Forskrift om sammenslåing av Hylestad og Valle kommuner, Aust-Agder.

DatoFOR-1961-06-16-10
PublisertI 1961 s 589 II 1961 s 374
Ikrafttredelse16.06.1961
Sist endret
Endrer
Gjelder forHylestad og Valle kommuner, Aust-Agder
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Hylestad m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 16. juni 1961. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Med heimel i førebels lov frå 21. juni 1956 om ein allmenn revisjon av den kommunale inndelinga vert fastsett:

1.Den samanslåinga av Hylestad og Valle kommunar i Aust-Agder fylke, som vart vedteke ved kgl.res. frå 20. januar 1961, vert ført igjennom frå 1. januar 1962.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Valle.
3.Kommunestyret i den nye Valle kommune i perioden 1. januar 1962 - 31. desember 1963 skal ha 21 medlemmer.

Valting vert halde måndag 25. september 1961. Når det gjeld røysterett, kven som er valfør, røystegjeving føreåt og klagerett vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er ført igjennom.

Manntalet for den nye kommunen vert ført av lensmannen i Valle. Valstyret fungerer som manntalesnemnd, jfr. femte leden.

Utlegginga av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera sett saman av medlemmene i formannskapa i Hylestad og Valle kommunar og manntasføraren, jfr. tredje leden. Det vert fyrste gongen kalla saman av ordføraren i Hylestad.

Valstyret lyser ut valdagen med eit varsel på minst to månader. Ellers gjeld føresegnene i kommunevallova.

4.Fylkesmannen i Aust-Agder kallar det nyvalte kommunstyret inn så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunevallova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1962 så langt det er nødvendig for å førebu og føra igjennom samanslåinga, nytta mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organa i Hylestad og Valle kommunar.
6.Budsjettet for den nye Valle kommune for 1962 skal vedtakast av den nyvalte kommunestyret, jfr. punkta 3 og 5. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsett i kommunelova.
7.Kommunestyret i den nye Valle kommune vert gjeve fullmakt til å avgjera med kva for sum innanom ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i den nye Valle kommune frå 1. januar 1962 uten omsyn til føresegna i skattelova om at eigedomsskatt til herada ikkje for noko år kan setjast ned eller høgjast med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Val etter §§ 57 og 75 i domstollova, jfr. §§ 77 og 79 vert føreteke i den nye Valle kommune av det nyvalte kommunestyret og av det nyvalte formannskapet og manntalsføraren. Dei personane som vert valt, skal gjera tenest til utgangen av 1963.
9.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Hylestad og Valle kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område i den nye Valle kommune til allmenne vedtekter for denne kommunen er gjeve.
10.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga, skal dekkjast av den av kommunane som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med samanslåinga skal forskotterast av Hylestad kommune.
11.Denne resolusjon tar til å gjelda straks.