Forskrift om sammenslåing av Eiken og Hægebostad kommuner, Vest-Agder.

DatoFOR-1962-06-29-5
PublisertI 1962 s 531 II 1962 s 277
Ikrafttredelse29.06.1962
Sist endret
Endrer
Gjelder forHægebostad og Eiken kommuner, Vest-Agder
HjemmelLOV-1956-06-21-9-§3, jfr. § 1 jfr. LOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Hægebostad m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 29. juni 1962. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Den samanslåinga av Eiken og Hægebostad kommunar i Vest-Agder fylke som vart vedteken ved kgl.res. den 18. mai 1962 vert gjennomførd frå 1. januar 1963.
2.Kommunestyret i den nye kommunen i perioden 1. januar 1963-31. desember 1963 skal ha 21 medlemmer.

Valting vert halde måndag den 8. oktober 1962. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, røystegjeving føreåt og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen vert å føre av lensmannen i Hægebostad. Valstyret fungerar som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vere sett saman av medlemmene i formannskapa i Eiken og Hægebostad kommunar og manntalsføraren, jfr. tredje leden. Det vert første gongen å kalla saman av ordføraren i Hægebostad.

Valstyret lyser ut valdagen med eit varsel på minst 2 månader.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Vest-Agder kallar det nyvalde kommunestyret inn så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 2. januar 1963 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåinga, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Eiken og Hægebostad kommunar.
6.Val etter §§ 57 og 75 i domstollova, jfr. §§ 77 og 79, vert føreteke i den nye kommunen av det nyvalde kommunestyret og av det nyvalde formannskapet og manntalsføraren. Dei personane som vert valde, skal gjere tenest til utgangen av 1963. Dei avgjerder som § 74 i domstollova handlar om vert å ta av ei nemnd som er sett samen av manntalsføraren og minst 4 personar valde av og blant formennene.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Eiken og Hægebostad kommunar, skal halde fram og gjelde for vedkomande område i den nye kommunen til sams vedtekter er gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga vert å dekke av den av kommunane som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med samanslåinga skal forskotterast av Hægebostad kommune.
9.Denne resolusjon tar til å gjelde straks.