Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

DatoLOV-2002-06-21-45
DepartementSamferdselsdepartementet
Sist endretLOV-2014-08-29-63 fra 01.01.2016, LOV-2015-12-11-102
PublisertI 2002 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2003
Endrer
Kunngjort
KorttittelYrkestransportlova

Kapitteloversikt:

Jf. tidlegare lover 19 juni 1964 nr. 7, 4 juni 1976 nr. 63.

Kap. 1. Allmenne reglar

§ 1.Kva lova gjeld (virkeområde)
(1) Lova gjeld for transport med motorvogn eller fartøy i Noreg, jf. likevel § 10.
(2) Luftputefartøy vert rekna som fartøy etter denne lova.
(3) Beltebil reknast ikkje som motorvogn etter denne lova.
§ 2.Rutetransport
(1) Som rutetransport reknast regelmessig transport av personar i eit bestemt trafikksamband dersom transporten står open for alle, og på- og avstiging kan skje på stoppestader som er fastsette på førehand.
(2) Følgjande transport skal likevel ikkje reknast som rutetransport:
a)transport av personar frå ein stad og tilbake til denne, når motorvogna eller fartøyet ikkje vert nytta til transport av andre før heile turen er avslutta,
b)transport av personar så framt minst ei overnatting er teken med i den sams prisen og dei påmelde passasjerane følgjer med på heile turen frå utgangspunkt til endepunkt,
c)transport inkludert overnatting som er lagt til rette for regelmessig transport av grupper av personar frå eit avgangsområde til eit bestemmelsesområde, slik at den gruppa som har vore med på turen ut, først returnerer samla til avgangsområdet med ein seinare tur.
§ 3.Unntak

Departementet kan i tvilstilfelle i forskrift eller einskildvedtak fastsetje kva som skal reknast som rutetransport.

