Forskrift om sammenslåing av Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-03-15-5
PublisertI 1963 s 299 II 1963 s 112
Ikrafttredelse15.03.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forØrsta, Vartdal og Hjørundfjord kommuner, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Ørsta m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 15. mars 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord kommunar i Møre og Romsdal fylke til ein heradskommune, som vart vedteken i kgl.res. 9. november 1962, vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Ørsta.
3.Kommunestyret i den nye kommunen skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 39 medlemmer. Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehansrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert for dei nåverande Ørsta og Vartdal kommunar ført av lensmannen i Ørsta eller av den som formannskapa i de to kommunane med samtykke frå fylkesmannen gjer vedtak om, og for den noverande Hjørundfjord kommune av lensmannen i Hjørundfjord. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemmene i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord og manntallsførarane. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ørsta.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalgte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er naudsynlege for å førebu og gjennomføra samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal det nyvalte kommunestyre vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastsett.
7.Dei almenne vedtektene og føresegnene som gjeld i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord kommunar skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner kan verta gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga, skal den kommunen som har hatt kostnadene greia ut. Felleskostnader skal Ørsta kommune forskottera.
9.Denne resolusjonen tek til å gjelde straks.