Lov om redaksjonell fridom i media

DatoLOV-2008-06-13-41
DepartementKulturdepartementet
Sist endret
PublisertI 2008 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2009
Endrer
Kunngjort13.06.2008   kl. 13.20
KorttittelMediefridomslova

§ 1.Føremål

Føremålet med lova er å sikre redaksjonell fridom i media.

§ 2.Verkeområde

Lova gjeld for

1.dagsaviser og andre periodiske publikasjonar som driv journalistisk produksjon og formidling av nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt,
2.kringkastarar, jf. kringkastingsloven § 1-1 tredje ledd og
3.elektroniske massemedium som har tilsvarande føremål og funksjon som medium nemnde under nr. 1 og 2.

Lova gjeld ikkje medium som har som hovudføremål å drive med reklame eller marknadsføring, eller som hovudsakleg er retta mot medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar eller selskap.

§ 3.Plikt til å ha ein redaktør

Medium som nemnt i § 2 skal ha ein redaktør.

Med redaktør er i denne lova meint den som tek avgjerd om innhaldet i mediet eller om ein del av dette, anten han blir kalla redaktør, utgivar eller noko anna.

§ 4.Redaksjonell fridom

Innanfor ramma av grunnsynet og føremålet til verksemda skal redaktøren leie den redaksjonelle verksemda og ta avgjerder i redaksjonelle spørsmål.

Eigaren av medieføretaket eller den som på eigaren sine vegner leier føretaket, kan ikkje instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål, og kan heller ikkje krevje å få gjere seg kjend med skrift, tekst eller bilete eller høyre eller sjå programmateriale før det blir gjort allment tilgjengeleg.

§ 5.Høve til å fråvike lova

Regelen i § 4 kan ikkje fråvikast gjennom avtale eller anna rettsgrunnlag til ugunst for redaktøren.

§ 6.Ikraftsetjing

Lova trer i kraft frå det tidspunkt Kongen fastset.

0Frå 1 jan 2009, etter res. 13 juni 2008 nr. 603.