Kap. 2. Løyve

§ 4.Løyve for persontransport med motorvogn
(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass.
(2) Løyve kan tildelast den som
a)driv ei faktisk og varig verksemd i Noreg,
b)har god vandel,
c)har tilfredsstillande økonomisk evne, og
d)har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.
0Endra med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015, etter res. 21 nov 2014 nr. 1428).
§ 5.Løyve for godstransport med motorvogn
(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal godstransport med motorvogn eller motorvogn med tilhengar, med tillaten totalvekt over ei vektgrense som vert nærare fastsett av departementet, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører godstransport mot vederlag med motorvogn som elles er friteken frå kravet til løyve i medhald av § 16, når transporten kan sjåast som ledd i næringsverksemd. § 4 andre ledd gjeld tilsvarande.
(2) Som motorvogn etter denne lova reknast varebil, lastebil, kombinert bil og trekkbil tillaten brukt på offentleg veg.
0Endra med lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 17 des 2010 nr. 1671), 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015, etter res. 21 nov 2014 nr. 1428).
§ 6.Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn i rute
(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med motorvogn må i tillegg til løyve etter § 4 første ledd ha særskilt løyve for rutetransport.
(2) Administrasjonsselskap som nemnt i § 23 treng ikkje løyve.
(3) Den som har ruteløyve kan samstundes og med same motorvogn utføre godstransport utan særskilt løyve for transport av gods.
§ 7.Behovsprøvd løyve for persontransport med fartøy i rute
(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med luftputefartøy, eller med anna fartøy over 8 m lengde tilsvarande 4 bruttotonn må ha ruteløyve. § 4 andre ledd bokstav b) og c) og § 6 andre ledd gjeld tilsvarande.
(2) Det trengs likevel ikkje ruteløyve for:
a)Transport mellom Noreg og andre land som tek med personar mellom stader i Noreg.
b)Transport av personar innan ein kommunes sjøområde, dersom det med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann er fastsett særskilt løyveordning. Dette gjeld likevel ikkje for riksvegferjer.
c)Transport av inntil 12 personar, såframt det ikkje vert krevd passasjersertifikat etter lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven).
0Endra med lover 16 feb 2007 nr. 9 (ikr. 1 juli 2007, etter res. 16 feb 2007 nr. 170), 17 apr 2009 nr. 19 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 4 des 2009 nr. 1456), 23 jan 2015 nr. 6 (ikr. 23 jan 2015, etter res. 23 jan 2015 nr. 56).
§ 8.Tildeling av løyve ved konkurranse
(1) Når det vert gjeve godtgjersle eller einerett ved tildeling av løyve, skal det nyttast konkurranse så langt det følgjer av lova her, lov 4. desember 1992 nr. 121 om fri utveksling av tjenester innen sjøtransport § 1 tredje ledd, lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlige anskaffelser og forskrifter gjevne med heimel i desse lovene.
(2) Reglane i arbeidsmiljøloven §§ 16-2 til 16-7, om arbeidstakarane sine rettar ved overdraging av verksemd gjeld tilsvarande når løyvet blir tildelt ved konkurranse, dersom verksemda etter konkurranse blir driven med same type transportmiddel som før.
(3) Løyvestyresmakta skal informere dei som vil delta i konkurransen, om kor mange tilsette den verksemda har som no har løyvet knytt til den rutetenesta konkurransen gjeld, og om deira alder, ansiennitet og lønns- og arbeidsvilkår.
(4) Løyvestyresmakta kan krevje informasjonen nemnt i tredje ledd frå den som har løyve etter §§ 6 eller 7.
(5) Den som får tildelt løyve gjennom konkurranse, må forplikte seg til å sikre at dei tilsette som direkte arbeider med å oppfylle kontrakten, får lønns- og arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale, eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke. Tilsvarande plikt gjeld òg for underleverandørar.
(6) Andre til femte ledd gjeld òg når konkurranse blir gjennomført av administrasjonsselskap på oppdrag frå løyvestyresmakta.
(7) Departementet kan gje nærare forskrift om konkurranse.
0Endra med lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 sep 2009), 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 17 des 2010 nr. 1672).
§ 9.Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn utanfor rute
(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha særskilt drosjeløyve. § 4 andre ledd gjeld tilsvarande.
(2) Løyve for drosjekøyring gjeven til fysisk person fell bort når innehavaren fyller 70 år.
(3) Løyvestyresmakta kan gje påbod om at det skal skipast drosjesentralar og om korleis dei skal drivast, om plikt til å betale innskot og avgift til sentralen og om at sentralen skal ha rett til å fastsetje køyreordninga og gje andre reglar for verksemda. Slike føresegner kan gjerast gjeldande både for løyvehavar og førar, og ha med pålegg om bruk av uniform.
(4) Departementet kan gje forskrifter om andre særskilte løyveordningar for persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 17 personar.
(5) Departementet kan gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt når ho vert nytta til løyvepliktig transport etter denne paragrafen.
0Endra med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 juli 2013).
§ 10.Transport med motorvogn til eller frå utlandet mv.
(1) Den som har forretningsstad i Noreg og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå utlandet, må ha rett til å utføre tilsvarande transport innanlands og dessutan ha særskilt samtykke frå vedkommande stat dersom dette krevst.
(2) Den som har forretningsstad i utlandet og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå Noreg, må ha særskilt samtykke frå Noreg når ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part.
(3) Den som ikkje har forretningsstad i Noreg kan ikkje utføre transport av personar eller gods mot vederlag mellom stader i Noreg, dersom ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part. I einskildvedtak kan departementet òg gje samtykke til slik transport for verksemder frå land som Noreg ikkje har tilsvarande avtale med.
(4) Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar og vilkår for transport mot vederlag med motorvogn til eller frå Noreg, og for transport mot vederlag mellom stader i Noreg utført av den som har forretningsstad i utlandet.
0Endra med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 juli 2013).
§ 11.Vilkår

Løyvestyresmakta kan setje vilkår for det einskilde løyvet.

Kap. 3. Løyvestyresmakt

§ 12.Løyve
(1) Løyve etter §§ 4 og 5 vert gjevne av Statens vegvesen.
(2) Løyve etter § 9 vert gjevne av fylkeskommunen.
0Endra med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015, etter res. 21 nov 2014 nr. 1428).
§ 13.Behovsprøvd løyve for persontransport i rute
(1) Departementet gjev løyve til riksvegferjer og til rutetransport som går gjennom to eller fleire fylke.
(2) Med den avgrensinga som følgjer av første ledd, gjev fylkeskommunen løyve til rutetransport etter §§ 6 og 7.
§ 14.Internasjonal transport og kabotasje utanfor EØS
(1) Tillatingar etter § 10 første ledd vert gjevne av Statens vegvesen.
(2) Samtykke til transport etter § 10 andre og tredje ledd vert gjeve av departementet.
0Endra med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015, etter res. 21 nov 2014 nr. 1428).
§ 15.Delegering

Departementet kan delegere sine oppgåver etter denne lova til fylkeskommunen.

