Lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg.

DatoLOV-2005-04-29-21
DepartementArbeids- og sosialdepartementet
Sist endretLOV-2016-06-17-25
PublisertI 2005 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2006
Endrer
Kunngjort29.04.2005
KorttittelLov om supplerande stønad ved kort butid

Kapitteloversikt:

Kapittel 1. Formål - definisjonar

§ 1.Formålet med lova

Formålet med lova er å garantere ei minste samla inntekt for personar med liten eller ingen pensjon frå folketrygda på grunn av kort butid i Noreg.

§ 2.Definisjonar

Med grunnbeløpet meiner ein i lova her grunnbeløpet etter folketrygdlova § 1-4.

Med minste pensjonsnivå meiner ein i lova her minste pensjonsnivå etter folketrygdlova § 19-8 tredje til femte leddet for ein person med ugradert pensjon utan avkorting for trygdetid.

Med ektemake meiner ein i lova her personar som er gifte etter ekteskapslova og som bur saman i eitt hushald, personar som bur saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre, og registrerte partnarar1 som bur saman i eitt hushald.

0Endra med lov 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011).
1Jf. lov 30 apr 1993 nr. 40 (opph.). Jf. el. § 95.

Kapittel 2. Personkrins - opphald i utlandet

§ 3.Kven som kan få stønad

Supplerande stønad vert gitt til personar som har fylt 67 år og som er busette i Noreg. Ein person vert rekna som busett dersom han eller ho er registrert i folkeregisteret og har norsk statsborgarskap, eller med heimel i utlendingsloven har fått permanent opphaldsløyve eller mellombels opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve.

Familiemedlemer i oppstigande linje, onkel eller tante til referansepersonen eller garantisten, som har fått opphaldsløyve i Noreg på grunnlag av familiesameining, har ikkje rett til supplerande stønad. Dette gjeld berre dersom det i det første vedtaket om søkjaren sitt opphaldsløyve vart stilt krav til referansepersonen eller garantisten sitt underhald.

Med referansepersonen meiner ein den personen som søkjaren ønsker å bli sameint med att eller å etablere familieliv med. Med garantisten meiner ein den personen som stiller økonomisk garanti (tredjemannsgaranti) og legg fram skriftleg erklæring om at vedkommande tar på seg å garantere for underhald av søkjaren, og som er ein del av referansepersonen sitt hushald.

Det er eit vilkår for rett til supplerande stønad at stønadstakaren og ein eventuell ektemake over 67 år fullt ut nyttar retten sin til pensjon frå folketrygda eller andre norske eller utanlandske ordningar.

0Endra med lover 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011), 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016), 17 juni 2016 nr. 25.
§ 4.Opphald i utlandet

Retten til supplerande stønad fell bort når ein person oppheld seg eller har tenkt å opphalde seg i utlandet i meir enn 90 dagar i samanheng eller i meir enn 90 dagar i alt i ein stønadsperiode.

Dersom opphaldet i utlandet er meint å vare i meir enn 90 dagar i samanheng, fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då opphaldet i utlandet tok til. I andre tilfelle fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då vedkomande hadde vore i utlandet i 90 dagar eller summen av utanlandsopphalda i ein stønadsperiode utgjer 90 dagar.

I tilfelle som går inn under andre leddet andre punktumet kan ytingar bli gitt for lengre tid enn nemnd dersom stønadstakaren legg fram dokumentasjon på at han eller ho ikkje kunne vende attende til Noreg på grunn av eigen sjukdom.

0Endra med lov 16 des 2005 nr. 118 (ikr. 1 jan 2006).

Kapittel 3. Fastsetjing av ytingar

§ 5.Full supplerande stønad

Full supplerande stønad skal svare til

a)minste pensjonsnivå med høg sats for einslege stønadstakarar og for stønadstakarar med ektemake som ikkje har fylt 67 år
b)minste pensjonsnivå med ordinær sats for kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år og for stønadstakarar som deler bustad med sine vaksne barn eller andre vaksne, utan at forholdet mellom dei vert definert som ekteskapsliknande (bufellesskap).
0Endra med lover 12 des 2008 nr. 83 (ikr. 1 mai 2008), 19 juni 2009 nr. 40 (ikr. 1 mai 2009), 25 juni 2010 nr. 30 (ikr. 1 mai 2010), 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 mai 2011), 19 des 2014 nr. 74 (ikr. 1 jan 2015), 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016).
§ 6.Inntekt som går til frådrag i supplerande stønad

Full supplerande stønad skal setjast ned med inntekt hos stønadstakaren sjølv så vel som hos ektemaken. Dersom begge ektemakane har fylt 67 år, skal inntekt hos den eine ektemaken likevel berre inngå ved prøvinga av ytingane til den andre ektemaken med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 bokstav b.

