Forskrift om endring i kommuneinndeling, Spangereid, Sør-Audnedal og Vigmostad kommuner, Vest-Agder.

DatoFOR-1963-01-25-5
PublisertI 1963 s 151 II 1963 s 32
Ikrafttredelse25.01.1963
Sist endret
EndrerFOR-1962-05-26-3
Gjelder forLindesnes, Spangereid, Sør-Audnedal og Vigmostad kommuner Vest-Agder
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Lindesnes

Fastsett ved kgl.res. 25. januar 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga blir fastsett.

1.Den ved kgl.res. av 26. mai 1962 vedtekne samanslåinga av Spangereid - unnateke Gitlevågområdet - Sør-Audnedal og Vigmostad kommunar i Vest-Agder fylke til ein heradskommune, blir gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen blir fastsett til Lindesnes.
3.Kommunestyret i den nye Lindesnes kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 25 medlemer.

Valting skal haldast i samband med det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, blir det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet blit ført av lensmennene i Sør-Audnedal og Nord-Audnedal, kvar for sitt distrikt. Valstyret gjer teneste som manntalnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera sammansett av formannskapsmedlemene i Spangereid, Sør-Audnedal og Vigmostad og manntalførarane, jfr. tredje leden. Det blir første gongen kalla saman av ordføraren i Sør-Audnedal.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Vest-Agder kallar det nyvalde kommunestyret saman til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta avgjerder som er turvande for å førebu og gjennomføra samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye kommunen skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kommunestyret i den nye kommunen får fullmakt til å fastsetja med kva for beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eiegedomsskatt frå 1. januar 1964, jfr. § 7 i skattelova for landet med endringar i lova av 16. juni 1961 nr. 3.
8.Dei allmenne vedtekter, føresegner o.l. som nå gjeld i Spangereid, Sør-Audnedal og Vigmostad kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye Lindesnes kommune til sams vedtkter og føresegner er gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Sør-Audnedal kommune.
10.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.