Kap. 4. Transport som kan drivast utan løyve

§ 16.Eigentransport av gods
(1) Det trengst ikkje løyve etter § 5 for transport av eige gods (eigentransport) når transporten er ledd i anna næringsverksemd.
(2) Likt med eige gods reknar ein gods som vedkomande har eller får rådvelde over i samband med kjøp, sal, lån, leige, framstilling, behandling og reparasjon.
(3) Første ledd gjeld berre godstransport som er ein hjelpefunksjon i høve til verksemda si samla aktivitet, og utførast av eigaren av verksemda eller ein tilsett i denne.
(4) - - -.
(5) Første ledd gjeld berre motorvogn som verksemda eig eller har bruksrett til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.
0Endra med lov 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 17 des 2010 nr. 1671).
§ 17.Transport av post

Posten Norge AS treng ikkje løyve for transport av postsendingar som ligg innanfor samfunnspålagte oppgåver og som følgjer av selskapet sin konsesjon etter lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendinger (postloven).1 Unnatak frå løyveplikta gjeld berre transporter som Posten Norge AS utfører med motorvogner selskapet eig eller har bruksretten til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.

0Endra med lov 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).
1Opphevd, sjå no lov 4 sep 2015 nr. 91.
§ 18.Eigentransport av personar

Det trengst ikkje løyve når ei verksemd transporterer eigne tilsette til eller frå arbeidsstaden. Likeins trengs det ikkje løyve når hotell eller liknande verksemd utfører transport av eigne overnattingsgjester. § 16 femte ledd gjeld tilsvarande.

§ 19.Persontransport knytt til arbeidsforhold innan helse- og omsorgssektoren
(1) Tilsette i det offentlege eller i offentleg godkjend institusjon innan helse- eller omsorgssektoren treng ikkje løyve for å drive persontransport med motorvogn registrert for inntil 9 personar inkludert førar, dersom transporten framstår som eit naturleg ledd i den tilsette sine arbeidsoppgaver.
(2) Første ledd gjeld berre transport som framstår som ein underordna funksjon og der vederlaget for transporten ikkje overstig staten sine satsar for kilometergodtgjersle.
§ 20.Annan persontransport
(1) Det trengst ikkje løyve når den som rår over ein personbil tek med seg folk han arbeider saman med eller grannar når han køyrer mellom bustad og arbeidsstad.
(2) Likeins krevst det ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.
§ 21.Særskilde transportar
(1) Departementet kan i forskrift eller i einskildvedtak fastsetje unnatak frå kravet om løyve for særskilde slag transportar eller motorvogner dersom det ikkje er i strid med internasjonal avtale der Noreg er part.
(2) For unnatak frå kravet om løyve etter denne paragrafen gjeld § 11 tilsvarande.

Kap. 5. Offentleg godtgjersle til rutetransport

§ 22.Lokal rutetransport
(1) Fylkeskommunen har ansvar for å yte godtgjersle til rutetransport som fylkeskommunen vil opprette eller halde oppe innan eit fylke, jf. likevel § 24.
(2) Vedtak av fylkeskommunane i saker om godkjenning av ruteplan, takstar og godtgjersle kan ikkje klagast til departementet.
(3) Staten yter årleg rammetilskot til delvis dekning av fylkeskommunane sine utgifter. Tilskotet blir fordelt gjennom inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane etter reglar gjevne av Kongen.
(4) Innan dei fristane departementet fastset, skal fylkeskommunane leggje fram budsjett, rekneskap og elles gje dei opplysningane som trengst for departementet si vurdering av framtidig samla behov for tilskot.
(5) Med dei avgrensingane som følgjer av § 8 første ledd, fastset fylkeskommunen kontraktsform og retningsliner som skal gjelde ved inngåing av kontraktar om godtgjersle.
0Endra med lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010), 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 17 des 2010 nr. 1672).
§ 23.Administrasjonsselskap

Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at godtgjersle til rutetransport skal gå til eit selskap som administrerer rutesambanda i fylket. § 22 femte ledd gjeld tilsvarande.

0Endra med lov 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 17 des 2010 nr. 1672).
§ 24.Riksvegferjer

Departementet har ansvar for å yte godtgjersle til ferjer i riksvegsamband. For departementet gjeld § 22 femte ledd tilsvarande.

