Forskrift om sammenslåing av Bremnes, Moster og Bømlo kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1962-05-18-3
PublisertI 1962 s 382 II 1962 s 199
Ikrafttredelse18.05.1962
Sist endret
Endrer
Gjelder forBømlo, Bremnes og Moster kommuner, Hordaland
HjemmelL21.06.1956 nr. 9 § 3 jf § 1, jf LOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Bømlo m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 18. mai 1962. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Bremnes, Moster og Bømlo kommunar i Hordaland fylke, som vart vedteke ved kgl.res. den 8. desember 1961, vert gjennomførd frå 1. januar 1963.
2.Kommunestyret i den nye kommunen skal i perioden 1. januar 1963-31. desember 1963 ha 39 medlemmer.

Valting vert halde måndag den 17. september 1962. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Finnås. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemmene i Bremnes, Moster og Bømlo kommunar og av manntalsføraren. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Bremnes.

Valstyret lyser ut valdagen med eit varsel på minst 2 månadar.

Ellers gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Det nyvalte kommunestyre og formannskap skal før 1. januar 1963 ha rett til å ta dei avgjerder som er nødvendige for å førebu og gjennomføre samanslåinga.
5.Budsjettet for den nye kommunen for 1963 skal vedtakast av det nyvalte kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
6.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Bremnes, Moster og Bømlo kommunar skal halde fram å gjelde for vedkomande område av den nye kommunen til nye almenne vedtekter og føresegner er gjevne.
7.Val etter §§ 57 og 75 i domstollova, jfr. §§ 77 og 79, for den nye kommunen skal haldast av det nyvalte kommunestyret. Dei som vert valde gjer teneste til 31. desember 1963.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Bremnes kommune.
9.Denne resolusjon tek til å gjelde straks.