Lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)

DatoLOV-2007-06-29-89
DepartementKulturdepartementet
Sist endret
PublisertI 2007 hefte 6
Ikrafttredelse01.08.2007
Endrer
Kunngjort29.06.2007
KorttittelKulturlova

Jf. lov 7 juni 2013 nr. 31.

§ 1.Føremål

Lova har til føremål å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

§ 2.Definisjonar

Med kulturverksemd meiner ein i denne lova å

a.skapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk,
b.verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv,
c.delta i kulturaktivitet,
d.utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse.
§ 3.Statens oppgåver

Staten skal fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd over heile landet gjennom rettslege, økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak.

Staten skal utforma verkemiddel og gjennomføra tiltak for å fremja og verna eit mangfald av kulturuttrykk i samsvar med internasjonale rettar og plikter.

§ 4.Fylkeskommunens og kommunens oppgåver

Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt.

§ 5.Felles oppgåver

Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for

a.at kulturlivet har føreseielege utviklingskår,
b.å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar,
c.at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.
§ 6.Ikraftsetjing

Kongen fastset når lova skal ta til å gjelda.

0Frå 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 905.