0Endra med lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010), 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 17 des 2010 nr. 1672).

Kap. 6. Sams føresegner

§ 25.Tildeling av løyve

Løyve etter denne lova kan tildelast dei som fyller krava som er sette i lova eller i forskrift med heimel i lova. Eit selskap eller annan juridisk person kan tildelast løyve på vilkår som vert nærare fastsette av departementet.

§ 26.Politiattest

Det skal krevjast ordinær politiattest ved søknad om løyve etter denne lova, og etter at løyve er gitt etter ein tidsperiode som vert nærare fastsett av departementet.

0Endra med lov 23 jan 2015 nr. 6.
§ 26 a.Erklæring om at transportleiarar ikkje er skikka til å leie transportverksemd
(1) Løyvestyresmaktene skal erklære at ein transportleiar er uskikka til å leie transportverksemd dersom transportleiaren ikkje lenger oppfyller kravet til god vandel. Det skal gå fram av erklæringa at ho gjeld for den perioden kravet til god vandel ikkje er oppfylt.
(2) Departementet kan gje nærare forskrift om erklæring om uskikka transportleiarar.
0Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015, etter res. 21 nov 2014 nr. 1428).
§ 27.Kor lenge eit løyve gjeld
(1) Løyve etter §§ 4 og 5 gjeld i ti år.
(2) Løyve etter § 9 gjeld utan avgrensing i tid, jf. likevel § 9 andre ledd.
(3) Behovsprøvde løyve etter §§ 6 og 7 gjeld i ti år. Ved bruk av konkurranse ved tildeling av løyve, eller når det følgjer av forskrift gjeve med heimel i denne lova, gjeld løyve for den tid inngått kontrakt om offentleg tenesteyting gjeld. Løyve som er gjeve når denne lova tok til å gjelde, gjeld for den tida dei er gjevne for. Løyvestyresmaktene kan ta att eit løyve før løyvetida er ute i samband med innføring av konkurranse for vedkommande rute eller ruteområde.
(4) Departementet kan i løyvetida gjere endringar i forskriftene for løyvepliktig verksemd og i vilkår som er sette for eit løyve. Vil løyvehavaren ikkje halde fram med drifta på dei nye vilkåra, skal han få ei rimeleg tid til å leggje ned verksemda.
0Endra med lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010), 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011, etter res. 17 des 2010 nr. 1672), 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015, etter res. 21 nov 2014 nr. 1428).
§ 28.Overføring av løyve mv.

Ein løyvehavar kan ikkje overlate løyvet sitt til andre utan samtykke frå løyvestyresmakta.

§ 29.Tilbakekalling av løyve
(1) Løyvestyresmakta kan kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller dei krava som er sette i forskrifter og vilkår, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår som gjeld for å drive verksemda.
(2) Døyr løyvehavaren, skal den som rår over buet hans straks sende melding om dødsfallet til den styresmakt som har gjeve løyvet. Det same skal gjerast om løyvehavaren går konkurs. Når løyvehavar døyr eller går konkurs, kan løyve takast att utan varsel. Departementet kan gje nærare føresegner om avvikling av løyve der løyvehavar døyr.
(3) Når retten til å drive løyvepliktig verksemd etter lova har falle bort, skal løyvehavaren eller den som rår over buet hans, straks sende tilbake dei legitimasjonane og løyveskilta som han har fått frå løyvestyresmakta.
(4) Når det er fastsett at løyve skal takast att, kan det samstundes gjerast vedtak om at vedkomande ikkje skal få nytt løyve før etter ei fastsett tid utan omsyn til at han fyller krava for å få nytt løyve.
§ 29 a.Elektronisk register over dei som har og dei som søkjer om løyve etter lova her
(1) Departementet skal opprette og drive eit elektronisk register over dei som har forretningsstad i Noreg, og som har eller som søkjer om løyve etter lova her. Registeret skal innehalde opplysningar knytt til løyve, mellom anna opplysningar om namn og juridisk form på verksemda, verksemda si adresse, namn på transportleiarar og løyvetype som er tildelt verksemda. I tillegg skal registeret innehalde opplysningar om vandel knytt til person og verksemd.
(2) Registeret skal koplast saman med dei elektroniske registra i dei andre EØS-landa for utveksling av informasjon etter vilkår som vert nærare fastsette av departementet.
(3) Departementet kan gje nærare forskrift om registeret.
0Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015, etter res. 21 nov 2014 nr. 1428).
§ 30.Merking av motorvogn

Departementet kan gje forskrifter om at motorvogn som vert nytta til løyvepliktig transport skal merkast med løyveskilt.

