Forskrift om sammenslåing av Ølen og Vikebygd kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1963-04-26-7
PublisertI 1963 s 448 II 1963 s 194
Ikrafttredelse26.04.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forØlen og Vikebygd kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Ølen m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 26. april 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Ølen kommune og austre delen av Vikebygd kommune i Hordaland fylke til ein herredskommune som vart vedteken ved kgl.res. 22. februar 1963, vert gjenomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Ølen.
3.Kommunestyret i den nye kommunen skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 21 medlemmer. Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Fjelberg og av lensmannen i Sveio kvar for sitt distrikt. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd. Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på den nye kommunen sitt område og manntalsførarane. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ølen.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er naudsynlege for å førebu og gjennomføra samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Ølen og Vikebygd kommunar skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal den kommunen som har hatt kostnadene greia ut. Felleskostnader skal Ølen kommune forskottera.
9.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.