Forskrift om kommunenavn, Lyngdal kommune, Vest-Agder.

DatoFOR-1962-06-29-6
PublisertI 1962 s 529 II 1962 s 277
Ikrafttredelse29.06.1962
Sist endret
Endrer
Gjelder forLyngdal kommune, Vest-Agder
HjemmelLOV-1956-06-21-9-§3, jfr. § 1 jfr. LOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunenavn, Lyngdal

Fastsatt ved kgl.res. 29. juni 1962. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Kvås, Lyngdal og Austad kommunar i Vest-Agder fylke og overføringa av Gitlevågområdet i same fylke til denne eininga, vedtekne ved kgl.res. den 18. mai 1962, vert gjennomførde frå 1. januar 1963.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Lyngdal.
3.Kommunestyret i den nye Lyngdal kommune i perioden 1. januar 1963-31. desember 1963 skal ha 29 medlemmer.

Valting vert halde måndag den 8. oktober 1962. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, røystegjeving føreåt og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om inndelingsendringane alt er gjennomførde.

Manntalet for den nye kommunen vert å føre av lensmennene i Lyngdal og Spangereid, kvar for sitt distrikt. Valstyret fungerar som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommune som valstyret fastset.

Valstyret skal vere sett saman av medlemmene i formannskapa i Kvås, Lyngdal og Austad kommunar og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen å kalle saman av ordføraren i Lyndal.

Valstyret lyser ut valdagen med eit varsel på minst 2 månader.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Vest-Agder kaller det nyvalde kommunestyret inn så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Det nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1963 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre inndelingsendringane, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Kvås, Lyngdal, Austad og Spangereid kommunar.
6.Budsjettet for den nye Lyngdal kommune for 1963 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret, jfr. punkta 3 og 5. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsett i kommunelova.
7.Gitlevågområdet i Spangereid vert frå 1. januar 1963 ført over frå Mandal domssokn til Lyngdal domssokn.
8.Val etter §§ 57 og 75 i domstollova, jfr. §§ 77 og 79, vert føreteke i den nye kommunen av det nyvalde kommunestyret og av det nyvalde formannskapet og manntalsførarane. Dei personane som vert valde, skal gjere teneste til utgangen av 1963. Dei avgjerder som § 74 i domstollova handlar om vert å ta av ei nemnd som er sett saman av manntalsførarane og minst 4 personar valde av og blant formennene.
9.Dei allmene vedtekter og føresegner som gjeld i Kvås, Lyngdal og Austad kommunar og Gitlevågområdet i Spangereid kommune, skal halde fram og gjelde for vedkomande område i den nye Lyngdal kommune til sams vedtekter er gjevne.
10.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringane vert å dekke av den av kommunane som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med samanslåinga skal forskotterast av Lyngdal kommune.
11.Denne resolusjon tar til å gjelde straks.