§ 31.Gebyr

Departementet kan i forskrifter fastsetje at det skal betalast gebyr for utferding av løyvedokument, løyveskilt eller annan dokumentasjon etter denne lova.

§ 32.Plikt til å gje statistikk mv.
(1) Den som i samband med næring eller verksemd han driv, sender eller tek mot gods, og dei som driv eller direkte eller indirekte formidlar transport av personar eller gods mot vederlag, skal gje dei opplysningane som departementet krev ved gjennomføringa av denne lova.
(2) Departementet kan gje forskrifter om statistikk for løyvepliktig transport og for transport som er friteken for løyveplikt etter denne lova.
§ 32 a.Passasjerrettar
(1) Departementet kan gje forskrift om gjennomføring og utfylling av reglar om busspassasjerrettar som er tekne inn i EØS-avtalen.
(2) Departementet kan peike ut bussterminalar som skal tilby assistanse til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne, og kan gje nærare forskrift om slike ordningar.
(3) Departementet kan gje forskrift om skiping av eit klageorgan for løysing av tvistar mellom passasjerar og den som driv persontransport med motorvogn i rute, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasjerane. Departementet kan gje forskrift om at klageorganet heilt eller delvis skal finansierast gjennom gebyr frå den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn i rute, andre som er omfatta av ordninga, og klagarane. Departementet kan òg gje forskrift om innkrevjing av gebyr og forskrift som nemnt i luftfartsloven § 10-44 andre ledd første punktum og andre punktum nr. 1 til 3 og nr. 5 og 6. Reglane i luftfartsloven §§ 10-45 til 10-47 gjeld tilsvarande. Avgjerdene i klageorganet skal ikkje vere rettsleg bindande.
(4) Departementet kan fastsetje at den som mot vederlag driv persontransport i rute med motorvogn i, til eller frå Noreg, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasjerane, skal vere omfatta av klageordninga i tredje ledd.
(5) Departementet kan peike ut eit handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglar gjevne i, eller med heimel i, første til fjerde ledd vert følgde. Handhevingsorganet kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på reglane i første til fjerde ledd. Departementet kan gje forskrift om at handhevingsorganet utan omsyn til teieplikta kan krevje innsyn og informasjon frå den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn i rute, eller andre som i samband med slik transport har pliktar overfor passasjerane.
0Føyd til med lov 29 aug 2014 nr. 63 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 18 des 2015 nr. 1619).
§ 33.Transportvedtekter
(1) Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak gje reglar om transportvedtekter og om tilleggsavgift ved manglande gyldig billett i rutetransport.
(2) Reisande med rutetransport som går inn under lova her, som i kontroll ikkje kan framvise gyldig billett, og som ikkje på staden betaler den tilleggsavgift som departementet har godkjend med heimel i første ledd, kan haldast tilbake av transportselskapet sine kontrollørar så lenge den reisande ikkje gjev tilstrekkelege opplysningar om namn, adresse og fødselsdato. Retten til å halde reisande tilbake gjeld òg mens dei opplysningane den reisande gjev vert stadfesta.
(3) Retten til å halde reisande tilbake etter andre ledd gjeld berre når retten er godkjend av departementet som del av selskapet sine transportvedtekter.
(4) Ein person kan ikkje verte halde tilbake dersom det etter omstenda vil vere eit uforholdsmessig inngrep.
(5) Personar under 15 år bør ikkje haldast tilbake.
§ 34.Søksmålsfrist

Styringsorgan som har gjort vedtak etter denne lova, kan fastsetje at fristen for å reise søksmål skal vere to månader frå det kom fram melding om vedtaket til vedkommande part.

0Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 35.Utfyllande forskrifter

Departementet gjev nærare forskrifter om kvar enkelt løyveordning og utfyllande forskrifter til gjennomføring av lova.

Kap. 7. Særlege fullmakter

§ 36.Ekstraordinære tilhøve

Når samferdselsomsyn under ekstraordinære tilhøve gjer det naudsynt, kan departementet gje løyvehavar pålegg om å utføre visse transportoppgåver. Det same gjeld for andre som eig eller brukar motorvogner for gods- og persontransport, målepliktig fartøy og statens jernbanetrafikkselskap og jernbanetrafikkselskap der statens jernbanetrafikkselskap eig over halvparten av selskapet.

