Forskrift om grenseregulering, Ørskog og Sykkylven kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1955-08-26-3
PublisertI 1955 s 838 II 1955 s 570
Ikrafttredelse26.08.1955
Sist endret
Endrer
Gjelder forØrskog og Sykkylven kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1938-06-10-5-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensereg., Ørskog og Sykkylven

Fastsatt ved kronprinsreg.res. 26.august 1955. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet.

§ 1.Frå 26. august 1955 vert den delen av Ørskog herad som ligg på sørsida av Storfjord (gardsnr. 41-61) ført over frå Ørskog herad i Møre og Romsdal fylke til Sykkylven herad i same fylke, såleis at grensa mellom dei to herada fylgjer midten av Storfjorden fra Skodje grense i vest til Stordal grense i aust.
§ 2.Person som 26. august 1955 har heimstadrett i Ørskog og som den dagen bur eller - om han då er flytta frå kommunen - sist hadde bustaden sin på overføringsområdet, skal ha sin heimstadrett i Sykkylven.
§ 3.Dei som 1. januar 1955 budde på det overførde område, skal ved skattelikninga for 1955-56 svare kommuneskatt til Sykkylven kommune. Utlikninga av kommuneskatt og av statsskatt skal for dette året utførast av likningsnemnda i Sykkylven etter dei forskriftene som gjeld for denne kommune etter reglane i skattelovene.
§ 4.Dei personar som 26. august 1955 i medhald av gjeldande lovgjeving driv kjøpmannshandel på overføringsområdet, skal ha rett til etter overføringa å halda fram med si næring i Sykkylven kommune.

Vedkomande departement kan gjeva nærmare føresegner til gjennomføring av denne avgjerda, og mellom anna kunne gjeva kommunane pålegg om å bera kostnadene i samband med gjennomføringa.

§ 5.Vedkomande departement får fullmakt til å setja i verk dei tiltak som grenseendringa måtte gjera turvande med omsyn til omrekning av lønene til embets- og tenestemenn.
§ 6.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.