Forskrift om grensefastsettelse, Luster og Årdal kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1960-05-20-3
PublisertII 1960 s 326
Ikrafttredelse20.05.1960
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster og Årdal kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensefastsettelse, Luster m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 20. mai 1960. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom Luster og Årdal kommunar i Sogn og Fjordane fylke vert fastsett å ta til i det trigonometriske punktet på toppen av Urdanostind (2157 m.o.h.), der Vang kommune i Oppland fylke støyter til. Derifrå går grensa i vestleg retning til det trigonometriske punktet på toppen av Friken (1503 m.o.h.) og vidare i same retning til og over Utlaelva der bekken frå Skoddedalen fell i elva. Vidare går grensa i omlag nordvestleg retning til eit høgdepunkt utan høgdetal på fjellryggen omlag 1/2 km søraust for utfallsosen av tjernet 1268 i Skoddedalen og vidare i omlag same retning til fjelltoppen Mannen (1951 m.o.h.), herifrå i litt meir nordleg retning til toppen Kjerringi (1938 m.o.h.), vidare omlag i same retning til høgd 1958 m.o.h. i Maradalstindane og derifrå i litt meir vestleg retning til det trigonometriske punktet på toppen av Storen (2405 m.o.h.) (store Skagastølstind). Herifrå går grensa i sørvestleg retning til austre topp i Dyrhaugstindane (2074 m.o.h.) og deretter i sørleg retning over høgd 2063 til høgd 2004 aust for Ridingsskard og vidare i vest-sørvestleg retning over høgd 2026 m.o.h. til høgd 2124 m.o.h. i Ridingstindane. Her tek grensa sør-sørvestleg retning og går til det trigonometriske punktet på Austanbottindane (2203 m.o.h.), der ho vinklar og går først i vestleg retning til høgdepunktet 1699 m.o.h. og så i omlag same, litt meir sørleg retning til høgdepunkt 1484 m.o.h. i vesthallet av Austanbottindane, søraust for Berdalsbandet. Herifrå går grensa i nordvestleg retning over Berdalsbandet til eit punkt på vasskilet mellom Fortundalen og Langedalen. Punktet ligg mellom to små tjern som er merka av på kartbladet Skjolden. Herifrå går grensa i sørvestleg retning til toppen av åsen inst i Langedalen og vidare i omlag same retning til eit punkt straks vest for det vesle vatnet i den vestlegaste greina av Langedalen. Vidare held grensa fram i søraustleg retning til eit punkt på åsen mellom Feigumdalen og Stokkesetdalen og så i sør-sørvestleg retning til toppen av Grubefjell og endeleg herfrå i sørvestleg retning til eit punkt straks nord om Krokatjernet, der Hafslo kommune støyter til.

Grensa går overalt i rette liner mellom punkta.

Stadnamn og høgdetal på strekningen frå Urdanostind til Berdalsbandet refererer seg til gradteigskartet D 30 aust, Sygnefjell og på strekningen vidare til Hafslo grense til kartblad D 29/30, Skjolden som er ei forstørring av fylkeskartet.