Forskrift om grensefastsettelse, Vang og Vågå kommuner, Oppland.

DatoFOR-1960-04-08-4
PublisertII 1960 s 230
Ikrafttredelse08.04.1960
Sist endret
Endrer
Gjelder forVang og Vågå kommuner, Oppland
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensefastsettelse, Vang og Vågå

Fastsatt ved kgl.res. 8. april 1960. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom Vang og Vågå kommunar i Oppland fylke vert fastsett å gå frå den sørlegaste toppen på Svartdalspiggan (utan høgdetal), der Lom kommune støyter mot, i søraustleg leid til Langedalstind (2192), derifrå i same leid til utfallsoset i det største vatnet i Svartdalen (1459), derifrå i aust litt nord til det trigonometriske punkt på tinden (2208) utan namn på kartet sørvest for Leirungsbreen, så i aust litt sør til det trigonometriske punkt på Kalvåhøgdi (2182), derifrå atter i aust litt nord til Rasletind (2108) og derifrå i nordaustleg leid til høgdepunktet 2021 i Raslet, der Øystre Slidre kommune støyter mot. Grensa går i rette liner mellom punkta.

Dei namn og høgdetal som er nemnt i grenseskildringa, finn ein på gradteigskart E 30′ vest, Gjende.