Forskrift om endring i kommuneinndeling, Gulen, Brekke, Solund kommuner, Sogn og Fjorande.

DatoFOR-1963-01-18-3
PublisertI 1963 s 115 II 1963 s 17
Ikrafttredelse18.01.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forGulen, Brekke, Soliend kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommuneinndeling, Gulen m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 18. januar 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga blir fastsett:

1.Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane fylke som vart vedtekne ved kgl.res. av 22. desember 1961, blir gjennomførde frå 1. januar 1964.
a)Overføring av øya Losna frå Gulen til Solund kommune.
b)Samanslåing av resten av Gulen kommune og Brekke kommune til ein heradskommune.
2.Namnet på den nye kommunen som blir skipa ved samanslåinga av Gulen og Brekke, blir fastsett til Gulen.
3.Kommunestyret i den nye Gulen kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 29 medlemmer.

Valting skal haldast i samband med det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, blir det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye Gulen kommune blir ført av lensmennene i Gulen og Lavik, kvar for sitt distrikt. Manntalet for øya Losna blir ført av lensmannen i Solund. Valstyret gjer tjeneste som manntalnemnd. jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som vastyret fastset.

Valstyret for den nye kommunen skal vera samansett av formannskapsmedlemmene i Gulen og Brekke og manntalførarene, jfr. tredje leden. Det blir første gongen kalla saman av ordføraren i Gulen.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kallar det nyvalde kommunestyret i den nye Gulen kommune samen til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet. jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er turvande for å førebu og gjennomføra inndelingsendringane.
6.Budsjettet for den nye Gulen kommune for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kommunestyra i den nye Gulen kommune og den utvida Solund kommune får fullmakt til å fastsetja med kva for eit beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt frå 1. januar 1964, jfr. § 7 i skattelov for landet med endringar i lov av 16. juni 1961 nr. 3.
8.Dei allmenne vedtekter, føresegner o.l. sm nå gjeld i Gulen og Brekke kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye Gulen kommune til sams vedtekter og føresegner for denne kommunen er gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringane skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med samanslåinga av Gulen og Brekke skal forskotterast av Gulen kommune.
10.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.