Forskrift om sammenslåing av Sveio, Valestrand og Vikebygd kommuner, Hordaland og Skjold kommune, Rogaland.

DatoFOR-1963-04-26-6
PublisertI 1963 s 447 II 1963 s 194
Ikrafttredelse26.04.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forSveio, Valestrand og Vikebygd kommuner, Hordaland og Skjold kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Sveio m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 26. april 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Sveio og Valestrand kommunar og vestre delen av Vikebygd kommune, alt i Hordaland fylke, til ein heradskommune og overføringa til denne eininga av Flatnæs-Buvik-området (gnr. 38, bnr. 1 - 20 og gnr. 39, bnr. 1 - 2) frå Skjold kommune i Rogaland fylke, vedtekne ved kgl.res. 22. februar 1963, vert gjennomførde frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Sveio.
3.Kommunestyret i den nye kommunen skal i peioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 25 medlemmer. Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Sveio og for Flatnæs-Buvik-området av lensmannen i Skjold. Valstyret gjer tjeneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på området til den nye kommunen, og manntalsførararne. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Sveio.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er naudsynlege for å førebu og gjennomføra inndelingsendringa.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Kommunestyret i den nye Sveio kommune skal ha fullmakt til å fastsetja med kva for sats innanom ramma i skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i heile den nye kommunen for 1964, utan omsyn til regelen i skattelova om at eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år kan setjast opp eller ned med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Valestrand, Sveio, Vikebygd og Skjold kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye almenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringa skal den kommunen som har hatt kostnaden greia ut. Felleskostnader skal Sveio kommune forskottera.
10.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.