Forskrift om sammenslåing av Voss, Evanger og Vossestrand kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1963-04-19-5
PublisertI 1963 s 417 II 1963 s 173
Ikrafttredelse19.04.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss, Evanger og Vossestrand kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Voss m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 19. april 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga blir fastsett:

1.Den ved kgl.res. av 2. mars 1962 vedtekne samanslåinga av Evanger, unnateke kommunen sine område i Eksingedalen og Bergsdalen, Voss og Vossestrand kommunar i Hordaland fylke til ein heradskommune blir gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen blir fastsett til Voss.
3.Kommunestyret i den nye kommunen skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 43 medlemer.

Valting skal haldast ved det ordinære kommunevalet den 23. september 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, blir det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet blir ført av lensmennene i Voss og Vossestrand kvar for sitt distrikt. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunelova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemer i Evanger som er busett innafor den nye kommunen sitt område, formannskapsmedlemene i Voss og Vossestrand og manntalsførarane , jfr. tredje leden. Det blir første gongen kalla saman av ordføraren i Voss.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar det nyvalde kommunestyret saman til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder osm er turvande for å førebu og gjennomføre samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye felleskommunen skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kommunestyret i den nye kommunen får fullmakt til å fastsetja med kva for eit beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt frå 1. januar 1964, jfr. § 7 i skattelov for landet med endringar i lov av 16. juni 1961 nr. 3.
8.Dei almenne vedtekter, føresegner o.l. som nå gjeld i Evanger, Voss og Vossestrand kommunar skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye felleskommunen til sams vedtekter og føresegner er gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Voss kommune.
10.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.