Forskrift om inndelingsendringer for Bjelland, Mandal, Øyslebø, Finsland, Grindheim og Konsmo kommuner, Vest-Agder.

DatoFOR-1963-03-29-3
PublisertI 1963 327 II 1963 131
Ikrafttredelse29.03.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forBjelland, Mandal, Øyslebø, Finsland, Grindheim og Konsmo kommuner, Vest-Agder
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om inndelingsendr., Mandal m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 29. mars 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett fylgjande inndelingsendringar i Vest-Agder fylke:

1.Kommunane Bjelland (unnateke krinsane Ågedal og Midbø), Laudal og Øyslebø (unnateke Brunvatne krins) vert slegne saman til ein heradskommune. Til denne eininga vert lagt fylgjande eigedomar i Finslan kommune: Manflå, gnr. 34 bnr. 1, 2, 3, 4 og 5, Rækevik, gnr. 35 bnr. 5, Foldal, gnr. 36 bnr. 1, Haugedal, gnr. 39 bnr. 1, Solkro, gnr. 40 bnr. 1, Skålenes, gnr. 41 bnr. 1, Kleveland nedre, gnr. 43 bnr. 1, 2, 3 og 4 og Kimestad, gnr. 44 bnr.1.
2.Kommunane Grindheim og Konsmo vert slegne saman til ein heradskommune. Til denne eininga vert lagt krinsane Ågedal og Midtbø i Bjelland kommune.
3.Brunvatne krins i Øyslebø kommune vert førd over til Søgne kommune.

Tidspunktet for inndelingsendringane vert fastsett seinare.