Forskrift om sammeslåing av Volda og Dalsfjord kommuner, Møre og Romsdal

DatoFOR-1963-03-15-6
PublisertI 1963 s 300 II 1963 s 112
Ikrafttredelse15.03.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forVolda og Dalsfjord kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Volda m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 15. mars 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Volda og Dalsfjord kommunar i Møre og Romsdal fylke til ein heradskommune som vart vedteken ved kgl.res. 9. november 1962, vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Volda.
3.Kommunestyret i den nye kommunen skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 35 medlemmer.

Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Volda. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemmene i Volda og Dalsfjord kommunar og manntalsføraren. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Volda.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalgte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er naudsynlege for å førebu og gjennomføra samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal det nyvalgte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Volda og Dalsfjord kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal den kommunen som har hatt kostnadene, greia ut. Felleskostnader skal Volda kommune forskottera.
9.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.