Forskrift om sammenslåing av Lærdal, Borgund og kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1962-12-14-3
PublisertI 1962 s 887 II 1962 s 511
Ikrafttredelse14.12.1962
Sist endret
Endrer
Gjelder forLærdal og Borgund kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Lærdal m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 14. desember 1962. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga blir fastsett:

1.Den ved kgl.res. av 10. november 1961 vedtekne samanslåinga av Lærdal og Borgund kommunar i Sogn og Fjordane fylke til ein heradskommune og overføringa av Aspevikstranda i Årdal kommune i same fylke til denne eininga, blir gjennomførd frå 1. janunar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen blir fastsett til Lærdal.
3.Kommunestyret i den nye Lærdal kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 21 medlemmer.

Valting skal haldast i samband med det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, blir det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomført.

Manntalet blir ført av lensmannen i Lærdal og Borgund. Dette gjeld og for det området (Aspevikstranda) som blir overført frå Årdal kommune. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskalpsmedlemene i Lærda og Borgund og manntalsføraren, jfr. tredje leden. Det blir første gongen kalla saman av ordføraren i Lærdal.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kallar det nyvalde kommunestyret saman til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er turvande for å førebu og gjennomføre samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For dennne busdsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner o.l. som no gjeld i Lærdal og Borgund kommunar og i Aspevikstranda i Årdal kommune, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye Lærdal kommune til sams vedtekter og føresegner er gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Lærdal kommune.
9.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.