Forskrift om grenseregulering, Vossestrand kommune, Hordaland.

DatoFOR-1947-07-25-2
PublisertII 1947 s 547
Ikrafttredelse25.07.1947
Sist endret
Endrer
Gjelder forVossestrand kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1938-06-10-5-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om grenseregulering, Vossestrand

Fastsatt ved kgl.res 25. juli 1947. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Etter landkommunelovens § 1 vert det bestemt at grensa millom soknene Opheim og Vinje i Vossestrand herad i Hordaland fylke vert fastsett slik:

Grensa mellom soknene Opheim og Vinje i Vossestrand tek til i N.G.O. sin varde i det trigonometriske punktet på fjellet Bjørndalskamben, 1402 m o.h. og går i bein linje mot sør til den vesle haugen 1205 , bøygjer her mot sørvest og går i bein linje mot s.s.a. til ein liten haug i fjellsida om lag 1000 m vest for stølen Reppane og går derfrå i bein linje mot s.a. til Reppaelva som den når omlag 600 m nord for den stad der denne renn ut i elva Kvanndøla. Grensa går så etter Reppaelva ned til utrenslet og derfrå i bein linje mot s.v til haugen Nuken i nordhallet av Tverrfjellet. Her bøyer grensa mot aust-søraust og går i bein linje til Akslabladhamaren (ved nordaustre fot av fjellet Oksli) der denne får tilrenn av grova frå Tverrfjellet. Opheimselva er deretter grense sørover til der grova ved Marsteinsstølen kjem ned. Her forlet grensa elva og går i omlag bein linje til stølen Svorto, går i ein boge aust om stølen ned mot elva og so opp til stølsveggen, går omlag 300 m etter denne (på austsida) og går so noko aust for vegen etter austkanten av eit langt og smalt myrdrag ned til høgd 577 på ryggen nord for garden Bidne. Herfrå går grensa ned til Bidnesgrova, går etter denne mellom Bidne-gardane, so etter grensegjerdet ned gjennom dalsøkket aust for Høgåsen og ut i Opheimsvatnet som grensa når omlag 200 m s.v. for huset på Framnes. Grensa går deretter gjennom vestenden av vatnet og etter Strondaelva ned til der Fjellgrova kjem ned og går so etter denne mot sør og sørvest til Flatafjellet og deretter etter høgste fjellrygg over haugen 500 m s.v. for Øyjordstjernet.

Dei namn og tal som står i grenseskildringa, er å finne på originalkartet til gradteigskart C 32 vest, Vossestrand. Nokre av namna og tala står og på dette gradteigskartet.