Forskrift om grensefastsettelse, Aurland og Lærdal kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1955-06-30-8
PublisertII 1955 s 426
Ikrafttredelse30.06.1955
Sist endret
Endrer
Gjelder forAurland og Lærdal kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1938-06-10-5-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensefastsettelse, Aurland m.fl.

Fastsatt ved kronprinsreg.res.av 30. juni 1955. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet.

§ 1.Etter § 1 i lov av 10. juli 1938 om kommunestyre på landet vert fastsatt:

Heradsgrensa mellom Aurland og Lærdal går frå toppen av svarthovd (1365) i austsøraustleg retning til høgdepunkt 1220 nord for Modlaugselvi, derifrå vidare i same retning til Modlaugselvi, fylgjer så denne elva i nordaustleg retning til ho fell saman med Horna. Frå sistnemde punkt fylgjer heradsgrensa den grenselina mellom stølane Skålane og Horndalen søretter Horndalen på vestsida av Horna, som vart fastsett ved utskiftingsforretning den 14. juni 1831, jfr. underrettsdom den 28. juli 1866, stadfesta ved overrettsdom den 10. februar 1868, så langt denne utskiftingslina rekk, og går så om lag i same sørlege retning til høgdepunkt 1286 sør for Andissa. Her bøyer grenselina austover og går til samanfallet av bekken frå Flyvatni og Tissedøla ( «Erdøla» på Aurlandskartet), fylgjer så den sistnemde elva i austleg retning til Tissevatnet. Grensa går så gjennom dette vatnet til austenden av det. Frå sistnemde punkt vart grenselina trekt i søraustleg retning til høgdepunkt 1579 på Norddalsbakkane, derifrå i meir austleg retning til høgdepunkt 1605 på Norddalshøgdi. Her bøyer lina sørausover igjen til høgdepunkt 1597 vest (eller nordvest) for Store Ljosegrunnsvatn, går så - i det ho skjer over den sørvestlege delen av nemde vatn - om lag i same retning til toppen av Vesle Liahovden 1665 ( «1. Liahovden, Grendabunut, 1665» på Aurlandskartet), og går derifrå i litt meir sørleg retning til toppen av Store Liahovden (1763).

Over alt der grenselina ikkje fylgjer vassdrag, går ho rettlina mellom punkta. Gjennom Tissevatnet vert lina trekt i samsvar med reglane i vassdragslova.

§ 2.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.