Som inntekt vert rekna

a)arbeidsinntekt
b)pensjon og andre ytingar frå folketrygda til livsopphald
c)andre norske offentlege eller private pensjonar
d)utanlandske offentlege eller private pensjonar
e)kapitalinntekter.
0Endra med lover 20 juni 2014 nr. 24 (ikr. 1 jan 2015, etter res. 20 juni 2014 nr. 799) som endra med lov 19 des 2014 nr. 74, 17 juni 2016 nr. 25.
§ 7.Utmåling av supplerande stønad

Supplerande stønad vert gitt dersom full supplerande stønad etter § 5 er høgare enn inntektsgrunnlaget etter § 6. Stønaden skal utgjere differansen mellom desse beløpa.

§ 8.Formue

Dersom ein søkjar eller ektemaken har formue over 0,5 ganger grunnbeløpet, skal ein gi avslag på søknaden. Som formue vert ikkje rekna vanleg bustad eller vanlege ting til dagleg bruk.

Departementet kan gi forskrift til utfylling av reglane i paragrafen her.

0Endra med lov 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016).
§ 9.Låge stønadsbeløp

Supplerande stønad vert ikkje gitt dersom ytinga ville utgjere eit mindre beløp enn to prosent av full supplerande stønad etter § 5 bokstav a.

0Endra med lov 19 des 2014 nr. 74 (ikr. 1 jan 2015).
§ 10.Endringar

Fastsett stønad skal setjast opp eller ned dersom det skjer endringar i inntektene eller dei andre tilhøva som er lagt til grunn ved fastsetjinga av stønaden, og dette fører med seg ei endring av stønaden med minst 10 prosent.

Ved endring i minste pensjonsnivå skal supplerande stønad regulerast i tråd med endringa. Frådrag i stønaden etter § 6 på grunn av alderspensjon frå folketrygda, samt ytingar som er direkte knytte til grunnbeløpet eller blir regulerte etter tilsvarande reglar som for alderspensjon frå folketrygda, skal regulerast i tråd med endringa i desse ytingane.

0Endra med lover 22 des 2006 nr. 94 (ikr. 1 jan 2007), 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011).
§ 11.Stønadsperiode og utbetaling

Supplerande stønad vert gitt for ein periode på 12 månader. Stønadstakaren kan søkje om forlenging av ytingane med 12 månader om gongen.

Stønad vert gitt frå og med månaden etter den månaden då vilkåra for ytinga var oppfylte, men ved forlenging av stønadsperioden som nemnd i første leddet tidlegast frå og med månaden etter utløpet av den siste stønadsperioden. Dersom retten til ytingar fell bort av andre grunnar enn at stønadsperioden løper ut, vert ytingar gitt til og med den månaden då retten fall bort.

Dersom ei endring som nemnd i § 10 fører til at stønaden vert sett opp, gjeld dette frå og med den månaden då endringa skjedde. Dersom ytinga vert sett ned, får dette verknad frå og med månaden etter den månaden då endringa skjedde.

Supplerande stønad vert ikkje gitt for lengre tid attende enn tre månader før den månaden då søknaden om ytingar vart sett fram. Renter vert ikkje gitt. Rentetap eller ytingar for tidlegare månader enn tre månader før søknadsmånaden kan heller ikkje krevjast erstatta med heimel i skadeserstatningslova eller i alminnelege erstatningsrettslege reglar.

Dersom det er utbetalt økonomisk stønad etter kapittel 4 i lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen i periodar som det vert etterbetalt supplerande stønad for, skal det gjerast frådrag i etterbetalinga tilsvarande den økonomiske stønaden. Dette gjeld også for økonomisk stønad utbetalt den månaden da supplerende stønad kjem til utbetaling.

Stønaden vert utbetalt i månadsbeløp før utgangen av den einskilde månaden. Månadsbeløpa vert avrunda til den næraste heile krona.

0Endra med lov 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016).
§ 12.Opphald i institusjon mv.

Personar som er innlagde i institusjon der opphaldet heilt eller delvis vert dekt av det offentlege, har ikkje rett til supplerande stønad for tidsrom etter at opphaldet har vara i ein kalendermånad utover den månaden då han eller ho vart innlagt.

Reglane i første leddet gjeld tilsvarande ved opphald i fengsel mv.

0Endra med lov 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016).
§ 13.Tilbakekrevjing

Supplerande stønad som er utbetalt utan at vilkåra for det var oppfylte, skal krevjast attende dersom den som fekk utbetalinga forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg på ein feil. Vedtak om å krevje tilbake slike beløp er tvangsgrunnlag for utlegg.

Beløp som skal krevjast tilbake etter første leddet, kan avreknast i framtidige terminar av supplerande stønad eller andre ytingar til livsopphald som vert administrerte av Arbeids- og velferdsetaten. Avrekninga kan ikkje utgjere meir enn 10 prosent av dei aktuelle terminbeløpa.

Beløp som ikkje vert innkravde etter andre leddet, kan innkrevjast etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.

Når supplerande stønad er utbetalt i utlandet i strid med reglane i § 4, skal for mykje utbetalt stønad avreknast månad for månad i ein ny stønadsperiode utan omsyn til om vilkåra for tilbakekrevjing etter første leddet er oppfylte.