§ 37.Sivil transportberedskap

Departementet kan gje føresegner om den sivile transportberedskap i fredstid, ved beredskap, mobilisering og i krig samt ved ekstraordinære krisetilhøve. Departementet kan òg i føresegnene gjere unntak frå reglane i lova. Departementet kan pålegge fylkeskommunane transportberedskapsoppgaver.

Kap. 7A. Kjøresetel

0Kapitlet føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).
§ 37 a.Virkeområde

Førar av drosje, selskapsvogn, turvogn, rutevogn og motorvogn som er spesielt utforma og/eller utstyrt for transport for funksjonshemma, må under persontransport mot vederlag ha kjøresetel i tillegg til førarkort.

Kjøresetelen gjeld for heile landet og blir utferda av politimeisteren eller den han gir myndigheit der vedkommande bur. Det er ikkje nødvendig med ny kjøresetel ved skifte av bustad, jf. likevel § 37 c fjerde ledd.

Kjøresetel blir utferda for 10 år. For person som er fylt 60 år blir kjøresetelen utferda for 5 år, men ikkje lenger enn til innehavaren fyller 75 år. Etter fylte 70 år må gyldig legeattest som ikkje er eldre enn 1 år, takast med for at kjøresetelen skal vere gyldig. Dersom særlege helseforhold tilseier det, skal perioden kjøresetelen er gyldig for setjast kortare.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra med lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 juli 2009), 23 jan 2015 nr. 6.
§ 37 b.Søknad om kjøresetel m.m.

Søknad om kjøresetel skal gjerast på fastsett blankett. Legeattest skal leggjast ved søknad om kjøresetel og søknad om fornying av kjøresetel.

Det blir stilt same krav til helse m.m. som for førarkort klasse D og DE. Dersom innehavar av kjøresetel ikkje lenger fyller dei krava som er sette for syn, hørsel og førleik, pliktar vedkommande å gi melding til politiet.

Politiet skal gi kjøresetelen påteikning om eventuelle avgrensande vilkår.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).
§ 37 c.Vilkår for tildeling av kjøresetel m.m.

Den som skal få kjøresetel, må vere fylt 20 år og ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar av slik motorvogn som nemnd i § 37 a.

For utlendingar krevst det 4 års butid i Noreg før kjøresetel kan utferdast. Kravet om butid gjeld likevel ikkje for

a)EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin,
b)utlendingar frå land utanfor EØS som har opphald i eit EØS-land og som kan leggje fram politiattest og bevis på lovleg opphald frå EØS-landet,
c)utlendingar frå land utanfor EØS med tidlegare opphald i Noreg, der fråveret ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll.

For tredjelandsborgarar som ikkje har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, skal butida reknast frå den datoen søknaden om opphaldstillating vert registrert hos utlendingsstyresmaktene. For EØS-borgarar, og tredjelandsborgarar som har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, vert butida rekna frå det tidspunktet som følgjer av politiregisterforskrifta § 28-4 andre ledd.

Politimeisteren eller den han gir myndigheit kan bestemme at det for å få kjøresetel for drosje kan krevjast avlagt prøve som viser tilstrekkeleg kjennskap til løyvedistriktet. Er slikt vedtak sett i verk, gjeld ikkje kjøresetel frå anna politidistrikt utan påteikning frå politiet om at vedkommande har stått til kjentmannsprøven.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra med lov 23 jan 2015 nr. 6.
§ 37 d.Mellombels nekting av kjøresetel

Blir ein som ikkje har kjøresetel med skilleg grunn mistenkt for straffbart forhold, som kan vere avgjerande for retten til å få kjøresetel, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit bestemme at kjøresetel ikkje skal utferdast før saka er endeleg avgjort, likevel ikkje ut over tre månadar utan orskurd frå tingretten.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).
§ 37 e.Beslag av kjøresetel

Finn politiet at innehavar av kjøresetel med skilleg grunn er mistenkt for straffbart forhold som kan medføre tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, jf. § 37 f andre ledd, kan ein polititenestemann ta kjøresetelen frå innehavaren. Spørsmålet om å oppretthalde beslaget skal så snart som mogeleg leggjast fram for ein tenestemann som tilhører påtalemakta. Avgjerda skal gjerast skriftleg. Dersom den mistenkte ikkje samtykker i beslaget, må spørsmålet om fortsett beslag av kjøresetel innan tre veker sendast tingretten til avgjerd.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).
§ 37 f.Tilbakekalling og tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag

Politimeisteren eller den han gir myndigheit, kan treffe vedtak om å kalle retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag tilbake, dersom vedkommande ikkje er edrueleg eller viser seg å vere upåliteleg eller å ha andre eigenskapar som gjer at han må reknast som uskikka til å vere førar av bil under persontransport mot vederlag.

