Forskrift om grensefastsettelse, Vinje kommune, Telemark og Suldal kommune, Rogaland.

DatoFOR-1959-11-13-3
PublisertII 1959 s 463
Ikrafttredelse13.11.1959
Sist endret
Endrer
Gjelder forVinje kommune, Telemark, Suldal kommune, Rogaland
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensefastsettelse, Vinje m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 13. november 1959. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom Vinje og Suldal kommunar - som óg er grensa mellom Telemark og Rogaland fylker - vert fastsett å ta til i grensa mot Bykle kommune i Aust-Agder fylke midtvatns i Holmevatnet rett utfor Fiskebekken (dette namnet står ikkje på kartet) og går i nordvestleg leid til toppen av Høgeholmen i dette vatnet (1086 m.o.h.), vidare i omlag same, litt meir vestleg leid til Klovsteinane vest for Holmevatnet. Her vinklar grensa og går i nord, litt austleg leid til den trigonometriske varden på toppen av Fitjanuten (1504 m.o.h.), herfrå i nordleg leid til den trigonometriske varden på toppen av Vassdalsegga (1659 m.o.h.), og vidare i nord-nordvestleg leid til toppen av Kistenuten (1647 m.o.h.), der lina sluttar i grensa mot Røldal kommune i Hordaland fylke. Grensa går i rette liner mellom punkta.

Dei namn og høgdetall som er nemt i grenseskildringa, finn ein på Noregs geografiske oppmåling sitt orginalkart C 35 felt 6, frå 1956.

Med denne grensefasttsetjing fell «Innenriksdepartementet» si grensefastsettjing frå 20. februar 1943 bort.