Forskrift om endring i kommuneinndeling, Lindås, Hordabø, Manger, Sæbø, Austrheim, Herdla, Alversund, Hamre, Hosanger, Modalen, Haus og Buvik kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1962-09-07-4
PublisertI 1962 s 693 II 1962 s 346
Ikrafttredelse07.09.1962
Sist endret
Endrer
Gjelder forHordabø, Manger, Sæbø, Lindås, Austrheim, Herdla, Alversund, Hamre, Hosanger, Modalen, Haus og Buvik kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommuneinndeling, Lindås m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. av 7. september 1962. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 vert fastsett at det skal gjerast fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke:

1.Hordabø, Manger og Sæbø kommunar (med unntak av Titland krins av Sæbø), Sletta krins av Lindås kommune, Straume krins med Fesøy av Austrheim kommune, og Bognøy av Herdla kommune skal skipa ein heradskommune.
2.Alversund kommune, Lindås kommune (med unntak av Sletta krins og gardane Einestrand, Eikebotn og Kikallen), Hamre og Hosanger kommunar sine område nord for Osterfjorden, Titland krins av Sæbø kommune og eigedomane under grn. 70 - Nipo, grn. 71 - Dyrkolbotn og grn. 72 - Eitrdalen av Modalen kommune skal skipa ein heradskommune.
3.Dei områda av Hamre, Hosanger og Haus kommunar som ligg på Ostrøya skal skipa ein heradskommune saman med det området av Bruvik kommune på Ostrøya som ligg sør for Hesjdal krins (eigedomane under grn. 1-11 i Bruvik).
4.Flatøy av Hamre kommune vert lagd til Meldal kommune eller den eininga som Meldal eventuelt vil gå inn i.
5.Eigedomane under grn. 1 - Einestrand, grn. 2 - Eikebotn og grn. 3 - Kikallen av Lindås kommune vert lagde til Masfjorden kommune.
6.Tidspunktet for gjennomføring av desse inndelingsendringane vert fastsett seinare.