Lov om iverksetjing av internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler [sanksjonslova].

DatoLOV-2001-04-27-14
DepartementUtenriksdepartementet
Sist endretLOV-2015-06-19-65 fra 01.10.2015
PublisertI 2001 hefte 6
Ikrafttredelse27.04.2001
Endrer
Kunngjort
KorttittelSanksjonslova

§ 1.Kongen kan treffe dei føresegnene som er naudsynte for at Noreg kan slutte seg til internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler.
§ 2.Føresegner som er gjevne i medhald av denne lova, gjeld med dei innskrenkingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat.
§ 3.Den som bryt føresegner som er gjevne i medhald av denne lova, kan straffast med bøter eller fengsel inntil tre år, eller begge delar. Den som aktlaust bryt føresegner som nemnt i første ledd, kan straffast med bøter eller fengsel i seks månader, eller begge delar.

§ 8 i straffelova gjeld ikkje.

0Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
§ 4.Denne lova tek til å gjelde straks.