Forskrift om grensefastsettelse, Evanger og Samnanger kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1960-01-08-7
PublisertII 1960 s 7
Ikrafttredelse08.01.1960
Sist endret
EndrerFOR-1950-03-31-2
Gjelder forEvanger og Samnanger kommuner, Hordaland
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskr. om grensefastsettelse, Evanger m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 8. januar 1960. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom kommunane Evanger og Samnanger i Hordaland fylke skal fylgja grensa mellom motstøytande eigedomar i dei to kommunane og vert fastsett til og taka til i grensa mot Kvam i eit punkt utan merke på Storlifjellet omlag 900 m sør-vest for det trigonometriske punktet på toppen av Storliknausen (1194 m.o.h.) og går i nordvestleg retning (337 g) til kross i liten berghamar fram på fjellbruna,vidare i same retning 240 m til kross i stein på vestsida av millitærvegen sør for Storlitjønna og same retning 614 m til kross i Fløytesteinen, herfrå i litt meir nordleg retning (369 g) 1048 m til kross i fjell på Småbrekkebukken (1122 m.o.h.). Vidare går grensa i nordvestleg retning (320 g) omlag 1959 m til kross i vestsida av bergknaus i Gullkrongrøhaugen (1089 m.o.h.), så litt meir nordleg (337 g) 210 m til kross i vestsida av bergknaus, omlag same retning (335 g) 315 m til kross i fjell i en haug vest for osen av Krokatjønna og vidare i litt meir sørleg retning (322 g) 325 m til gamalt merke i fjell på Grådalsrusta. Herfrå går grensa i sørsørvestleg hovudretning (234 g) 324 m til kross i den nordvestre av to bergknoltar, (237 g) 240 m til kross i fjell på høgste fjellryggen (238 g) 157 m til kross i fjell på høgste ryggen, (231 g) 491 m til kross i fjell, (226 g) 179 m til kross i fjell (222 g) 351 m til kross i fjell vest for ei lita tjønn. Herfrå går grensa med litt meir vestleg retning (237 g) 197 m til kross i fjell, (244 g) 190 m til kross i bergknaus, same retning 724 m til kross i skarv aust for ein bekk, same retning 568 m til kross ein liten knaus ved Herfangsosen og vidare i same retning til det punktet i osen der gardane Brekke, Kvittingen og Herfindal i Bruvik støyter saman. Her endar lina i grensa mot Bruvik kommune.

Grensa går i beine liner mellom grensemerka.

Linjeretningane er oppgjevne i grader etter ny deling (400 g) og sant nord.

Avstandane mellom grensemerka er målt horisontalt.

Det er lagt opp røys ved alle grensemerka.

Kgl.res. av 31. mars 1950 nr. 2 om fastsetjing av denne grensa fell med dette bort.