Blir den som har kjøresetel ilagt straff, kan det i same dom eller ved førelegg fastsetjast tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag for ei bestemt tid eller for alltid, dersom allmenne omsyn elles krev det.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).
§ 37 g.Innlevering av kjøresetel

Ved beslag av kjøresetel, tilbakekalling eller tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, pliktar innehavaren straks å levere kjøresetelen til politiet.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).
§ 37 h.Klage og unntak

For vedtak treft av politiet er Politidirektoratet klageinstans. I klagesak om krav til helse og førleik for kjøresetel, skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Helsedirektoratet om helsemessige tilhøve. Gjeld klagen krav til førleik som er avgjort av regionvegkontoret, skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Vegdirektoratet. For vedtak treft av regionvegkontoret er Vegdirektoratet klageinstans.

Politidirektoratet kan i særskilde høve gjere unntak frå reglane i kapittelet her.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra med lov 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010).
§ 37 i.Forkorting på grunn av etterfølgjande forhold m.m.

Tilbakekalling av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag er ikkje til hinder for at politimeisteren eller den han gir myndigheit utferdar ny kjøresetel dersom dei grunnar som medførte tilbakekallinga ikkje lenger er til stades.

Dersom særlige grunnar talar for det, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit forkorte den perioden for tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag som er fastsett ved dom eller førelegg, jf. § 37 f. Dersom særs sterke grunner talar for det, kan perioden forkortast sjølv om minstetida etter lov eller forskrift ikkje er gått ut.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).
§ 37 j.Forskrift om kjøresetel

Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om kjøresetel.

0Føyd til med lov 23 jan 2015 nr. 6.

Kap. 8. Kontroll, sanksjonar mv.

§ 38.Kontrolldokument

Førar av motorvogn eller fartøy i løyvepliktig transport eller løyvefri eigentransport, skal på kvar einskild transport ha med seg dei legitimasjonane som det er fastsett at han skal syne fram når det vert ført kontroll av politiet, Statens Vegvesen eller annan offentleg tenestemann som departementet gjev rett til å føre kontroll etter denne lova.

§ 39.Kontroll av eigentransport

Når kontrollmakta ber om det pliktar førar å gje tilgang til varerom, container, kapell o.l. på motorvogn som er friteken frå løyve i medhald av §§ 16 og 17.

