Lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (patentstyrelova)

DatoLOV-2012-06-22-58
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
Sist endret
PublisertI 2012 hefte 8
Ikrafttredelse01.04.2013
EndrerLOV-1910-07-02-7
Kunngjort22.06.2012   kl. 15.55
KorttittelPatentstyrelova

§ 1.Oppgåver og formål for Patentstyret

Patentstyret skal behandle saker om industrielle rettar som fastsett i patentloven, foretaksnavneloven, designloven, varemerkeloven og edelmetalloven. Patentstyret kan utføre informasjonstenester og skal elles leggje til rette for innovasjon og verdiskaping ved å vere eit kompetansesenter for industrielle rettar.

§ 2.Patentstyrets organisasjon

Patentstyret er eit forvaltningsorgan administrativt underlagt departementet. Patentstyret er uavhengig ved behandling av saker etter lovene nemnde i § 1 og kan ikkje instruerast når det gjeld generell lovtolking, avgjerder i enkeltsaker eller handtering av søksmål mot avgjerder i slike saker. Kongen eller departementet kan heller ikkje omgjere avgjerdene Patentstyret tek i slike saker.

Patentstyret blir leidd av ein direktør som blir tilsett av Kongen i statsråd.

Kongen kan i forskrift gi nærmare føresegner om organiseringa av og saksbehandlinga i Patentstyret, og om Patentstyret sine informasjonstenester, medrekna betaling for desse tenestene.

§ 3.Klagenemnda for industrielle rettar

Klagenemnda for industrielle rettar (Klagenemnda) er klageorgan for saker som fastsett i patentloven, foretaksnavneloven, designloven, varemerkeloven, edelmetalloven og planteforedlerloven.

Klagenemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan administrativt underlagt departementet. § 2 første ledd andre og tredje punktum gjeld tilsvarande for Klagenemnda ved behandling av klager etter lovene nemnde i første ledd i paragrafen her og ved søksmål mot avgjerder frå nemnda i slike saker.

Klagenemnda skal ha ein leiar, ein nestleiar og så mange medlemmer som nødvendig for å utføre dei oppgåvene som er lagde til nemnda. Leiar og nestleiar i nemnda må oppfylle krava til dommarar. Nemnda skal elles ha medlemmer med den kompetansen som er nødvendig for ei forsvarleg saksbehandling.

Leiaren og nestleiaren blir tilsette av Kongen i statsråd. Dei andre medlemmene i Klagenemnda blir oppnemnde av departementet for ein periode på inntil fem år med høve til å oppnemne dei på nytt. Tilsette i Patentstyret kan ikkje vere medlemmer i Klagenemnda.

§ 4.Saksbehandlinga i Klagenemnda

Avgjerdene i Klagenemnda skal takast av eit utval på tre medlemmer. Leiaren fastset samansetjinga av utvalet for kvar enkelt sak. Leiaren kan bestemme at ei sak skal avgjerast av eit utval på fem medlemmer. Leiaren kan avgjere ei klage aleine når saka ikkje reiser tvilsspørsmål og det er openbert kva avgjerda må gå ut på.

Klagenemnda kan ta omsyn til sakstilhøve som ikkje låg føre då Patentstyret fatta sitt vedtak.

Kongen kan i forskrift gi nærmare føresegner om organiseringa av og saksbehandlinga i Klagenemnda.

§ 5.Forholdet til forvaltningsloven

Forvaltningsloven kapittel VI om klage og omgjøring gjeld ikkje for Patentstyret og Klagenemnda i saker etter lovgivinga om industrielt rettsvern.

§ 6.Habilitet

Domstollova §§ 106 til 108 gjeld tilsvarande for dei tilsette i Patentstyret og dei tilsette og medlemmene i Klagenemnda ved behandling av saker etter lovgivinga om industrielt rettsvern.

Ein tilsett i Patentstyret eller ein tilsett i eller eit medlem av Klagenemnda kan ikkje delta i behandlinga av eit krav om administrativ overprøving når overprøvingssaka gjeld ein industriell rett som vedkomande har vore med på å behandle i tidlegare sak. Dette gjeld likevel ikkje dersom overprøvingssaka berre gjeld spørsmål som ikkje var aktuelle i den tidlegare saka.

§ 7.Munnlege forhandlingar og møte

Patentstyret og Klagenemnda skal på alle trinn i saksbehandlinga av eige tiltak vurdere om det er formålstenleg å halde møte med ein part eller ha munnlege forhandlingar med partane. Dersom ein part som har sakleg grunn for det, krev at det skal haldast møte eller munnlege forhandlingar, skal Patentstyret eller Klagenemnda etterkome kravet i den grad ei forsvarleg utføring av tenesta tillèt det, jf. forvaltningslova § 11 d. I ei sak der det er tvist mellom partar, må alle partar som tvistepunkta som skal drøftast gjeld, kallast inn til munnlege forhandlingar.

§ 8.Sakkunnige

Patentstyret og Klagenemnda kan bruke sakkunnige. Ein som ville ha vore inhabil til å ta avgjerd i saka, kan ikkje brukast som sakkunnig. Ein som har vore sakkunnig under behandlinga av ein søknad i Patentstyret, kan likevel brukast som sakkunnig ved klagebehandling, administrativ patentavgrensing og administrativ overprøving. Sakkunnige kan innkallast til møte eller munnlege forhandlingar i saka. Dei kan også ta del i rådslagingar, men ikkje i stemmegiving.

§ 9.Sakskostnader i saker om administrativ overprøving

I sak om administrativ overprøving kan ein part som fullt ut eller i det vesentlege har fått medhald, tilkjennast nødvendige sakskostnader frå motparten. Det skal mellom anna leggjast vekt på om det var god grunn til å få saka prøvd fordi ho var tvilsam, og om det er rimeleg ut frå typen sak og tilhøva hos motparten å påleggje kostnadsansvar. Ved administrativ overprøving etter designloven og foretaksnavneloven kan det berre tilkjennast sakskostnader i klagesaker.

Krav om dekning av sakskostnader må fremjast før saka blir avgjord. Patentstyret eller Klagenemnda skal avgjere spørsmålet samtidig med realiteten i saka.

Dersom ei klage heilt eller delvis fører fram, kan Klagenemnda òg endre avgjerda i Patentstyret når det gjeld sakskostnader. Avgjerda om sakskostnader i Patentstyret kan påklagast særskilt til Klagenemnda. Slik klage avgjer leiaren i Klagenemnda aleine.

Tilkjende sakskostnader kan drivast inn med tvang etter reglane for dommar.

§ 10.Ikraftsetjings- og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.1 Frå same tid som lova trer i kraft, blir lov 2. juli 1910 nr. 7 om Styret for det industrielle Retsvern oppheva.

§§ 7 og 9 gjeld berre for saker der søknaden, motsegna eller kravet om administrativ overprøving eller administrativ patentavgrensing m.m. blei levert etter at denne lova tok til å gjelde. Kongen kan gi nærmare overgangsreglar.

1Frå 1 apr 2013, etter res. 1 mars 2013 nr. 244.
§ 11.Endringar i andre lover

Frå same tid som lova trer i kraft, blir følgjande endringar gjorde i andre lover: - - -