IKKE I KRAFTIKKE I KRAFTIKKE I KRAFTIKKE I KRAFTIKKE I KRAFTIKKE I KRAFTIKKE I KRAFTIKKE I KRAFT

Lov om krav til kassasystem (kassasystemlova)

DatoLOV-2015-06-19-58
DepartementFinansdepartementet
Sist endret
PublisertI 2015 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2017
Endrer
Kunngjort19.06.2015   kl. 15.20
KorttittelKassasystemlova

§ 1.Virkefelt

Denne lova gjeld leverandørar av kassasystem som nemnt i § 2 bokstav e. Lova fastsett krav til kassasystem mv. som blir tilbode for sal, utleige eller utlån til bokføringspliktig som nemnt i bokføringslova § 2.

§ 2.Definisjonar

I denne lova tyder

a)kontantsal: sal av varer og tenester der kjøparen si betalingsplikt overfor seljar blir gjort opp ved levering, ved bruk av betalingskort eller kontantar som betalingsmiddel. Sal over internett eller ved oppkrav blir ikkje rekna som kontantsal,
b)betalingskort: debetkort, kredittkort og faktureringskort,
c)kontantar: andre betalingsmiddel enn betalingskort,
d)kassasystem: kassaapparat eller anna elektronisk system for registrering av kontantsal og utskrift av salskvittering,
e)leverandør av kassasystem: produsent eller importør som enten sjølv eller gjennom forhandlar sel eller tilbyr kassasystem mv. for sal, utleige eller utlån til bokføringspliktig som nemnt i § 1, og forhandlarar og andre som tilpassar kassasystem for dei bokføringspliktige,
f)ID-nummeret til kassasystemet: ein unik identifikator for kassasystemet.
§ 3.Krav til kassasystem
(1) Eit kassasystem skal vere innretta slik at det enkelt kan vurderast om det er i samsvar med føresegner gitt i medhald av lova. Opplysingar om modell, type og versjon av kassasystemet, med ID-nummeret til kassasystemet, skal vere lett tilgjengeleg.
(2) Det skal finnast ei systemskildring av oppbygginga til kassasystemet og alle funksjonane i systemet. Systemskildringa skal følgje med kassasystemet ved sal, utleige eller utlån.
§ 4.Bistand og plikt til utlevering av programvare mv.
(1) Leverandørar av kassasystem skal gi skattekontoret naudsynt bistand til innsyn i kassasystemet.
(2) Skattekontoret kan krevje å få utlevert programvare, servicenøklar, servicemanual, programmeringsverktøy og programmeringsmanual mv. for kassasystemet frå leverandøren av kassasystemet. Det skal fastsetjast ein frist for oppfylling.
§ 5.Produktfråsegn
(1) Leverandøren av eit kassasystem skal levere ei produktfråsegn til skattekontoret om at kassasystemet oppfyller krava i § 3 og krava i føresegnene gitt i medhald av lova. Produktfråsegna skal leverast før kassasystemet blir tilbode for sal, utleige eller utlån og ho skal oppdaterast ved nye versjonar av kassasystemet.
(2) Ved sal, utleige eller utlån skal produktfråsegna følgje med kassasystemet.
§ 6.Utbetring av manglar mv.
(1) Blir ein leverandør av kassasystem merksam på at eit kassasystem ikkje tilfredsstiller krav etter forskrift gitt i medhald av lova, skal leverandøren utan ugrunna opphald melde frå om dette til skattekontoret og utbetre mangelen eller trekkje kassasystemet frå marknaden.
(2) Dersom skattekontoret avdekkjer eller blir merksam på manglar som nemnt i første ledd, kan leverandøren bli gitt ein frist for å utbetre mangelen eller trekkje kassasystemet frå marknaden.
§ 7.Tvangsmulkt
(1) Skattekontoret kan påleggje ein leverandør som ikkje har retta seg etter pålegg om å utlevere programvare mv. etter § 4 andre ledd innan den fastsette fristen, ei dagleg laupande tvangsmulkt fram til utlevering skjer. Tvangsmulkta utgjer eitt rettsgebyr per dag, jf. rettsgebyrloven § 1 andre ledd.
(2) Skattekontoret kan påleggje ein leverandør som ikkje har retta seg etter pålegg om å utbetre mangelen eller trekkje kassasystemet frå marknaden etter § 6 andre ledd innan den fastsette fristen, ei dagleg laupande tvangsmulkt fram til utbetring skjer. Tvangsmulkta utgjer ti rettsgebyr per dag, jf. rettsgebyrloven § 1 andre ledd.
(3) Samla tvangsmulkt kan ikkje overstige ein million kroner.
(4) Vedtak om tvangsmulkt blir retta mot styret i selskap, samvirkeføretak, foreining, innretning eller organisasjon og blir sendt kvart medlem i rekommandert brev. Tvangsmulkta kan inndrivast så vel hos medlemane av styret som hos selskapet, samvirkeføretaket, foreininga, innretninga eller organisasjonen.
(5) Vedtak om tvangsmulkt kan klagast inn til Skattedirektoratet innan tre veker.
(6) Tvangsmulkta blir overførd til statskassen.
§ 8.Brotsgebyr
(1) Dersom leverandøren av kassasystemet ikkje har levert produktfråsegn etter § 5, eller kassasystemet ikkje oppfyller krava i § 3 eller i forskrift gitt i medhald av denne lova, kan skattekontoret påleggje leverandøren av kassasystemet brotsgebyr.
(2) Brotsgebyr blir ikkje pålagt når leverandøren har følgt føresegna i § 6 første ledd. Dette gjeld likevel ikkje dersom melding om feilen kan reknast som framkalla ved kontrolltiltak som er eller vil bli sett i verk, eller ved opplysningar som skattekontoret har fått frå andre.
(3) Brotsgebyret utgjer 30 rettsgebyr, jf. rettsgebyrloven § 1 andre ledd. Ved ytterlegare feil i same type kassasystem innan tolv månader etter at førre brotsgebyr blei pålagt, utgjer brotsgebyret 60 rettsgebyr.
(4) Vedtak om brotsgebyr kan klagast inn til Skattedirektoratet innan tre veker.
(5) Brotsgebyret blir overførd til statskassen.
§ 9.Forskriftsheimel

Skattedirektoratet kan gi forskrifter som utfyller føresegnene i denne lova, og fastsetje ytterligare krav når det er naudsynt av omsyn til pliktig rekneskapsrapportering eller skatte- og avgiftskontroll.

§ 10.Iverksetjing

Lova tek til å gjelde 1. januar 2017.