§ 40.Forbod mot å bruke køyretøy mv.
(1) Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova, kan for så lang tid som det vert funne naudsynt, forby bruken av køyretøy som vert nytta til transport av personar eller gods utan påbode løyve eller anna godkjenning etter denne lova. Det kan krevjast at gods som blir transportert utan påbode løyve vert lasta om på staden.
(2) Forbod mot å bruke eit køyretøy kan iverksetjast på staden.
(3) Vert det sett forbod mot å bruke eit køyretøy, kan kjennemerke og vognkort inndragast med det same.
(4) Eit køyretøy som det er forbode å bruke, kan kontrollmakta, når ho meiner det trengst, ta i forvaring. Vert køyretøyet ikkje henta innan 3 månader etter at forbodstida har gått ut, kan det verte seld når eigaren har fått melding om det i rekommandert brev. Reglane i vegtrafikkloven § 37 fjerde ledd, tredje punktum og femte til sjuande ledd gjeld tilsvarande.
§ 40 a.Lovbrotsgebyr
(1) Den som med vilje eller aktløyse bryt § 38, kan påleggjast lovbrotsgebyr. Når slikt lovbrot er gjort av nokon som har handla på vegne av eit føretak, kan lovbrotsgebyr påleggjast føretaket. Dette gjeld sjølv om lovbrotsgebyr ikkje kan bli pålagd nokon einskild person. Med føretak er her meint selskap, enkeltmannsføretak, stifting, foreining eller anna samanslutning, bu eller offentleg verksemd. Lovbrotsgebyr kan påleggjast av tenestemann frå politiet og Statens vegvesen, eller av annan offentleg tenestemann som departementet har gjeve rett til å føre kontroll etter denne lova.
(2) Når ikkje anna er bestemt, er fristen for å betale lovbrotsgebyr fire veker.
(3) Endeleg vedtak om lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.
(4) Departementet kan gje forskrifter om fastsetjing og gjennomføring av pålegg om lovbrotsgebyr. Forskriftene kan innehalde reglar om rente og tilleggsgebyr dersom lovbrotsgebyr ikkje blir betalt ved forfall, og om at også andre enn den som er pålagd sanksjonen, er ansvarleg for at dette blir betalt.
0Føyd til med lov 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010, men slik at lovbrotsgebyr berre kan påleggjast for brot på § 38 som har skjedd etter 1 jan 2010).
§ 40 b.Lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar
(1) Departementet kan påleggje oppdragsgjevar eit lovbrotsgebyr dersom oppdragsgjevaren bryt reglar som skal sikre openheit og ikkje-diskriminering i prosessen med å tildele konsesjonskontraktar for transporttenester etter lova her. Lovbrotsgebyret kan verte pålagt dersom eitt av følgjande vilkår er oppfylt:
a)brotet er konstatert ved rettskraftig dom i ein norsk domstol,
b)brotet er konstatert ved dom i EFTA-domstolen, eller
c)norske styresmakter har innrømt brotet etter at saka er handsama i EFTAs overvakingsorgan. Dersom oppdragsgjevaren ikkje har hatt høve til å uttale seg i saka før innrømminga fann stad, og det er grunn til å rekne med at dette har hatt verknad på innrømminga, kan innrømminga ikkje gje grunnlag for lovbrotsgebyr.
(2) Lovbrotsgebyret skal ikkje overstige 15 % av kontraktsverdien.
(3) Ved utmåling av gebyret skal det særleg leggjast vekt på kontraktsverdien, kor grovt brotet er, om oppdragsgjevaren har gjort gjentekne brot, den preventive verknaden av lovbrotsgebyret, kor langt tilbake i tid brotet har skjedd, og om brotet har ført til skadebot, terminering eller avkorting av kontrakten.
(4) Fristen for å betale lovbrotsgebyret er åtte veker frå vedtaket vart gjort.
(5) Avgjerd om å påleggje lovbrotsgebyr etter denne føresegna skal følgje reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova så langt dei høver. Dersom ei avgjerd om lovbrotsgebyr vert bringa inn for ein domstol, kan domstolen prøve alle sidene av saka. Retten kan gje dom for realitet.
(6) Lovbrotsgebyr kan ikkje påleggjast seinare enn tre år etter at kontrakten vart inngått. Fristen vert avbroten ved at det vert teke ut søksmål ved norsk domstol eller ved EFTA-domstolen for å få dom i saka, eller ved at EFTAs overvakingsorgan tek opp saka skriftleg med norske styresmakter.
(7) I tilfelle der departementet sjølv eller eit anna statleg organ som er underlagt departementet gjer brot som nemnt i første ledd, kan departementet delegere kompetansen til å påleggje lovbrotsgebyret til Klagenemnda for offentlige anskaffelser. Avgjerd frå Klagenemnda for offentlige anskaffelser om å påleggje lovbrotsgebyr kan ikkje påklagast.
(8) Departementet kan gje forskrift om fastsetjing av lovbrotsgebyret, medrekna utmåling av gebyret, renter og tilleggsgebyr og avgrensing av kva tenestekonsesjonskontraktar som fell inn under føresegna her.
0Føyd til med lov 11 des 2015 nr. 102.
§ 41.Straff

Om nokon med vilje eller aktløyse bryt denne lova, forskrifter eller vilkår som er fastsette med heimel i lova, vert han straffa med bot. Forsøk på slike brot er også straffbart.

0Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
§ 42.Iverksetjing. Overgangsføresegner
1.Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelde.1
2.Reglar, forskrifter og vedtak som er gitt i medhald av lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel gjeld òg etter at lova her er sett i kraft.
1Frå 1 jan 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1695.
§ 43.Endringar i andre lover

Frå den tid lova vert iverksett, vert det gjort følgjande endringar i andre lover: - - -