lova her.

0Lova trådte ikr. 1 jan 2000, etter res. 22 des 1999 nr. 1373.
§ 7.Endringar i andre lover

Frå den tid lova trer i kraft vert det gjort følgjande endringar i andre lover: - - -