Forskrift om sammenslåing av Feda, Kvinesdal og Fjotland kommuner, Vest-Agder.

DatoFOR-1962-05-26-4
PublisertI 1962 s 395 II 1962 s 201
Ikrafttredelse26.05.1962
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvinesdal, Feda og Fjotland kommuner, Vest-Agder
HjemmelLOV-1956-06-21-9-§3, jfr. § 1 jfr. LOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Kvinesdal m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 26. mai 1986. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Den samanslåinga av Feda, Kvinesdal og Fjotland kommunar i Vest-Agder fylke som vart vedteken ved kgl.res. den 2. februar 1962, vert gjennomført frå 1. januar 1963.
2.Kommunestyret i den nye kommunen i perioden 1. januar 1963-31. desember 1963 skal ha 35 medlemmer.

Valting vert halde måndag den 8. oktober 1962. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, røystegjeving føreåt og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomført.

Manntalet for den nye kommunen vert ført av lensmennene i Kvinesdal og Fjotland, kvar for sitt distrikt. Valstyret fungerer som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vere sett saman av medlemmene i formannskapa i Feda, Kvinesdal og Fjotland kommunar og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Kvinesdal.

Valstyret lyser ut valdagen med eit varsel på minst 2 månader.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Vest-Agder kallar det nyvalte kommunestyret inn så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalte kommunale organa skal før 1. januar 1963 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåinga, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Feda, Kvinesdal og Fjotland kommunar.
5.Budsjettet for den nye kommunen for 1963 skal vedtakast av det nyvalte kommunestyret, jfr. punkta 2 og 4. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsett i kommunelova.
6.Kommunestyret i den nye kommunen vert gjeve fullmakt til å avgjere med kva for sum innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigendomsskatt i den nye kommunen frå 1. januar 1963 utan omsyn til føresegna i skattelova om at eigedomsskatt til herada ikkje for noko år kan setjast ned eller høgjast med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
7.Val etter §§ 57 og 75 i domstollova, jfr. §§ 77 og 79, vert føreteke i den nye kommunen av det nyvalde kommunestyret og av det nyvalde formannskapet og manntalsførarane. Dei personane som vert valde, skal gjere tenest til utgangen av 1963. Dei avgjerder som § 74 i domstollova handlar om, vert å ta av ei nemnd som er sett saman av manntalsførarane og minst fire personar valde av og blant formennene.
8.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Feda, Kvinesdal og Fjotland kommunar, skal halde fram å gjelde for vedkomande område i den nye kommunen til nye almenne vedtekter for denne kommunen er gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga vert å dekke av den av kommunane som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med samanslåinga skal forskotterast av Kvinesdal kommune.
10.Denne resolusjon tar til å gjelde straks.