Forskrift om grensefastsettelse, Aurland kommune, Sogn og Fjordane og Ulvik kommune, Hordaland.

DatoFOR-1961-05-12-2
PublisertII 1961 s 215
Ikrafttredelse12.05.1961
Sist endret
Endrer
Gjelder forAurland kommune, Sogn og Fjordane og Ulvik kommune, Hordaland.
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensefastsettelse, Aurland m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 12. mai 1961. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke og Ulvik kommune i Hordaland fylke på strekningen frå Baksafjell til Tjuadalsbrotet vert fastsett slik:

Frå den trigonometriske varden på Baksafjell (1636 m.o.h.) i austleg retning til den trigonometriske varden på st. Broksfjell (1593 m.o.h.) og herfrå i nordaustleg retning omlag 1400 m etter rettlina mot Kongsholmen i Klevavatnet (938 m.o.h.) til ho treffer den eigedomsgrensa som vart endeleg fastsett ved Gulating lagmannsretts dom frå 8. september 1952 som grense mellom motstøytande bruk i Aurland og Ulvik kommunar. Her vinklar grensa og går i aust-søraustleg retning etter ovan nemnde eigedomsgrense i merka rett line over søre enden av Klevavatnet til grensemerke øvst i vesthallet av Tjuadalsbrotet og vidare i nordaustleg retning til toppen av Tjuadalsbrotet (1352 m.o.h.).