Forskrift om sammenslåing av Inderøy, Røra og Sandvollan kommuner, Nord-Trøndelag.

DatoFOR-1961-05-24-2
PublisertI 1961 s 450 II 1961 s 258
Ikrafttredelse24.05.1961
Sist endret
Endrer
Gjelder forInderøy, Røra og Sandvollan kommuner, Nord-Trøndelag.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl. Inderøy m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 24. mai 1961. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i førebels lov av 21. juni 1956 om ein almenn revisjon av den kommunale inndelinga vert fastsett:

1.Den samanslåinga av Inderøy, Røra og Sandvollan kommunar i Nord-Trøndelag fylke, som vart vedteke ved kgl.res. den 17. februar 1961, vert ført igjennom frå 1. januar 1962.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Inderøy.
3.Kommunestyret i den nye Inderøy kommune i perioden 1. januar 1962 - 31. desember 1963 skal ha 29 medlemmer.

Valting vert halde måndag den 25. september 1961. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving føreåt og klagerett vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er ført gjennom.

Manntalet for den nye kommunen vert ført av lensmannen i Inderøy. Valstyret fungerer som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegginga av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera sett saman av medlemmene i formannskapa i Inderøy, Røra og Sandvollan kommunar og manntalsføraren, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Inderøy.

Valstyret lyser ut valdagen med eit varsel på minst to månader.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova.

4.Fylkesmannen i Nord-Trøndelag kallar det nyvalte kommunestyret inn så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunevallova.
5.Dei nyvalte kommunale organa skal før 1. januar 1962 så langt det er nødvendig for å førebu og føra igjennom samanslåinga, nytta mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Inderøy, Røra og Sandvollan kommunar.
6.Budsetter for den nye Inderøy kommune for 1962 skal vedtakast av det nyvalte kommunestyret, jfr. punkta 3 og 5. For denne budsetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsett i kommunelova.
7.Kommunestyret i den nye Inderøy kommune vert gjeve fullmakt til å avgjera med kva for sum innanom ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i den nye Inderøy kommune frå 1. januar 1962 utan omsyn til føresegna i skattelova om at eigedomsskatt til herada ikkje for noko år kan setjast ned eller høgjast med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Val etter §§ 57 og 75 i domstollova, jfr. §§ 77 og 79, vert føreteke i den nye Inderøy kommune av det nyvalte kommunestyret og av det nyvalte formannskapet og manntalsføraren. Dei personane som vert valt, skal gjera tenest til utgangen av 1963. Dei avgjerder som § 74 i domstollova handlar om, skal treffast av ei nemnd som er sett saman av manntallsføraren og minst fire personar som veljast av og blant formennene.
9.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Inderøy, Røra og Sandvollan kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkommande område i den nye Inderøy kommune til nye allmenne vedtekter for denne kommunen er gjeve.
10.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga dekkjast av den av kommunane som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med med samanslåinga forskotterast av Inderøy kommune.
11.Denne resolusjonen tar til å gjelda straks.