Lov om Husbanken.

DatoLOV-2009-05-29-30
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
Sist endretLOV-2016-12-02-86
PublisertI 2009 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2010
EndrerLOV-1946-03-01-3
Kunngjort29.05.2009   kl. 14.35
KorttittelHusbankloven

Sjå tidlegare lov 1 mars 1946 nr. 3 om Den Norske Stats Husbank.

§ 1.Oppgåver

Husbanken skal fremja bustadføremål i samsvar med overordna retningsliner.

Husbanken skal forvalta bustøtte og låne- og tilskotsordningar og medverka til å utvikla og formidla kunnskap om mål, metodar og resultat innanfor sitt saksområde.

Departementet kan gje Husbanken andre oppgåver, medrekna å forvalta ordningar på andre område.

Departementet kan gje forskrifter om verksemda og verkemidla til Husbanken.

0Endra med lov 24 aug 2012 nr. 64 (ikr. 1 jan 2013, etter res. 24 aug 2012 nr. 826).
§ 2.Verkeområde

Lova gjeld på Svalbard. Departementet kan fastsetja særlege reglar ut ifrå tilhøva på staden.

§ 3.Tilknyting til staten

Husbanken er eit statleg forvaltningsorgan underlagt departementet.

§ 4.Leiing og organisering

Husbanken vert leidd av ein administrerande direktør som vert tilsett av Kongen i statsråd.

Husbanken skal ha eit hovudkontor.

Departementet kan fastsetja at Husbanken skal ha regionkontor og kor dei skal liggja.

Departementet kan utnemna eit regionalt råd for kvart regionkontor. Det kan opprettast eit sentralt råd med representantar frå dei regionale råda. Departementet fastset mandat for råda.

0Endra med lov 2 des 2016 nr. 86.
§ 5.Partsevne

Husbanken opptrer som part på vegner av staten i søksmål som er knytte til verksemda.

Departementet kan i enkelte saker overta utøving av partsstillinga.

§ 6.Klage

Departementet kan fastsetja forskrift om særskild klageinstans for enkeltvedtaka til Husbanken.

§ 7.Finansiering

Verksemda og verkemidla til Husbanken vert finansierte ved løyvingar over statsbudsjettet og ved lån frå staten.

§ 8.Utlån

Lån i Husbanken vert forrenta etter føresegner som Stortinget fastset.

Departementet gjev forskrifter om tilbakebetaling av lån, rentesatsar, gebyr, o.l. Departementet kan òg fastsetja føresegner om gebyr i tilknyting til etablering og forvaltning av lån.

Husbanken kan gje utsetjing av betaling av renter og avdrag. Husbanken kan delta i gjeldsforhandlingar.

§ 9.Ettergjeving av krav

Husbanken kan ettergje krav om å betala tilbake lån eller tilskot dersom det ikkje lèt seg gjera å driva inn kravet.

0Endra med lov 24 aug 2012 nr. 64 (ikr. 1 jan 2013, etter res. 24 aug 2012 nr. 826).
§ 10.Ikraftsetjing o.a.

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.1

Frå same tid vert lov 1. mars 1946 nr. 3 om Den Norske Stats Husbank oppheva.

Forskrifter gjevne i medhald av lov 1. mars 1946 nr. 3 om Den Norske Stats Husbank gjeld òg etter at lova her tek til å gjelda.

0Endra med lov 24 aug 2012 nr. 64 (ikr. 1 jan 2013, etter res. 24 aug 2012 nr. 826), endra paragrafnummer frå § 13, samstundes vart tidlegare § 10, § 11 og § 12 oppheva.
1Frå 1 jan 2010, etter res. 29 mai 2009 nr. 594.