0Endra med lover 16 des 2005 nr. 118 (ikr. 1 jan 2006), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 19 des 2014 nr. 74 (ikr. 1 jan 2015).
§ 14.Finansiering

Utgiftene som Arbeids- og velferdsetaten har til supplerande stønad og til administrasjon av ordninga vert dekte av statskassa. Pengane som trengst til dekning av utgiftene skal overførast til Arbeids- og velferdsdirektoratet på forskot, og seinast på det tidspunktet utbetaling skal skje. Arbeids- og velferdsetaten skal føre særskilt rekneskap over pengane som vert overførte til dekning av supplerande stønad.

0Endra med lov 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).

Kapittel 4. Saksbehandling mv.

§ 15.Tilhøvet til forvaltningslova

Reglane i forvaltningslova gjeld for handsaminga av saker om supplerande stønad, med dei unntaka som går fram av lova her.

§ 16.Avgjerd etter lova

Saker om ytingar etter lova vert avgjorte av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som kan delegere avgjerda til anna organ i Arbeids- og velferdsetaten.

0Endra med lov 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).
§ 17.Søknad

Søknad om supplerande stønad skal setjast fram for det felles lokale kontoret i arbeids- og velferdsforvaltninga på bustaden til søkjaren på skjema fastsett av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Søkjaren skal møte personleg på det felles lokale kontoret. Søkjaren skal få hjelp til utfyllinga av skjemaet så langt dette er naudsynt.

0Endra med lov 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).
§ 18.Plikt til å gi opplysningar

Ein person som søkjer om supplerande stønad, har plikt til å gi dei opplysningane og levere dei dokumenta som Arbeids- og velferdsetaten treng for å vurdere om han eller ho har rett til ytinga. Den som får supplerande stønad, skal gi melding til Arbeids- og velferdsetaten om endringar i alle tilhøva som verkar inn på retten til eller storleiken på ytinga.

Arbeids- og velferdsetaten kan krevje at ein person som får supplerande stønad gir dei opplysningane og leverer dei dokumenta som Arbeids- og velferdsetaten treng for å kontrollere storleiken på stønaden eller om han eller ho framleis har rett til ytinga.

Dersom ein søkjar eller stønadstakar ikkje legg fram dokumentasjon som Arbeids- og velferdsetaten har bedt om, kan ein søknad om ytingar bli avslått, og ytingar som er gitt kan haldast attende. Det same gjeld dersom søkjaren gir uriktige opplysningar som er viktige for retten til eller storleiken på ytinga eller let vere å gi slike opplysningar.

0Endra med lov 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).
§ 19.Henting av opplysningar mv.

Arbeids- og velferdsetaten kan krevje at Skatteetaten gir opplysningar om inntekts- og formuestilhøva for ein person som søkjer om eller har fått supplerande stønad. Dette gjeld òg i høve til tidlegare likningar.

Ved behandlinga av krav om ytingar etter lova, og ved kontroll av ytingar som er gitt, har Arbeids- og velferdsetaten rett til å få nødvendige opplysningar frå sosialtenesta, politiet, andre offentlege organ, arbeidsgivar, bankar, forsikringsselskap og private pensjonsordningar.

Arbeids- og velferdsetaten kan påleggje helseinstitusjonar, fengsel og andre institusjonar å gi rutinemessige meldingar når klientar vert innlagde eller utskrivne.

Dei som vert pålagt å gi opplysningar, har plikt til å gjere dette utan ugrunna opphald og utan hinder av teieplikt. Dei kan ikkje krevje vederlag for å gi opplysningane.

0Endra med lover 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 17 juni 2016 nr. 25. Vert endra med lov 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531).
§ 20.Opplysningar om ektemaken

Ektemaken til ein person som søkjer om eller får supplerande stønad etter lova, har plikt til å gi opplysningar om inntekts- eller formuestilhøva sine etter reglane i § 18. Reglane i § 19 gjeld tilsvarande i høve til henting av slike opplysningar.

§ 21.Kontroll

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan bestemme at saker om supplerande stønad skal få ei ny vurdering med fastsette mellomrom, og kan gi reglar om korleis slik etterprøving skal gjennomførast.

Departementet kan gi forskrift om tiltak med sikte på å kontrollere at vilkåra i § 4 er oppfylte eller om ein stønadstakar har hatt opphald i utlandet i strid med reglane. Forskrifta kan bestemme at ein stønadstakar skal møte personleg på det felles lokale kontoret inntil to gonger i året og vise pass eller anna reisedokument.

0Endra med lover 16 des 2005 nr. 118 (ikr. 1 jan 2006), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 19 des 2014 nr. 74 (ikr. 1 jan 2015).
§ 22.Anke til Trygderetten

Vedtak om supplerande stønad etter lova her kan ankast inn for Trygderetten. Reglane i folketrygdlova § 21-12 gjeld tilsvarande så langt dei høver.

§ 23.Andre reglar om saksbehandling

Reglane i folketrygdlova §§ 21-10, 21-11, 22-1, 22-6 og 22-18 gjeld tilsvarande så langt dei høver.

0Endra med lov 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).

Kapittel 5. Ikraftsetjing

§ 24.Når lova tek til å gjelde

Lova tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen bestemmer.1

1Frå 1 jan 2006, etter res. 16 des 2005 nr. 1561.