Forskrift om kommunenavn, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1962-06-22-4
PublisertI 1962 s 494 II 1962 s 259
Ikrafttredelse22.06.1962
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-06-21-9-§3, jfr. § 1 jfr. LOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunenavn, Luster

Fastsatt ved kgl.res. 22. juni 1962. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Den samanslåinga av Hafslo, Jostedal og Luster kommunar i Sogn og Fjordane fylke som vart vedteken ved kgl.res. den 10. november 1961, vert gjennomført frå 1. januar 1963.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Luster.
3.Kommunestyret i den nye Luster kommune i perioden 1. januar 1963-31. desember 1963 skal ha 37 medlemmer.

Valting vert halde måndag den 17. september 1962. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, røystegjeving føreåt og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomført.

Manntalet for den nye kommunen vert å føre av lensmennene i Hafslo, Jostedal og Luster, kvar for sitt distrikt. Valstyret fungerer som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vere sett saman av medlemmene i formannskapa i Hafslo, Jostedal og Luster kommunar og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen å kalle saman av ordføraren i Luster.

Valstyret lyser ut valdagen med eit varsel på minst 2 måneder.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kallar det nyvalde kommunestyret inn så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1963 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåinga, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Hafslo, Jostedal og Luster kommunar.
6.Budsjettet for den nye Luster kommune for 1963 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret, jfr. punkta 3 og 5. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsett i kommunelova.
7.Val etter §§ 57 og 75 i domstollova, jfr. §§ 77 og 79, vert føreteke i den nye Luster kommune av det nyvalde kommunestyret og av det nyvalde formannskapet og manntalsførarane. Dei personane som vert valde, skal gjere tenest til utgangen av 1963. Dei avgjerder som § 74 i domstollova handlar om, vert å ta av ei nemnd som er sett saman av manntalsførarane og minst fire personar valde av og blant formennene.
8.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Hafslo, Jostedal og Luster kommunar, skal halde fram å gjelde for vedkomande område i den nye Luster kommune til sams vedtekter er gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga vert å dekke av den av kommunane som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med samanslåinga skal forskotterast av Luster kommune.
10.Denne resolusjon tar til å gjelde straks.